Alden - ei dagbok, part 5

Eit brev til meg sjølv til deg

falstadmini1..jpg (17387 bytes)

Falstad. - Foto: E.K.


Dato Tråd Merknader - Tilvisingar
Sundag 7.oktober 2001 Da eg såg talen til president Georg W. Bush, gjorde eg opp med meg sjølv at eg vil ikkje vente lenger med å prøve å formidle noko om Falstadleiren. Bilete Takk for sommaren!

Adresse: www.falstadsenteret.no

Startside Hugen

Onsdag 10.oktober 2001 "Jeg besøkte en gang den jødiske kirkegården i Praha." Roy Jacobsen: Trygve Bratteli. En fortelling.
Torsdag 11.oktober 2001 Eit lydstreif frå radioen fortel at V. S. Naipaul har fått Nobelprisen i litteratur. V. S. Naipaul: En reise blant de troende
Sundag 21.oktober 2001 Falstadseminaret 2001 er lagt til torsdag 25.oktober. Eg har meldt meg som deltakar. Her er utdrag av programmet.  
Sundag 4.november 2001 "Teatersjef Catrine Telle ved Trøndelag Teater nekter å stanse teatrets planlagte oppsetning «Lola» av Hans-Magnus Ystgaard om ondskapens vesen." Adresseavisen, 24.oktober 2001
Tysdag 6.november 2001 Onsdag 24.oktober laga det seg slik at eg fekk sjå "Mutter Courage" på Trøndelag Teater, Studioscenen. www.trondelag-teater.no
Sundag 11.november 2001 Dagen før eg reiste nordover i ærenda mine til Trøndelag, 21.oktober, såg eg snurten av eit innlegg av Kjartan Fløgstad. «Velkomne til den verkelege verda» av Kjartan Fløgstad
Tysdag 13.november 2001 "The memorial is an expression, which is a true picture on feelings and the mental or ideological character of what happened." - (Om minnesmerket i Falstadskogen.)  
Fredag 23.november 2001 I samband med Falstad-seminaret vart eg gjort merksam på filosofen Hannah Arendt. Hannah Arendt: "The Origions of Totalitarianism"
Sundag 2.desember 2001 "Forskningen har tatt livet av myten om Holocaust som en gal manns/noen gale menneskers verk, som ødela det tyske samfunn. Holocaust er en demonstrasjon av fremragende «management by objectives»." Helge Aarflot: Seks teser om kristen teologi etter Auschwitz.
Måndag 10.desember 2001 "Internasjonale PEN er engstelig for ytringsfriheten i verden etter angrepene mot USA 11. september. Leder i Norske PEN, Kjell Olaf Jensen mener det er all grunn til bekymring."  
Onsdag 19.desember 2001 Med Falstad som ståstad og utsiktspunkt har mange ting kome nærare og blitt meir aktuelle.  
Nyttårsafta, 31.desember 2001 Boka om Bratteli hadde stått og venta på meg fleire år, stått på sin faste plass i bokhylla like ved venstrehanda når eg sit og ser fjernsyn.  
     

enok@kippersund.no

Innhaldsliste over partane i dagboka Alden: Innhald


Sundag 7.oktober 2001

Klokka er knapt ni denne sundagskvelden. På føremiddagen i dag fekk eg overført eit fotografi frå i sommar frå Stein, eldste sonen min. Dei har nettopp skifta bustad da eg var innom første gongen etter flyttesjauen. Vi gjorde ei kveldsvandring i det nye nabolaget nede ved Mjøsa på Ottestad. Glad og på nytt takknemleg for dei gode timane vi hadde hatt saman denne kvelden før august var komen heilt til endes, gjorde eg meg ekstra føre med å redigere inn biletet som ein høveleg slutt på part 4 av Alden, ei dagbok.

Så la eg biletet og ei liten tekst inn på internett, på norsk og engelsk, som ei takk og helsing til vener i Noreg og mange andre stader kring i verda.

Folkemusikktimen i dag, som i dag handla mykje om munnharpespel, var straks slutt, utøvaren fortalde om ein gong han begynte å skjelve både på handa og i kjaken - og eg oppfatta at hallomannen varsla ei utvida dagsnyttsending. Straks etter fortalde dagsnytt og dagsrevy at vestleg allierte for vel ein time sidan hadde gått til militært angrep på Afghanistan.

Da eg såg talen til president Georg W. Bush, gjorde eg opp med meg sjølv at eg vil ikkje vente lenger med å prøve å fomidle noko om Falstadleiren.

Eg skriv dette på ein trassig impuls, for emnet er meir enn overveldande, og eg skjønar knapt korleis eg skal greie å handtere det på ein måte som kan bringe noko nytt og vere til noko gagn.

Kvifor veit eg ikkje heilt, på langt nær, men historia og krigstida har siste åra begynt å gå etter meg, - på ein meir og meir nærgåande måte. Heime på Espeland var det fangeleir under krigen, Mollalia, men kva forstod vel vi ungane om dei grå brakkene som stod der langt frå folk med piggtrådgjerde ikring. Det var mykje anna også som ikkje var triveleg.

Siste åra har media snerta meg med reportasjar og stoff om Falstadleiren i Trøndelag. Eg har høyrt intervju og fått bitar av informasjon.

Falstad.

Under turen til Trøndelag i sommar var eg der tre gonger.

Falstad.

Knipet i magen, kvalmen. Tiltaket med å fare dit. Mørkecella under trappa. Det som skjedde den gongen. Det uklåre flimmeret av kva eg kanskje visste og det som eg heilt sikkert ikkje visste. Det som er no, og det som var den gongen. Minnetavlene. Avrettingane i skogen.

Da eg for eit par dagar sidan fekk høyre om lærarstudentane i Oslo som hadde laga utstillinga Makt - Avmakt, vart tankane styrte mot Falstad.

^toppen


Onsdag, 10.oktober 2001

«Jeg besøkte en gang den jødiske kirkegården i Praha. Stedet ligner en moderne skulptur, et grotesk, nesten picassosk bilde av jødenes historie, slik den er nedtegnet både som ugjendrivelig bevismateriale, og som mer svevende myter. Kirkegården fremstår delvis som kunstverk, delvis som et resultat av tilfeldighetenes rå spill, idet tidens tann har gitt det hele et utilsiktet preg av sannhet.

I et tårn ved siden av kirkegården er det samlet en del dokumentasjon fra et spesielt tragisk kapittel i jødenes historie: utryddelsesleirene under den annen verdenskrig. Veggene er dekket av barnetegninger fra Theresienstadt (Terezin) i det nåværende Tsjekkia, en fangeleir der tusener av kvinner og barn ble myrdet under den annen verdenskrig. Tegningene inneholder dyr, mennesker, blomsterenger og mor og far og alt det barn gjerne tegner. I dette rommet klarte jeg å oppholde meg omtrent et halvt minutt.

Jeg har selvfølgelig lurt på hva det var ved disse bildene som historiebøkene, filmene og de verbale beretningene aldri har maktet å si meg; det dreide seg nemlig ikke bare om kontrasten mellom barnlig uskyld og de groteske henrettelsene tilskueren - jeg - vet at barna kort etter ble utsatt for. Nei, det skyldes at disse tegningene var malt på akkurat samme måte som barn maler i dag. Med den samme fargebruken og den samme naive formbeherskelsen. I motsetning til andre kunstneriske uttrykk, selv ren folklore, gjennomgår ikke barnefiksjon stilendringer. Barn på terskelen til gasskammeret i Theresienstadt for et halvt århundre siden maler bilder som er kliss like de mine egne unger presterer i dag.»

Frå «Forord» i «Trygve Bratteli. En fortelling.» av Roy Jacobsen. (Cappelen, 1995)

^toppen


                        Torsdag 11.oktober 2001 

Eit lydstreif frå radioen fortel at V. S. Naipaul har fått Nobelprisen i litteratur. For nokre år sidan var eg bokklubb-korrekt og las "En reise blant de troende". For meg var det ei langdryg og litt rølpete reiseskildring som ikkje la fingrane verken imellom forfattaren og stoffet eller imellom stoffet og lesaren. Naipaul fortalde om eit Islam som ikkje berre var fromme greier med god kjøkkenhygiene.

Så vekkjer lydstreifet meg, og eg noterer med tusjpennen i venstre handloven: "den bortgjemte historiens nærvær". På sundag skreiv eg her i Alden at "historia og krigstida har siste åra begynt å gå etter meg". Eit nærvær som går etter meg? Etter at eg var på Falstad i sommar har dette nærværet kome nærare og nærare?

Lydstreifet flyttar seiemåten eit steg fram, og eg forstår at historia er heile tida ikring oss, ikring oss til alle sider. Det kjennest ein augneblink som å stå inne i ein borggard innanfor "murane av historie" som ei ubroten ramme. Historia står der like ved og kallar på synet same kva kant ein snur seg til. Ho vil ikkje vere "bortgøymd".

I dag på den 11.oktober er det ein månad sidan terroråtaket 11.september på WTC på Manhattan. Synet av dei to skyskraparane i brann før dei raste saman, har for meg vore ei hending på ein viss avstand. Uverkeleg, og overtydeleg. Amerikanarane har kanskje syntest vi europearane var seine med å late katastrofen gå inn på oss? Har dei syntest at vi har trekt oss unna "historiens nærvær"?

Det har falle seg slik at eg har skrive to korte dikt på haiku-form om denne hendinga. Begge dikta har eg lagt ut på Internett på nokre internasjonale postlister der det er eit stort fleirtal av amerikanarar. Det andre diktet skreiv eg i dag, og det var slik:

the th of

the bat wings of stealth
recycling the laden bin
powdered by winter

Ein tilsvar frå listemedlem Marie "over there" fekk meg til å skrive ein kommentar som arta seg slik:

Marie wrote:

wonderful!

> the bat wings of stealth
> recycling the laden bin
> powdered by winter
>
> e.

Thank you, Marie! Hugging you very warmly for this reply! I do not want
an eardeafening applause for my poems, but the eardeafening silence is
even worse.

I know the Americans have been angry and found that we, the Europeans,
did not react that quickly and that sharply on the twin tower disaster
they thought we ought to do. My heart had to take its time before the
pain and the whole impact of the terror got through my skin and started
to gather my scattered words.

And then, my way of telling about it, - could be it was provoking and
offensive.

My first poem, caught by a dream, - did I happen to mail it to
Leirbaalet? Here its is:

> slowly the towers
> became torn into columns
> of faces faces
>
> e.

Enok

^toppen


Om ein radiodokumentar: Kirkegårdskrigen

For 50 år siden, sommeren 1951, organiserte det norske forsvaret et hemmelig felttog mot ti tusen russiske soldater, som hadde ligget begravet i norsk jord i seks år. Radiodokumentar av Magne Lindholm.


Sundag 21.oktober 2001

Falstadseminaret 2001 er lagt til torsdag 25.oktober. Eg har meldt meg som deltakar. Her er utdrag av programmet:

Om slavearbeid og menneskehandel i krig og fred.

Tvangs- og slavearbeid fikk sitt mest ytterliggående uttrykk under nazi-regimet i Tyskland og i de tyskokkuperte områdene under andre verdenskrig hvor millioner av mennesker ble utnyttet i industrien og til militære formål. Spørsmål om erstatning for overlevende og pårørende er fortsatt et diskusjonstema. Slavearbeid er i dag ikke avskaffet, men har tatt nye former, ILO-rapporten (International Labour Organization) som omtaler tvangsarbeid i vid betydning viser en skremmende utvikling i brudd på grunnleggende menneskerettigheter. Handel med kvinner og barn i sexindustrien er sterkt økende over hele verden.

  Falstadseminaret 2001

   Menneskeverd i et nytt århundre

Om slavearbeid og menneskehandel i krig og fred

Falstadsenteret torsdag 25.oktober 2001

Innledere

Gro Hillestad Thune Rådgiver ved Institutt for Menneskerettigheter. Har lang erfaring som medlem av den europeiske menneskerettighetskommisjonen i Strasbourg.

Øystein Søvik Leder, Nasjonalhjelpens Fond for Krigens Ofre. Arbeider for tiden med erstatning til nordmenn utsatt for tvangs- og slavearbeid under nazi-regimet.

Kai Eide Ambassadør i Wien. Har lang erfaring fra internasjonalt arbeid i konfliktområder både på Balkan og i Midt-Østen. Var leder av OSSE-delegasjonen i Kosovo i 1999.

Karin Beate Theodorsen Nestleder ved LOs internasjonale avdeling. Hun har arbeidet med ILOs (International Labour Organisation) rapport om tvangsarbeid som kom i 2001 med særlig vekt på kvinner i menneskehandel.

Petter Eide Generalsekretær i Amnesty International Norge. Amnesty dokumenterer brudd på menneskerettigheter overfor enkeltmennesker over hele verden.

Turid Heiberg Forfatter og representant for Redd Barna. Spesialist på minoritets- og flerkulturelle spørsmål og seksuelle overgrep og utnytting av barn.

Arne Olav Hagtvedt Oberst og sjef for Jegerkorpset ved Akershus regiment på Sessvollmoen. Har arbeidet som offiser i Sør-Libanon og som sjef for den norske bataljonen, SFOR, i Bosnia.

Program

Seminarleder: Gro Hillestad Thune, Institutt for Menneskerettigheter

09.30 – 10.00 Åpning ved styreleder i Stiftelsen Falstadsenteret Per Wøien.

Kunstnerisk innslag.

10.00 Registrering og kaffe.

10.15 - 11.00 Øystein Søvik: Tysk erstatningsordning til slave- og   tvangsarbeidere under Naziregimet

Spørsmål

11.00 – 12.00 Kai Eide: Menneskehandel i konfliktområder. Om holdninger og reaksjoner fra det internasjonale samfunn.

Spørsmål

12.00 – 13.00 Lunsj. Falstad museum åpent

13.00 – 15.30 Innlegg og åpen diskusjon:

Karin Beate Theodorsen: Kvinner og menneskehandel.

Petter Eide: Menneskerettighetsvern i en storkonflikt.

Turid Heiberg: Redd Barnas kamp mot seksuelle overgrep og   utnytting av barn.

Arne Olav Hagtvedt: Fredsbevarende operasjoner og   menneskehandel.

15.30-16.00 Oppsummering og avslutning.

^toppen


Sundag 4.november 2001

Da eg begynte på bolk 5, hadde eg tenkt å kome klårare til rettes med kunnskap og kjensler som knyter seg til Falstadleiren. Men det var president Bush, da han annonserte åtaket på Afghanistan, som fekk meg til å starte skrivinga. Ganske snart blanda Roy Jacobsen seg inn, med Bratteli-biografien. Etterverknaden av 11 .september har leita veg for seg, og utløyst haiku-dikt på engelsk. Seinare var Kjartan Fløgstad på pletten, og eg kom til å sjå «Mutter Courage» på Trøndelag Teater. Men dei får vente i klipp-køen, for utpå ettermiddagen tysdag 23.oktober, da eg var på veg mot Falstad-seminaret og nett var i ferd med å krysse grensa mellom Sør- og Nord-Trøndelag, slo ein lokal debatt inn på bilradioen. Det var Bjørn Nilsen, tidlegare NRK-journalist og AKP-ar, som var i ordskifte med FrP-politikaren Per Sandberg. Dagen etter, 24.10.2001, skreiv Adresseavisen i andreleiaren:

Ondskap og kultursyn

Teatersjef Catrine Telle ved Trøndelag Teater nekter å stanse teatrets planlagte oppsetning «Lola» av Hans-Magnus Ystgaard om ondskapens vesen. Frp-kuturpolitiker på Stortinget, Per Sandberg, vil ha stykket fjernet fordi det handler om den trønderske nazisten og torturisten Henry Oliver Rinnan. Sandberg viser til Rinnans familie og den belastning familiemedlemmene vil bli utsatt for ved at historien skal fortelles fra teaterscenen. Stykket bør spilles med et gladere budskap, sier Sandberg til NRK, og kaller det en ulykksalig innstilling at folk innen kunst- og kulturlivet mener de kan tillate seg alt, bare de kaller det kunst eller kultur.

Det verste med Per Sandbergs utspill er ikke den naive holdningen til kunsten som bærer av de glade budskap, og til kulturarbeidere som en slags bøller, bare ute etter å sjenere folk under dekke av at det er kunst. Det farligste er hans holdning til historien. Ondskapen opphørte ikke å eksistere ved slutten av 2.verdenskrig, ved Adolf Hitlers og nasjonale nazisters død. Også i dag er det all grunn til å konfrontere seg med ondskapen som en mulighet i mennesket og utforske dens betingelser, samfunnsmessig og på det individuelle plan. Det er nok å si «11.september» eller «Balkan» for å minne om dette. Også Falstad-seminaret i morgen er, ved å sette fokus på slavearbeid i vår tid, en sterk påminner om at ondskapen ikke døde med nazismen. Vi må sette ord på den igjen og igjen, og den må bekjempes kontinuerlig.

Henry Rinnans familie har fått lese Ystgaards manuskript. For dem som for oss alle burde teatrets oppsetning av «Lola» være en god anledning til å bearbeide en sorg vi er felles om, til å bekjempe en felles fare mot menneskeverdet og til å hjelpe oss til aldri å glemme.

^toppen


 

Tysdag 6.november 2000

Onsdag 24.oktober laga det seg slik at eg fekk sjå "Mutter Courage" på Trøndelag Teater, Studioscenen. Eg set hit kva teatersjef Catrine Telle har skrive i programmet:

Trøndelag Teater er skueplass for så mye. Vi prøver å underholde dere og more dere. Vi prøver å skape kunst, selv om det bare lykkes innimellom. Vi prøver kanskje også å si noe, både litterært og visuelt, om det alle andre ikke sier noe om. Det usagte og noen ganger det ubehagelige. Med en trist norsk valgkamp friskt i minne (bensinpriser og skattelette) blir vel dette kunstens viktigste oppgave.

Nå har vi altså bestemt oss for å ta tak i krigen. Den finnes mange steder på jorden. Det er fremdeles en mye brukt og grusom måte menneskene løser konflikter på.

Menneskemengder med kjerrer og alt de eier driver sakte og motløse på støvete veier i motsatt retning av tanks og soldater. Fjernt fra Norge. Så plutselig en tirsdag i september er det helt nær. Her jeg sitter og skriver vet ingen hvordan denne krigen som startet med angrepene på World Trade Center og Pentagon kommer til å utarte. Barna tegner skrekktegninger og vi spiller Mutter Courage. Historien om en kvinne som prøver å overleve krigen utan å miste. Og det er veldig mye lettere å identifisere seg med henne akkurat nå. For oss alle.

Tre unge mennesker har valgt dette stykket. Mutter Courage er Tyra Tønnessens avsluttende diplomoppgave i regi på Statens Teaterhøgskole. Sammen med scenograf Bård Thorbjørnsen og lysdesigner Ingrid Tønder har hun gått på oppgaven med krum hals og rystet teatret for å få dette til. Vi har innimellom nesten forstrukket oss for å gjennomføre alle deres intensjoner. Vi får bare ønske dem lykke til videre med å filleriste norsk teater.

Og til dere i publikum: God reise gjennom tredveårskrigen.

 

Catrine Telle

Teatersjef

^toppen


Sundag 11.november 2001

Dagen før eg reiste nordover i ærenda mine til Trøndelag, 21.oktober, såg eg snurten av eit innlegg av Kjartan Fløgstad. Dagen etter, som var ein tysdag, var det ei jente på STATOIL-stasjonen på Bismo som greidde å skaffe meg "Dagbladet for i går". (På fakturaen frå Statoil Detaljhandel er det spesifisert slik: 23.10.01 10:18 BISMO  LESESTOFF U/MVA 9,00.) I dag, på den 11.november, to månader etter at tvillingtårna på Manhattan vart lagde i røys, kan det beinast høve å gjere ei avskrift av teksten:

«Velkomne til den verkelege verda» av Kjartan Fløgstad

Gjennom dei vidunderlege amerikanske populærkulturane er vi alle oppvaksne på Manhattan. Vi tenner lys for dei døde nyyorkarane. Vi sørger med dei etterlatne.

Dei er oss, og vi er dei, om vi vil det eller ei.

Men vi kan ikkje, som Arundhati Roy seier, la amerikanarane stela sorga til heile verda, for berre å dyrka og hemna si eiga sorg, gjennom bomberegn over skuldige og uskuldige og gjennom eit massemedialt bombardement vi ennå berre ser starten på

Etter den 11.september 2001 veit alle at menneskelivet er kort, eksistensen skrøpeleg og sjaber. Særleg for fattigfolk og folk i den tredje verda er dette inga ny erkjenning. Gode kunstnarar har også alltid visst dette. Det nye er at etter 11. september veit vi at dette også gjeld for dei rike og mektige, sjølv midt i hjarta av Imperiet.

Velkomne til Historia. Velkomne til den verkelege verda.

Alle er vi utsette og sårbare. Det er eit godt utgangspunkt å møtast på. Kanskje det einaste, når vi kjem frå kvar våre moralske univers.

Både før og etter 11. september står dei vestlege demokratia i spissen for ei antidemokratisk verdsordning. Etter andre verdskrigen har USA bomba 23 nasjonar og gjer det igjen.

Både før og etter 11. september må USA importera 60 prosent av oljeforbruket sitt. Både før og etter ligg 65 prosent av dei globale oljeressursane i Persiabukta. Både før og etter brukar seks prosent av folket i verda 60 prosent av alt fossilt brennstoff (tala er tatt etter minnet).

Så lenge rikdommen er fordelt på denne måten, vil USA og NATO halda fram med å belønna brotsverka til sine venner, og straffa brotsverka til fiendane sine. Like lenge vil USA visa suveren forakt for resten av verda gjennom vilkårleg valdsbruk, gjennom å nekta å slutta seg til forbodet mot biologiske våpen frå 1972, gjennom ikkje å underskriva Kyoto-avtalen, gjennom ikkje å anerkjenna internasjonale rettsinstansar der Kissinger og andre av «Manhattans Milosevics» kan dømmast og eventuelt straffast side om side med bin Laden.

USA armerte sølv fundamentalistbomba som nå har detonert mellom hendene deira.

Etter 11. september ser det ut til at også dei andre demokratia tar i bruk meir despotiske maktmidlar for å trygga den antidemokratiske verdsordninga rikdommen vår kviler på. Berre i liten grad ser dette ut til å plaga våre lokale statthaldarar. Tapet av demokratisk innhald i politikken har opna for ytterleggåande individualisme. Dett er den andre sida av marknadsliberalismen.

Når innbyggjarane ikkje lenger veljer med stemmesetelen, men ved kassaapparatet, er feltet opna for ekstrem valdsbruk, der ikkje eingong livet har anna en marknadsverdi. Men som det profetisk heiter hos Sergio Leone, og som mange i dag får erfara: Sjølv der livet er utan verdi, har døden sin pris

(Teksten til Fløgstad vart publisert under vignetten «I SKYGGEN av terroren», som Dagbladet presenterer slik: Etter angrepene på New York og Washington er terror og terrorfrykt blitt en del av dagliglivet. Hvordan vil den nye virkeligheten slå ut i de kunstneriske uttrykkene? Kunstnere svarer i Dagbladet. I dag: Kjartan Fløgstad. I morgen: Billedkunstneren Hakon Bleken.)(Dagbladet 22.oktober 2001)

^toppen


Tysdag 13.november 2001

Today I forwarded the mail below to the newslist Leirbaalet and quite a lot of other contacts on the Net:

Dear Marie!

I feel I am behaving "teacherlike" when commenting your nice reply.

The memorial is an expression, which is a true picture on feelings and
the mental or ideological character of what happened.

http://www.hugen.no/fedraheimen/falstsemi08.htm

However, it is not a documentary.

When an execution was prepared, the diggers' team was sent into the
forest to open a new grave. When the men sentenced to death should meet their fate, their hands were tied behind their backs and their eyes
covered. One by one they were placed by the edge of the grave, and shot
by a squadron standing rather close who were instructed to fire some at
the head and some at the heart. The rest of the prisoners who should be
executed waited at a short distance and could of course hear very
clearly the shots being fired for their fellow prisoner. In the camp
they also could hear the burst of rifle fire in the forest.

The soldiers in the squadron were from another place. If the tried to
resist to the "duty" they were threatened by being sentenced to death
themselves, and they were also told that their civil family back home in
Germany would experience things not very comfortable.

The executioner himself used to stay in Falstad camp, but he did not
know the prisoners. He had had nothing to do with the detention of the
prisoners or the interrogations. After the war he was not sentenced but
sent back to Germany. The court had to accept that he was not doing his job by a free will but had to obey a military command.

>The statue of the steadfast and courageous prisoners is magnificent.
>The nazi soldiers like robots, small and mindless pointing there guns,
>ready to murder without reason.
>
>What was accomplished and/or resolved at your conference?

To me the seminar was to get in contact with people I never met before.
The themes were, of course, rather depressing, - "trafficking" (by its
variety of cruel and incomprehensible reality forcing children and women into sex business), modern slavery "ranging from slavery and debt bondage to trafficking in human beings".

To relate in a conscious way, though being rather overwhelmed and by a
modest capacity, has become a special challenge to me. I am trying to
write a diary (in Norwegian) on the net, making very small progress, and
all the time finding "history" not willing to be an isolated phenomenon
and not only a thing in the past, but penetrating and influencing our
daily life, every day, every hour, all of us - Tampa and WTC part of it.
I am also working on a slide series and reading special literature to,
may be, be able to offer a lecture on the theme.

>
>I found this whole site fascinating. Thanks again.
>
>Marie

^toppen


Fredag 23.november 2001

I samband med Falstad-seminaret vart eg gjort merksam på filosofen Hannah Arendt. I ei bokmelding i Dagbladet 19.november kan ein lese:

"Nå foreligger den første norske presentasjonen av av Hannah Arendt (1906-1975), ført i pennen av Einar Øverenget, filosof og rektor ved Humanistisk Akademi. (...) Det er blitt ei bok om enkeltmenneskets ansvar, og om verdien av å motsette seg alle ensrettede og totalitære tanker. Hannah Arendt måtte selv flykte fra Europa til USA på trettitallet, og hennes liv som tenker og skribent må ses i lys av dette. Hun ville aldri bli tatt for gitt, og kritiserte blant annet opprettelsen av staten Israel - ut fra faren for totalitære trekk. "I en verden som krever stadig mer lydighet og konformitet, representerer Arendts tenkning en viktig påminnelse om at ethvert individ må stoppe opp og reflektere over sine handlinger," som Øverenget sier det.

I samanheng med denne bokmeldinga la eg ut ein mail på postlista Cybermind, og den vesle ordvekslinga som kom ut av det, har eg samla i eit dokument som ligg på:

http://www.hugen.no/fedraheimen/fedra10.htm

^toppen


Sundag 2.desember 2001

Det er ikkje eg som går til kjeldene, men kjeldene som kjem til meg. Slik har det vore heilt sidan eg begynte å skrive på denne parten av Alden. Skulle nett flytte nokre bøker, utan tanke for Alden, og der låg «Kyrkja under krigen» i bunken. Det er ei bokutgåve av TKRS 1 1995 (Tidsskrift for Kirke, Religion og Samfunn). Redigert av Jan Ove Ulstein. Utgitt av Høgskulen i Volda - Møreforsking Volda. Volda 1995. Ein av artiklane er skriven av Helge Aarflot: «Seks teser om kristen teologi etter Auschwitz.» Eg set hit to utdrag:

«Like viktig som nazismens ideologi var selve den moderne samfunnsutvikling. Den var en drivkraft bak det som skjedde: Holocaust var nemlig industriell masseutdryddelse. Den forutsatte at hele det moderne samfunnsmaskineri, under oppbud av den mest avanserte teknologi og vitenskap og den mest fremragende statsadministrasjon, arbeidet rasjonelt, byråkratisk og planmessig mot det felles angitte mål: Å befri verden for «jødeplagen». Samfunnets modernisering var derfor en nødvendig forutsetning for Holocaust. Holocaust synes å være en side ved samfunnets modernisering, om enn en høyst uvanlig side.

Dette hadde igjen sammenheng med den moderne rasjonalitet: Rasjonaliteten i den moderne statsforvaltning er preget av økonomiske og kostnadseffektive betraktningsmåter. I de fleste styringsprosesser skilles det derfor mellom mål og tiltak. «The means are subjected only to solely instrumental-rational criteria and thus dissociated from moral evaluations of the ends.» De formålsrasjonelle orienteringsmåter sakliggjør samfunnsprosessene frem mot de fastlagte mål, også i behandlingen av mennesker.

Formålsrasjonaliteten fører til økt arbeidsdeling og spesialisering. I statsforvaltningen stykkes store samfunnsoppgaver opp i små, saklige biter. Det moralske ansvaret for helheten pulveriseres og konverteres til et teknisk ansvar. Rasjonalitet blir teknisk rasjonalitet uten moralsk «styring». «Technical responsibility differs from moral responsibility in that it forgets that action is a means to something other than itself.... The result is the irrelevance of moral standards for technical success of the bureaucratic action.

Disse i og for seg velkjente sosiologiske trekk ved det moderne samfunn synes ikke bare å være ikke-hindrende mekanismer i byråkratiets gjennomføring av Holocaust. Det virker som de byråkratiske «føringer» i seg selv blir pådrivere i prosessen: Formålsrasjonaliteten, som søker den optimale og mest kostnadseffektive løsning, er etisk indifferent, men blir sensurerende og negativ eller direkte repressiv, straks den møter synspunkter som forsinker eller kompliserer gjennomføringen av vedtatte prosjekter. Den foretrekker og favoriserer lojalitet, motarbeider og undertrykker opposisjon.

En slik moderne rasjonalitet styrte byråkratiet i den tyske statsforvaltning under Holocaust. Forskningen har tatt livet av myten om Holocaust som en gal manns/noen gale menneskers verk, som ødela det tyske samfunn. Holocaust er en demonstrasjon av fremragende «management by objectives»: «Germany implemented the ‘final solution’ of its ‘Jewish problem’ as a textbook exercise in instrumental reasoning.» Byråkratiets håndtering av «jødespørsmålet» førte til at jødiske medborgere ble fratatt menneskeverd og behandlet som avhumaniserte objekter.

Nazilederne var samtidig eksponenter for den mest moderne sivilisasjon og kultur i den forstand at de lot sine visjoner om det ideelle liv og om den perfekte condition humaine tilrettelegge sine politiske disposisjoner: Moderne kultur er gartnerkultur, som i mistro til naturen dyrker fram det man antar er det bedre i samfunnets «hage»: Det som ikke passer inn i gartnerens samfunnsplan for framtida, lukes vekk. I et demokrati skjer det gjennom parlamentariske prosesser, som også kan føre til genocider under bestemte vilkår. I det nazistiske Tyskland skjedde det gjennom dødsleirene idet all opposisjon først ble fjernet.»

(...)

«Nechama Tecs funn synes å stemme med Zygmunt Baumanns sosiologiske observasjoner: Holocaust representerte en type ekstremsituasjon som avdekket ukjente, men latente sider ved det normale samfunn og ved normale mennesker: Vanlige mennesker kunne derfor fullbyrde sin del av «dødsfabrikk-jobben» dersom de ble pålagt det, uten å reagere på det eller få dårlig samvittighet siden det var legitimert fra høyeste hold. Vanlige mennesker kunne også gjøre heltegjerninger med livet som innsats for å redde de forfulgte uten å finne det særlig oppsiktsvekkende. Det avgjørende var hva de «så» i situasjonen: De som hjalp, erfarte det som en selvevident plikt å hjelpe.

Holocaust utfordrer derfor teologisk etikk til å bli sterkere handlingsorientert, konkret, nær, spesifikk kulturkritisk og overprøvende på lovgivningen og samfunnsprosessene: Den må lære mennesker å motstå bestemte uetiske sosialiseringsprosesser. Den må tenke gjennom hvordan kristne i fremtiden kan handle med full moralsk integritet når situasjonen krever det. «The Commanding Voice of Auschwitz» (Falkenheim), som byder jøder å overleve for ikke å gi Hitler en posthum seier, byr den kristne å handle i solidaritet med medmennesker som lider og ta korset aktivt opp når det synes å hvile tungt på andre enn en selv.

Men da må kristen etikk distansere seg fra det moderne samfunns rasjonalitet og kunne se dens begrensede berettigelse. En må vite at byråkratiet behandler mennesker med et rasjonelt og teknisk-operasjonelt språk som ikke innbyr til etiske eller verdimessige evalueringer. «In fact, this language is unfit for normative-moral statements.» Dersom modernitetens rasjonalitet og byråkratiets språk gjør sitt inntog i etikken og kirken, mister den teologiske etikk sin mulighet til kritikk og saltet sin kraft.

Etikken må også gjennom en ny diskusjon om forholdet mellom situasjon og normer, der tidsfaktoren og de generelle holdningene blir viktige: En har i slike situasjoner ikke tid til å arbeide deduktivt ut fra et gitt normgrunnlag, men må se plikten og kallet direkte. Det prinsipielle må være klarlagt i avklarede holdninger på forhånd. Og en må vite hvordan en skal forholde seg til motviljen mot etisk engasjement både hos en selv og i de ulike instanser i kirke og samfunn som treffer beslutninger.»

^toppen


Måndag 10.desember 2001

Ytringsfriheten i verden i fare

Publisert 03.12.2001 11:48

Internasjonale PEN er engstelig for ytringsfriheten i verden etter angrepene mot USA 11. september. Leder i Norske PEN, Kjell Olaf Jensen mener det er all grunn til bekymring.

Dette går fram av en resolusjon fra årets internasjonale PEN kongress som ble holdt i London før helgen. Leder i Norske PEN advarer.

- Flere angivelig demokratiske land legger ned redskapene og institusjonene som finnes i lovverket for å beskytte ytringsfriheten.

Militærdomstolene

Fullmaktslovene i USA, som George W. Bush har nettopp utstedt etter fullmakt fra Kongressen, er et eksempel på dette, sier Jensen.

- Disse lovene gir USA anledning til å bruke militærdomstolene. Alle utenlandske borgere som setter amerikansk sikkerhet, økonomiske og utenrikspolitiske interesser i fare eller volder dem skade, kan dømmes og henrettes i hemmelighet.

Skribenter og forfattere

Noen av de første som kan bli rammet av slike tiltak er skribenter og forfattere sier Jensen.

- De er termometer for tilstanden i samfunnet. Derfor er det de som alltid blir beskyldt for å skade interessene til de som ikke ønsker å se ytringsfriheten benyttet.

Utfordring

Å bekjempe denne negative utvikling blir ikke bare en utfordring for Internasjonale PEN som er skribentene og forfatternes taleorgan.

- Det blir også en utfordring for det internasjonale samfunnet, for alle land som kaller seg demokratiske, sier leder for Norske PEN.

På kongressen i London ble det også vedtatt at PENs kongress for 2004 skal arrangeres i Tromsø.


Av Hege Moe Eriksen.
Kulturnytt, NRK P2, 3. desember 2001.
Bearbeidet for nett av Ana Maria Borge Tveit

 

Kva og kven er PEN? Aschehougs store konversasjonsleksikon (1971) skriv .m.a.: "P.E.N.-klubber (eng. P.E.N. fork. for Publishers and Poets, Editors, Novelists) finnes nå i ca. 40 land. Den første ble opprettet i London i 1921 med John Galsworthy som formann. Penklubben i Norge skriver seg fra 1922, opprettet på initiativ av Johan Bojer og med ham som første formann. P.s formål er å fremme personlig forbindelse mellom medlemmene, og mellomfolkelig samarbeid og forståelse mellom pennens folk. Det holdes årlige internasjonale kongresser der det bl.a. behandles spørsmål om oversettelser o.l. (E.Be.) (Signaturen E.Be. står for Edvard Beyer.)

Eg vil tru at PEN har vakse med åra. Gjennom spreidde inntrykk frå media verkar det også som om PEN markerer stadig meir aktiv  motstand mot sensur og politisk undertrykkng og skjerpar seg i kampen for ytringsfridom og menneskerettar.

På Internet finst det stoff om PEN. Ein kan f.eks. gå til adressa

http://www.oneworld.org/internatpen

The P.E.N. Charter fann eg på den nemnde adressa, og eg set hit følgjande:

 

The P.E.N. Charter is based on resolutions passed at its International Congresses and may be summarized as follows:

P.E.N. affirms that:

1. Literature, national though it be in origin, knows no frontiers, and should remain common currency between nations in spite of political or international upheavals.

2. In all circumstances, and particularly in time of war, works of art, the patrimony of humanity at large, should be left untouched by national or political passion.

3. Members of P.E.N. should at all times use what influence they have in favour of good understanding and mutual respect between nations; they pledge themselves to do their utmost to dispel race, class and national hatreds, and to champion the ideal of one humanity living in peace in one world.

4. P.E.N. stands for the principle of unhampered transmission of thought within each nation and between all nations, and members pledge themselves to oppose any form of suppression of freedom of expression in the country and community to which they belong, as well as throughout the world wherever this is possible.  P.E.N. declares for a free press and opposes arbitrary censorship in time of peace.  It believes that the necessary advance of the world towards a more highly organized political and economic order renders a free criticism of governments, administrations and institutions imperative.  And since freedom implies voluntary restraint, members pledge themselves to oppose such evils of a free press as mendacious publication, deliberate falsehood and distortion of facts for political and personal ends.

Membership of P.E.N. is open to all qualified writers, editors and translators who subscribe to these aims, without regard to nationality, language, race, colour or religion.

^toppen


Onsdag 19.desember 2001

For to og ein halv månad sidan, sundag 7.oktober, begynte eg på denne femte bolken av dagboka Alden. På toppen av dette dokumentet sette eg inn eit bilde av Falstad-leiren i bygda Ekne, slik bygningen ser ut i dag:

falstadmini1..jpg (17387 bytes)

Tanken, som eg meinte bildet skulle tyde mot, var at Falstadleiren skulle vere hovudemne for Alden ei stund framover. Eg hadde f.eks. tenkt, og rekna med, at eg skulle fordjupe meg spesielt i Jon Reitan si hovudoppgåve i historie: SS - Strafgefangenenlager Falstad 1941-45 (Norges teknisk naturvitenskaplige universitet i Trondheim - Høsten 1999).

Så gjekk det slik at ei heilt anna bok fanga interessa og vart sakleg viktig:

bratteli bok.jpg (16762 bytes)

Utover hausten har så livet gått sin gang. Eg har reist aldri så lite og lese litt. Aktuelle hendingar har vi alle tett ikring oss til alle kantar. Ein del av dette har også vore "sakleg viktig" og måtte få sitt rettkomne rom i dagboka.

Det vart nesten ikkje skrive noko om Falstad. Samtidig opplever eg det slik at Falstad er med heile tida, - at eg godt kan seie at det er Falstad det handlar om alt saman.

Ei likning kan vere: Eg hadde valt meg Falstad som "utgravingsfelt" der eg ville gå inn og avdekkje det som hadde skjedd og fordjupe meg i årsaker og samanhengar. Så har eg opplevd at med Falstad som base opnar det seg eit utsyn til dagsens samfunn og verda i dag. Med Falstad som ståstad og utsiktspunkt har mange ting kome nærare og blitt meir aktuelle.

^toppen


Nyttårsafta, måndag 31.desember 2001

Boka om Bratteli hadde stått og venta på meg fleire år, stått på sin faste plass i bokhylla like ved venstrehanda når eg sit og ser fjernsyn. Kor mange gongar hadde eg lese teksten på bokryggen og gjort meg nokre uklåre tankar om kven Trygve Bratteli vel hadde vore? Han var helst ikkje akkurat «min mann»? Eg visste halvt om halvt at han hadde røynt harde ting i tysk fangenskap under krigen.

Så laga eg meg til å skrive om Falstad, og plutseleg var det eit naturleg søk mot ei kjelde å ta boka ut av hylla og i alle fall opne ho. Heilt med det same, i føreordet, går Roy Jacobsen inn på kva som vel skal vere meininga med uttrykket "å «forstå» historia". Han fortel kva som skjedde for hans del da han besøkte den jødiske kyrkjegarden i Praha. Der fekk sjå barneteikningar som var henta frå den tyske fangeleiren Theresienstadt (Terezin) i det noverande Tsjekkia, ein fangeleir der mange tusen kvinner og barn vart myrda under den andre verdskrigen. Roy Jacobsen fortel: «I dette rommet klarte jeg å oppholde meg omtrent et halvt minutt.»

Roy Jacobsen opplevde på denne måten at historia møtte han med «direktetalende elementer».

Eg har naturlegvis sett eit utal med «krigsfilmar» og lese min gode part av «krigsbøker» og veit min del om fangeleirane, motstandsrørsla, Gestapo og torturen. Eg har alltid som lærar prøvd å stille opp med skikkeleg undervisning om FN, menneskerettar, krig og flyktningeproblemet, Redd Barna, koss den tredje verda treng mat og undervisning og helsestell, om krigen i vårt eige land, om grunnlovsdagen, om 9.april og 8.mai, om solidaritet og nestekjærleik, om ikkje å tole «så inderleg vel, den urett som ikke rammer meg selv». Men etter all innhenting av stoff, bruk av mange media og lokalhistoriske kjelder, eg opplevde sjølv krigen på den måten at heime på Espeland var det tjukt av tyske soldatar kring oss heile tida - døra inn til historia har likevel opna seg berre så vidt på ein liten gløtt.

Etter at eg meir eller mindre i ein forbifart høyrde om Falstad i nokre radioprogram, vart Falstad eit mål eg sette meg: Eg skulle dit og sjå sjølv. Og da eg kom dit, sommaren 2001, tør eg altså seie at historia møtte meg med «direktetalende elementer». Det fekk ikkje hjelpe med kvalmen eg kjende kvar gong eg skulle tilbake til staden, for no opplevde eg at eg «forstod» historia. Endeleg!

Men eg var ikkje ferdig med boka med å lese kva Jacobsen sa om at «av og til har vi likevel følelsen av at en gjenstand, et bilde, et sitat, en anekdote . . . fra fjern eller nær fortid taler til oss med sjokkartet tydelighet, som snakker direkte til oss.»

Berre etter å ha lese den fyrste sida i sjølve boka var eg fanga. Seks hundre sider venta. Dei neste vekene opplevde eg den sæle gleda: Eg har funne ei bok som er viktig for meg, som eg les med fryd og ærefrykt! Fyrst etterpå har eg lese ovasjonane og begeistringa som møtte boka da ho kom i 1995.

Boka gjorde mykje med meg når det galdt mitt forhold til Trygve Bratteli: Han er verdt all ære og respekt og skal stå for meg som eit lysande eksempel på koss ein trist og håplaus barndom ikkje treng knekke eit menneske. Eg har faktisk spurt meg: Kvifor vart ikkje Bratteli nazist etter alt han opplevde av meiningslaus fattigdom og sosial urett? Svaret kan vere at Trygve var eit lesande og tenkjande menneske, utstyrt med eit lysande ig sjølvstendig intellekt.

Trygve Bratteli opplevde konsentrasjonsleirane i Tyskland utan noko fender til å ta av for støyten. Kven kunne overleve dette? Enn at han kunne det, han som nok var mykje vilje, men ikkje så mykje til fysisk helse? Eg må nok lese Bratteli sine eigne bøker om det han var igjennom.

Roy Jacobsen er ein mjuk vulkan og eit kjærleg stormver av ein forfattar. Koss kan eit skrivande menneske klare å halde alle desse ballane i lufta, halde ved like den sitrande spenninga og framdrifta - heile tida halde oppe kjøret?

Når boka kjem fram til tida etter krigen, blir ho ei spennande lærebok om ei tid som eg sjølv har opplevd. Alle namna som eg vaks opp med: Einar og Werna Gerhardsen, kong Haakon, Konrad Nordahl, Nils Langhelle, Olav Oksvik, Haakon Lie, Rachel Seweriin, - og Randi (Larssen) Bratteli, Erik Brofoss, Olav Larssen, Trygve Lie, Meisdalshagen, Oskar Torp, Halvard Lange, Ronald Bye, Reiulf Steen, Knud Frydenlund osv. osv. - her er dei alle saman og er brikker som fell på plass. Og gjer meg til medeigar i mi eiga historie!

Men dermed var eg ikkje ferdig med Roy Jacobsen: To andre bøker av han fanst i huset og vart lesne i grådige jafsar: «Ismael. Spenningsroman.» og «Fugler og soldater. Noveller.» Same susande leseoppleving, men no innanfor ei fri dikting.

Hadde det ikkje vore for Falstad, hadde desse bøkene neppe blitt lesne av meg. Attåt dette kjem så alle klippa frå aviser og tidsskrift og Internett. Før eg begynte å skrive hadde eg førstegongslese hovudfagsoppgåva til Jon Reitan om Falstadleiren. Men det står att å nærlese ho.

I dag er det nyttårsafta, og eg vil avslutte bolk 5 av Alden med eit bilde frå julefeiringa saman med nokre av barna og barnebarna. Bildet er frå heimen til Elise og Stein på Ottestad i Stange, og dagen er 2.juledag da vi var komne til saueribba (pinnekjøtet) som Magnhild og Enok hadde ført med seg frå tørkeloftet her heime på Bjørke og over Strynefjellet fram til felles nyting på Stangelandet.

011227-006.jpg (145109 bytes)

Kring bordet og pinnekjøtet i nybyggjarstova i Myrvegen 2.juledag 2001. Etter tur, med sola: Ada Sophie (med rastafletter, nedst til venstre), Ida, Yngve, Mathis Gazoa, Tor Magne, Enok, Magnhild, Britt Karin. - Fotograf: Stein.

Godt nytt år!


^toppen