Alden

ei dagbok for og frå Enok Kippersund

Part 1

3.6. - 9.6. 2001

Alden

a diary for and from Enok Kippersund

Når noko går opp for meg, når eg plutseleg forstår, - når eg endeleg skjønar og ser, skal eg då gjere meg forarga på at eg ikkje forstod dette før?

Gjekk langsmed mange hekkar i dag. Ein liten fugl sat fri og frank på stubben av ein kvist. Ein annan liten fugl var inne i hekken, smatt ikring der inne og krasla og prasla. Var han på veg inn eller ut?

Sundag

3.6.2001

Sunday

 

When the moment occurs that I suddenly see, when the light at last switches on and I understand, should I then feel sad and blame myself that I ought to be not that slow?

Wandered along rows of hedges today. A little bird had found its seat on the remnant of a branch. He was a percher. Inside the hedge a congener was rattling and rustling - could it be a piercer?

Etter endt arbeid kan ein typisk replikk vere: "Hadde eg visst da eg begynte, det som eg veit no, så skulle eg ha gjort dette på ein heilt annan måte."

Vil dette seie at arbeidet som er gjort, har vore eit feilgrep?

Fossekallen har stilna av her nede ved sjøen, men eg høyrde han kvitre langsmed Vikeelva, livleg som vanleg, da eg var ein snartur oppom skulen. Elvatitren kallar dei han her i bygda.

Måndag

4.6.2001

Monday

When a work is finished, a typical remark may be: "Had I known at the beginning what I know when having completed the job, I would have done this in quite a different way."

Should this mean that the work being done, is a failure?

The dipper's call is silent down here by the sea, but I heard his ecstatic chirping along the river on my walk to school. I imagine he is also happy to be called the water ouzel.

Eg er 65 år, og om knapt ein månad blir eg pensjonist. "Arbeidet" som eg snakkar om, er livet mitt dei siste 41 åra sidan eg gjekk ut av Volda lærarskule i 1960. Siste tida har eg tenkt mykje på kor annleis eg trur eg ville ha lagt opp skulearbeidet, om eg skulle "gjere det om att".

Det regnar stadig, og skog og marker syg i seg av hjartans lyst. Graset gror så det fossar. For dei som har drivhus, er det omvendt. Regnet dempar lyset, og i drivhuset er det lyset som er "regnet" og som gir vokster.

Tysdag

5.6.2001

Tuesday

I am 65 years old, and in less than a month I will start being a pensioner. The "work" I am talking about, is my life the last 41 years, since I in 1960 left Volda College of Education. These last months I have been thinking a lot about how differently I would have structured my education, if I was "to do it again".

It is still raining and the growth of the farmer's grass is abundant. For the greenhouse owners, it's the opposite: The rain is stealing the light which triggers growth in their plants. Artificial light is not a complete stand in for the sun.

Det blir ikkje heilt rett når eg seier at eg ville ha gjort ting "annleis". Eg har, sikkert som dei fleste lærarar, spelt på mange strenger. Om eg skulle gjere arbeidet mitt om att, ville eg ikkje ha skaffa meg ein ny "streng" for å gjere klasserommet til eit annleis instrument. Men eg ville spelt sterkare på ein spesiell streng, ein streng som har vore der heile tida, og som eg nok alltid har småklunka på, men som eg no ville gjort til ei hovudstemme. Denne strengen heiter: eleven. Eg villa ha late denne strengen klinge friare, meir med sin eigen tone. Det som skulle vere annleis, var å late denne strengen få svinge i eit miljø som gav rom og resonnans for han.

I dag var vi på ekskursjon til Aasen-tunet, og eg vil ikkje seie at neste gong bør vi gjere det på ein annan måte. Eg vil berre ønskje: Lat oss gjere det igjen!

Onsdag

6.6.2001

Wednesday

However, it does not work the right way if I say I would have done things in a different way. I have, like most teachers, played on different strings. If I could do my work from the beginning again, I would not add another string to make the classroom a different instrument. Instead I would play with much more attention and respect to a string, which has been there all the time, and would make this one a stronger voice. The name of this voice is: the student. I would help this string sound much more by itself, to sing its own tune. The "different way" could be to give space and a resounding environment to its chord, or let it be a solo instrument.

Today we had an excursion to The Aasen Cultural Centre, and I will not say, critically: Next time we should do it in a different way. I will just recommend: Let's do it again!

På lærarskulen i Volda hadde eg Per Myklebust i pedagogikk. Han var eit ideal, - engasjert, systematisk og tydeleg. Ein gong sa han: Set at du er læraren, og du skal til å begynne ein ny skuledag. Så er det ein elev som fortel ivrig om noko han har sett på veg til skulen. Skal då læraren greitt nok la eleven få kome til orde, men deretter klemme til med dei planane han har lagt for dagen? Eller skal læraren leggje sine eigne vel førebudde opplegg til sides og gå inn i det som eleven har opplevd som eit hovudtema for dagen?

Gutungen i meg sjølv sette pris på denne spørsmålsstillinga. Eg ser framleis levande for meg korleis eleven i eksemplet til Myklebust sikkert var ein gut som måtte gå etter ein stig gjennom skogen for å kome til skulen. Der han kom ut av skogen, var det ei grind. Det kravdest eit spesielt grep for å opne og late att den grinda. Ikkje alle som greidde det, nemleg, eller gjorde det skikkeleg. Guten kunne det, han!

Slik opna Per Myklebust grinda for meg inn til "elevsentrert pedagogikk".

Fredag

8.6.2001

Friday

At the College of Education in Volda Per Myklebust was my teacher in pedagogy. He was wonderful, - engaged, systematic and clear. Once he said: Imagine you are the teacher about to start another day at school. You have a pupil who is very excited to tell the class about something he observed on his way to school. Should the teacher let the pupil tell the class a little about it, but pretty soon return to the "real agenda" and launch into his own very well designed program for the day? Or should the teacher put aside his own plans and engage with the students in a closer study of the excited pupil's story?

The boy within my own heart appreciated this formulation of the question. I can still imagine that boy very vividly and see his path to school through the forest. Where he left the forest there was a gate which he knew how to open and how to close. Not all people knew how to do that, - he knew it perfectly well!

Thus Per Myklebust opened the gate for me to "child-centered pedagogy".

Andre kom etter og opna andre grindar.

Halvor Floden, som var lærar, skreiv med klårsyn og hjartevarme. Bøkene hans er både barnebøker for barn og barneskildringar for vaksne. Han let meg møte f.eks. "Furuberg-Finn", "Frik med fela" og "Kari Trestakk".

"Jonas" av Jens Bjørneboe er eit anna viktig møte.

Laurdag

9.06.2001

Saturday

And there were other guides to come.

The author Halvor Floden, who was a teacher himself, wrote with warm heart and clear insight about the little ones at the tail of the line. He wrote his books for children, and they have become teaching guides for adults.

"Jonas" by Jens Bjørneboe is another important confrontation.

  toppen/the top  
     

Til innhaldsliste

 

Table of contents

 

   <<<Hugen skule         <<<Hugen start