Da "Hans Leonhardt" eksploderte 1.juni 1944
På Hauge på Kvamsøya står denne pullerten oppsett like attmed vegen. Korleis har dette solide trossefestet frå eit skip hamna langt opp på landjorda? Pullerten har direkte samanheng med det som skjedde 1.juni 1944. Ute på fjorden var det tyske ammunisjonsskipet "Hans Leonhardt" i ferd med å passere på veg nordover da det blei bomba av allierte fly og eksploderte. "Jarn vart splintra og slengd høgt til vers og hagla ned i små og større bitar over Kvamsøya frå fjell til fjøre." Mellom alt vrakgodset som vart kasta i land, var også denne pullerten som sidan vart plassert som eit minnne, og ei påminning, attmed vegen. I "Soga om Sande og Rovde band V" vert det fortalt om det som skjedde:
Frå Soga om Sande og Rovde bd V av Bjarne Rabben: "Første krigsåra var det ikkje så mykje av krigshendingar. Men 1.juni 1944 var ein minneverdig dag såleis. Då vart eit tysk transportskip bomba og søkkt aust for Kvamsøya. Skipet hadde inne eksplosive saker og eksploderte med eit veldig brak, og ein tjukk røykstolpe stod til vers og breidde seg ut i toppen som ein sopp. Jarn vart splintra og slengt høgt til vers og hagla ned i små og større bitar over Kvamsøya frå fjell til fjøre. Fleire hus vart skadde eller øydelagde av lufttrykket. Det var eit under at det ikkje strauk menneskeliv med. Men nokre kvinner vart sjokkskadde, og ein mann vart råka av eit jarnstykke i eine foten og hadde mein av det i årevis. Fleire vart lettare skadde. Det var fleire skip i fylgje, og heile komvoien vart utsletta. Fjorden var eit eldhav, der mengdevis av menneske omkom med jammer og skrik i eld og sjø. Den fæle eksplosjonen, den uhyggelege røyksoppen og drivet av jarn og stål over sjø og land var eit syn og ei hending som aldri gløymdest av dei som opplevde det. I bygdene langt unna såg folk den svarte røyken som lyfte seg tett og tung over fjella. Det var truleg den største eksplosjonen her i landet i heile krigstida."
|