Alden - ei dagbok, part 4

For og frå Enok Kippersund   enok@kippersund.no

Dagboka blir skriven direkte inn på nettet. Meir om opplegget på Alden - ei dagbok

Part 4 som følgjer nedanfor er førebels berre på norsk.

Sist skrive noko: 2.september  

Fredag

27.juli 2001

 

Arkitekt Svein Hatløy er ein person som i meir enn 30 år har hatt mykje å seie for korleis eg vil tenkje om det å vere lærar og om det å praktisere undervisning. Hin dagen kom eg tilbake til eit manuskript som eg for mange år sidan fekk av Svein. Det var på nytt viktig å lese det han skreiv. Her eit utdrag:

"Me ser kva vår tid kan visa fram, men me må sjå nærare for å fatta kva som ligg bak dei ytre teikna. Biletet av tida er noko me tolkar fram, noko me medvite må skapa. Det kan me oppnå gjennom byggform. Kjennsgjerningane er mange, om det var dei me ville ta fatt i. Likevel, det er meir "forløysing" av vår tid og situasjon, enn å laga bilete av dette. Våre hus, våre nye romfysiske situasjonar skal meir skapa vår situasjon enn å illustrera han." (BAF 75 ÅR 1983) (BAF = Bergen arkitektforeining)

Sundag

29.juli 2001

Det er ikkje ein gong sikkert at det vil nytte for meg å forklare Svein sjølv kva påverknad han har hatt på meg, - og eg vil ikkje krevje av Svein at han skal vere forplikta til å kjennast ved det som eg meiner å ha lært av han!

Førebels kan eg gjere historia kort ved å seie at han nørte nyfikna mi etter å "sjå nærare for å fatta kva som ligg bak dei ytre teikna". Han gav meg reiskapar og instrument til å ordne og klårgjere kva eg fann "bak teikna", og han mante meg til ansvar for "meir å skapa vår situasjon enn å illustrera han".

Eit bilete av Svein og meg, på innsida av nokre av dei ytre teikna, finst på Haushus .

Torsdag

2.august 2001

Då Svein skulle skaffe familien eige hus, vart det til at han kjøpte eit brukt standard rødlandshus på ei bratt og knipen tomt kloss ovanfor bilvegen. Her driv han no på og byggjer og styrer. For kva er det Svein gjer? Jau, han tek ikkje det huset som stod der som ei ferdig og fullført form, som noko definitivt og avslutta. Det som låg føre var meir ein utgangsposisjon, ein start for huset til å kome vidare på. Huset var enda i sin eigen spede barndom da han fann det, ikkje i sin fullvaksne sementerte alder, som det i farten kunne sjå ut til.

Svein let huset sjølv etter kvart vise fram kva muligheiter det har i dei gjevne forholda, i dei romfysiske premissane. Ressursane i lende og klima og historie vert gjort synlege i og med huset som "byggform". Huset står ikkje fram med importerte og tilførte utanpå-kvalitetar, men blir myndig utfrå ressursane som det har i seg sjølv ved at det er plassert der det no ein gong vart plassert.

Huset er ei medviten tolking av kva Svein har funne ved "å sjå   nærare for å fatta kva som ligg bak dei ytre teikna". Huset sjølv, som det rødlandshuset det var til å begynne med, vart sikkert fyrst forbløffa ved å bli vekt av katalog-dvalen, for så gradvis å oppdage at det var ved å få retten sin! Sjølvrespekten har kome med kvart som huset fekk leggje si sjablongform som illustrasjon bak seg og vekse fram til eigen identitet. Huset er på veg heimover til ein ansvarleg skapt situasjon.

Det som eg har lært av Svein, og som har fått konsekvensar for meg som lærar, er dette: Eg vil gjere meg nærare kjent med elevane for å fatte kva som ligg bak dei ytre teikna. Elevane er ikkje sjablong-menneske. Kvar einskild av dei har sin eigen identitet som fort kan dyssast i dvale. Den einskilde av dei må vekkjast med personleg omsorg og få vilkår for å utvikle kunnskap om seg sjølv. Gjennom modning i sjølvrespekt kan dei vekse inn i myndig livsansvar.

Laurdag

18.august 2001

Svein snakkar om "Open form, det store talet sin estetikk". Eg skjønar han slik at innanfor eit mangfald av individ (det store talet) søkjer han mot eit form som både gir uttrykk for det særprega ved dei einskilde individa og den kollektive samanhengen individa høyrer heime i. Dette opplever eg altså også som eit pedagogisk program! Ein skule for barn, ein grunnskule, skulle vere ei "open form" som gir næring til fridom og vokster for den einskilde, samstundes som skulen skal uttrykkje eit kollektiv, d.v.s. ikkje eit tilfeldig anarki men ei form som ikkje er lukka og autoritær, ein struktur som er open og frigjerande, demokratisk og solidarisk.

Eg har i kveld lese om att ein artikkel av Svein: "Professor Oscar Hansen. Om emnet antimakt og open form". Artikkelen er ei kortfatta oppsummering, og eg synest han er representativ og instruktiv. Han er å finne på Internett på:

http://www.bergenarkitektskole.no/symposium3.html

(Eg ser no, 4.jan 2005, at denne lenkjea ikkje verkar. Får berre sjå om eg etter kvart får orden på det.)

Sundag

19.august 2001

Da eg stod opp i dag, høyrde eg ein fugl utanfor huset. "Hakkespett? Her?" tenkte eg, men slo det frå meg, for rett nok høyrer eg ofte hakkespetten oppi skogen i Brattefjøra, men aldri her på Notabreidsla.

Den nye dagen baud på strålande solskin! Attpå alt regnet som har vore, blenkte det i ein vassdam på vegen rett nedanfor huset vårt. Linerlene er flittige til å bade i denne dammen, og andre fuglar tek seg også ein rundvask no og då. Gjennom kjøkenglaset såg eg ein ny badegjest. Eg fekk ein tanke om kven det kunne vere, men studerte han først gjennom kikkerten, før eg vart ganske sikker. Det var ein hakkespett, d.v.s. ein grønspett!

Og han gav seg god tid i badet. Dyppa nebben nedi, flidde fjørene grundig, rista seg så kraftig at bildet av han flimra i kikkerten, henta seg meir vatn og gjekk over heile seg, nøye og skikkeleg. Etter kvart var han ferdig og gjorde nokre steg bortover grusvegen. Underleg å sjå ein hakkespett gå på ein veg! Han gjekk liksom på huk med føtene krøkte opp under seg, omtrent som eit fly med landingshjula halvt oppdregne. Anda og gåsa har sine måtar å gå på og er heller tunge i ganglaget. Linerla og staren og svarttrasten er lettare på foten og har dessutan litt forskjellig balanseteknikk med stjerten.

Grønspetten er god til å vandre på sin måte, som for det meste er oppover og nedover på ein loddrett stamme eller ein stolpe. Det er ein fugl som er spesialist i å klatre. Da brukar han dei "stive, tilspissa stjertefjørene" til å støtte seg på. Når han da skal til å vandre på flat mark f.eks. for å jakte på maur, trongst det vel ikkje å trykkje stjerten mot underlaget. Han gjer det no likevel.

Så var sundagsbadet og joggeturen over. Han letta og flaug bortover mot Notanaustet med kjappe vengeslag mellom trea, - for flyge, det kan han også, grønspetten!

Måndag 20.august 2001 Skulestart! Og eg kan seie: Pensjonist-start! For dette er første dagen i det som er det eigentlege pensjonistlivet: å ikkje vere på skulen når så mange andre er der. Opphaldsveret gjorde mine til å vare ved nokre timar, og eg nytta sjansen til å slå tomta. Den nye plenklipparen som går på elektrisk batteri, er framleis min store favoritt. Så la eg i veg å plukke ville bringebær. Mykje av bæra var noko grå og utvaska, men samtidig kunne det også sjå ut som mykje av makken hadde drukna i alt regnet som har vore. Kom til å stangast med ei brennesle, og ein svarttrast gjorde alarm og stakk av. Lufta var linn og herleg, og eg høyrde fuglestemmer over hovudet på meg. Høgt der oppe patruljerte to hegrer i makeleg og stilfullt svev.

Den eine hegra sa: "Ein pedagog seier ikkje alt han veit."

Den andre: "Koss då?"

"Ein god pedagog stoppar når kruset til mottakaren er høveleg fullt."

"Og så?"

"Ein god pedagog går vidare neste gong han har ordet, og byggjer då eit nytt omfar på det han sa fyrste gongen."

"Ein slags dialog altså?"

"Ja visst!  Det var ein flott måte å seie det på som eg ikkje har tenkt på før. Takk skal du ha!"

Det vart to liter reinska bringebær.

Sundag 2.september 2001

Veka som var gjekk for det meste med til ein tur til barn og barnebarn på Ottestad i Stange og på Oppsal i Oslo. Inntrykka av land og   natur og folkeliv og by og land er overveldande! Det kjennest som Historia går etter meg og vil meg noko. Eg som aldri har vore sterk i historie, får lyst å lære ikkje berre historie, men også sosiologi, biologi, filosofi m.m.m.! Er det alderen?

Skogbruksmuseet på Elverum er imponerande - og gripande. Akvarium og fotomontasjar, miljømodellar og livet i skogen kyndig utstoppa og flott arrangert.

På Oppsal, ikkje så langt frå Treskeveien og Plogveien på Manglerud, dreiv dei haustvinna midt i utkantbyen i eit ope landskap med stor himmel over. Eg kjende eit knip av den gamle soga da eg vandra etter den freda ferdselsvegen over åkersletta på Østensjø gård og ned til det fuglerike vatnet. Eit  etnisk mangfald av småbarnmødre var ute på trilletur, og ender og gjæs vart tilgodesedde med skorper og brødbitar. På veg tilbake til folket mitt oppi terrassen møtte eg gamle Ahasverus, livs levande, med posebukse og skjortefrakk. Han stoppa ørlita da vi møttest på turvegen, og han såg fort på meg. Var han ein bestefarkollega frå Afghanistan?

   
 

til toppen 

   
   

  <<< Om Alden - ei dagbok           <<< Hugen start