Julehelsing 2013

frå Magnhild og Enok

Bjørkevikja i september 2013. Hausten er i rute. Huset vårt er det raude som stikk fram frå skogen i bakgrunnen. Her i Bjørkevikja er du definitivt komen til enden av Hjørundfjorden. På Bjørke har vi no budd i 38 år (sidan august 1975).

 

Rhododendronen i mai-fest.

 

I Aasentunet var vi med på å opne den nye Lydstien.

«Du er ropt på» er det poetiske, svært konkrete, namnet på Lydstien som komponisten Magnar Åm står bak. Frå høgtalarar langs vegen kan ein høyre korstemmer frå Volda Vokal ta opp att "Du er ropt på" på sytten ulike språk. Det kjem ulike stemmer frå kvar høgtalar, slik at publikum går gjennom eit landskap av lyd som veks og endrar seg etter som ein går. ‒ Teksten er av Jan Erik Vold, og korstemmene er eit element frå eit større verk med både kor og musikarar.

Lydstien baud på ein jamn slak motbakke. Etter målgang i det fine sommarveret smakte det med eit forfriskande glas leskedrikk. På bildet: I midten, i kvite bokstavar på svart botn: Astrid Marte Kippersund Smedsvig, ved sida av, i lyst og mørkt blått: Marita Bett Jensen som representerte tunet ved å opne Lydstien med ein engasjert og spennande tale. Til venstre med raud skulderveske: Magnhild Kippersund. Til høgre, i ruta Kanada-skjorte, Enok Kippersund, framleis lyttande. - Foto: Britt Karin

Ada og Britt Karin koplar av med ein roleg padletur. Tidlegare på dag har dei gjort ein stor innsats med husmaling.

 

Ein storm kom frå ingenting og var over på fem minutt. Han rakk likevel å rotvelte to solide bjørker som stod jamsides borte i skogen. Det kvite båtskroget i plast er robåten vår, "Vesle-Hugen". Han var teken på land, for det vart ikkje så mange roturar. Merkeleg og utruleg nok var han urørt av bjørkekjempene.

 

Vi brukar å ha fire Flittig-Liser langsmed kjellarmuren på framsida av huset. I sommar måtte dei flyttast ut i ope lende, for det kom handverkarar med stillas og stigar og skulle skifte tak. Så her vart dei ståande i sommar og nyte livet på solsida. Dei skjemde då ikkje ut!

Huset vårt i Volda, Rotsetgeila 2. Ytterveggene har fått ny effektiv isolasjon og ny kledning. Her står det nymalt og med nye vindauge. Familiehotell og gjestehus.

 

 

Grodås igjen, Det er stadig like stor stas med Kvivstunnelen! Her i resepsjonen på Raftevold hotell. Når vi har hatt besøk, og gjestene skal austover, er det triveleg og avslutte besøket med å følgje dei til Grodås for ein kaffi/brus og kake/is. Foto: Stein.

 

Til dykk som kjem til å lese dette brevet: Vi ønskjer dykk ei glederik julehelg og eit fredsamt nytt år med dette verset av diktaren Ingeborg Refling Hagen:

Et lite barn ble synlig, en mulighet i muld.

Vi hørte engelsangen, og halmen skjen som gull