Alden - ei dagbok, part 6

Eit brev til meg sjølv til deg

4clock.gif (109584 bytes)

Foto: Hiromi Tshuchida, "Hiroshima" Archive

Hugen start

  På norsk og nordisk International
Tysdag 1.januar 2002 Hallvord Reiar i Tokyo spurde om han kunne få gi Hugen ein artikkel i julegåve. Hallvord Reiar asked me if I would like him to give an article for a Christmas gift to Hugen. How could I resist? Here it is, on article gift
Fredag 11.januar 2002 Det vidopne Stange-landskapet, der fjell ikkje stengjer for synet, har alltid fått meg til å kjenne ein spennande fridom, ein fridom som eg får lyst til å erobre, som eg blir utfordra til å ta i bruk.  
Fredag 18.januar 2002 Det har falle seg slik at Hugen publiserer ein heil serie med bilete frå Beirut som viser korleis atterreisinga etter borgarkrigen «viser att i bybildet».  
Laurdag 2.februar 2002 Bokbåten «Epos» var her i dag. På bordet til bibliotekaren låg ein bunke bøker som hadde vore utlånte her på Bjørke, og som nett var innleverte.  

                                                                                                                                  alden 7 >>>>


       

 

Tysdag 1. januar 2002

Om kvelden 4.juledag kom Magnhild og eg tilbake frå julereisa til noko av folket vårt i Stange, like sør for Hamar. I juleposten på internett fann eg også denne meldinga:

Kjære Enok,
helsinger til deg og Magnhild og alle i familien. Vedlagte artikkel
er noko du kanskje kan tenkje deg å bruke på hugen.no? Kjem til å
poste han opp på hallvord.com etterkvart men skal vente og sjå om du
vil bruke han fyrst. Håper du set pris på denne "julegåva" ;-)
--
Hallvord Reiar Michaelsen Steen, Tokyo
http://www.hallvord.com/
Dislike my opinions? On hallvord.com you
can now add YOUR comment to almost any page!

Etter ein dag og to var artikkelen komen heil og skapleg innanfor døra hos Hugen, og eg skreiv:

Kjære Hallvord Reiar!

Eg takkar igjen, av hjartet, for artikkelen til Hugen. Han er ein
prydnad og gjer meg byrg som redaktør. Peikaren finst no på
hovudoppslaget www.hugen.no Om du ser noko som du vil ha retta eller
annleis, må du seie ifrå.

Det er gripande også å setje artikkelen din inn i den samanhengen som
mora di gjennom mange trufaste år har prøvd å hente oss inn i.

Artikkelen stig innåt som ei berande skulder for dagboka Alden 5 der eg
prøver å følgje lesesprang og tankebruer som knyter seg til krig og
vanvyrdnad for menneskeverdet hos ein sjølv og andre.


vensam helsing
Enok

Og svaret frå Tokyo kom slik:

Enok Kippersund wa 30 Dec 2001 21:10 ni kakimashita:

> E.S. Trur du eg kunne få setje opp følgjemailen som eg skreiv til deg,
> der eg nemnde mora di, i Alden 5 - og då med peikar til artikkelen
> din? D.S.

jada, gjerne.

Det er rart å bli mint om tråder i tilveret som ein ikkje legg merke
til sjøl.
--
Hallvord Reiar Michaelsen Steen
http://www.hallvord.com/
Dislike my opinions? On hallvord.com you
can now add YOUR comment to almost any page!

 

Artikkelen til Hallvord Reiar er på engelsk, førebels. Eg seier "førebels", for mellom linjene les eg at han kan ha planar om å skrive ein norsk versjon. Eg vonar at han gjer alvor av det, og ser fram til å lese teksten i hans eigen norsk. Elles kunne eg bli freista til å gi eit samandrag eller kome med nokre sitat, i mi omsetjing. Vel, eg kan ikkje heilt late det vere:

Hallvord Reiar skriv: "When will we practise the idea that killing is not an act to be honored? Then how can we remember soldiers without honouring their actions?"

Dei to spørsmåla kan lyde slik på norsk (Hallvord Reiar, du kjem med di eiga omsetjing seinare): "Kva tid vil vi gjere alvor av tanken om at å drepe ikkje er ei handling som fortener ære? Og korleis kan eit krigsminne vere å hugse å hugse soldatane utan å ære kva dei gjorde?"

Det var dette eg undra meg på om det ville dukke opp: Eit innlegg som kunne hjelpe Alden til å gjere ein baut, utan å miste Falstad av syne.

Til så lenge, altså, er artikkelen å lese på engelsk på gåve til Hugen

^toppen


Fredag 11.januar 2002

Det vidopne Stange-landskapet, der fjell ikkje stengjer for synet, har alltid fått meg til å kjenne ein spennande fridom, ein fridom som eg får lyst til å erobre, som eg blir utfordra til å ta i bruk. Kanskje det er fordi denne «prærien», dette slettelandet på Hedemarken, er eit landskap med inngangar og utgangar til alle sider. Alle himmelretningar står vidt opne.

I jula var vi der igjen, Magnhild og eg, og no på Ottestad like sør for Hamar. Her bur Magne og Kristin på den eine sida av Tokstadjordet, og på den andre sida bur Stein og Elise, om eg får lov å forenkle det aldri så lite. Kor stort er dette «jordet» må tru? Sikkert godt over tusen dekar, er vi fleire som trur. Sidan jorda, på jordet, var hardfrosen og snølaget berre 12-15 cm djupt, var det heilt greitt å gå til fots husimellom - og late tanken smånynne romjulsdraumen til Alf Prøysen.

Om ein da kjem ruslande over snøen frå Stein og Elise i Myrvegen, vil ein etter kvart sjå Vikingskipet (Hamar olympiahall) på ein liten kilometers fråstand til venstre og nordaustover, i vasskanten til Åkersvika. Utvandrarmuseet skal liggje tvers over vika, på sørsida, har eg fått vite. Om du ser meir beint nordover får du «heile Hamar» midt imot med Domkirkeodden ute til venstre.

Når turen går i motsett retning, frå Kristin og Magne som bur tett attmed bilrike riksveg 222 (gamlevegen), vil du fort leggje merke til ein særmerkt profil oppå bakkehøgda som du er på veg oppover mot. Det er ein bygning som har kasta av seg mange rette vinklar og strevar etter ei fri form. Det er Steiner-skulen.

Så altså: Ei vandring over Tokstadjordet gir utsyn i tid og rom, til mellomalder og OL-arkitektur, til soga om utvandring og til ein friskule.

Dette at Steiner-skulen ligg så lagleg til der oppe på bakkedraget, tek eg som ein lovnad: Snart skal eg sikkert kome innafor døra på ein Steiner-skule. Det gler eg meg til! Eg har vel vore «avstandsforelska» i dette skuleslaget i meir enn 40 år. Etter kvart har det også blitt slik at fleire av den yngre generasjonen i familien av eigen fri vilje er blitt direkte involvert i Steiner-skulen på tre ulike stader i fedrelandet. Eg har ikkje berre ein enkelt Steiner-skule eg svært godt kunne tenkje meg å sjå innom, men eg har lovleg ærend til ein heil trio.

 

periodeh.jpg (20379 bytes)

"Periodehefte fra astronomiundervisningen."

Frå heimesida til Steinerskolen på Hedmarken:
http://www.hedmark.steiner.no/videreg/vider2.htm

 ^toppen



Fredag 18.januar 2002

Det har falle seg slik at Hugen publiserer ein heil serie med bilete frå Beirut som viser korleis atterreisinga etter borgarkrigen «viser att i bybildet». Fotografen er Salwa Ghaly. Saman med mann og to barn bur ho for tida i Dubai i Dei sameinte arabiske emirata ved den persiske golfen. Sjølv underviser ho ved universitetet på dei kantar. Ho er fødd i Egypt og er no så vidt komen i 40-årsalderen. Slektsband fører også til Libanon.

Som FN-soldat i Egypt og Gaza i eit heilt år (1956-57) var eg fleire gonger på permisjon i Beirut. (Mange av oss var heldige og fekk også fleire turar til f.eks. Damaskus, Jerusalem, Kairo, Sharm el Sheik.) Beirut-bileta til Salwa vekkjer minne om varme og lukter, fargar og lydar, om luft mot hud under korterma skjorter - og spenninga og fryden ved å vere komen til ein slik stad! Dette var i tida før borgarkrigen, som førte med seg store øydeleggingar.

Eg kan ikkje seie at eg «kjenner meg att» i konkret forstand på bileta, men eg hugsar opp att atmosfæren og kor annleis det var i forhold til heime på Espeland og i Bergen! Det var skarpe og sterke inntrykk for ein 21-åring som tidlegare så vidt hadde hatt ein utanlandstur til Arvika i Sverige.

Kanskje bileta til Salwa ville ha gjort inntrykk på meg i alle tilfelle, eg veit ikkje korleis desse bileta grip tak i andre, men eg opplever altså synet som eit gjensyn med eit vakkert og magisk miljø, - og som ei påminning om konflikt og katastrofe så mange stader i verda.

Serien er annonsert i den internasjonale spalta til høgre på opningssida til Hugen. Eg er freista til å flytte dei alle over hit til Alden, men eg hentar over hit førebels dette eine:

beirut01.jpg (76542 bytes)

Foto: Salwa Ghaly. Heile serien ligg på: www.hugen.no/beirut00.htm

^toppen


Laurdag 2.februar 2002

Bokbåten «Epos» var her i dag. På bordet til bibliotekaren låg ein bunke bøker som hadde vore utlånte her på Bjørke, og som nett var innleverte. Auget mitt streifa som snarast stabelen, - og vart fanga av tittelen som låg øvst: «Tortur, flukt og gisler - til tross». Tanken min strauk straks til Falstadleiren, og eg lånte boka.

Da eg kjem heim, blar eg lausleg i nyelånet. Så oppdagar eg eit namn, og må lese eit avsnitt:

«Forsommeren 1942 gikk med til våpeninstruksjon og oppbygging av nye grupper. Men det var ikke alltid så enkelt. Angivere fantes de fleste steder, så stor forsiktighet måtte iakttaes. Heldigvis gikk det foreløpig godt. Evald hadde daglig radiokontakt med London og sendte opplysninger og etterretningsrapporter. Vi mottok også oppdrag av forskjellig etterretningsmessig art. Regelmessige stabsmøter ble avholdt, ofte på Rotvold Asyl hvor Olav Sættem en tid bodde. Stedet var noe av det sikreste vi kunne oppdrive i Trondheim.» (s.46)

Namnet som får meg til å reagere er Rotvold. I juni månad i fjor var eg på Rotvoll for fyrste gong. Anlegget er no restaurert og er ein del av høgskulen i Sør-Trøndelag. Det er her personane finst i det vitale miljøet som har bore fram nokre viktige bøker for norskfaget. Mens vi gjekk bortover korridoren og kunne sjå dei spesielle dørkarmane inn til kontora, fortalde Inge Moslet at staden hadde ei fortid som sinnsjukehus. Til liks med andre institusjonar av same slaget (f.eks. Valen i Sunnhordland), vart sjukehuset lagt i frie naturfagre omgivnader. Andre og førebels siste gongen var eg der på nytt i slutten av oktober månad. Etter ein fagnadprat over «tekak» og kaffi på lunsjrommet tok rause Inge meg med på ei hyggeleg omvising, fyrst ned til sjøen på Rotvoll og sidan inne i Trondheim by. Stort for meg som er ein framand i det trondhjemske Jerusalem!

Men kva har så Rotvoll å gjere med Falstadleiren? Fyrste staden er ein ressursstasjon for skulefolk som tumlar med norskfaget. Andre staden er minnet etter ein fangeleir frå siste krig.

Eg var på begge stadene begge gonger, i juni og oktober, utan at eg knytte noko spesielt band mellom dei. På Hugen har eg skrive ein grann, om norskfag og skule, og om Falstad og krig, kvar for seg.

Så, i dag, skjer det ei kopling: Eg grip ei bok om krigen - og finn Rotvold nemnt.

Slik kan ein ny tur til Rotvoll bli ei reise i denne verda til ein stad som deler rom med Falstad.

Opplysningar om boka: Generalmajor Herluf Nygaard: Tortur, flukt og gisler - til tross. Hemmelige operasjoner på Møre, i Trøndelag og Telemark under krigen 1940-45

Eget forlag, 1982.

231sider. Fotografi frå då det skjedde. Personregister

(På smussomslaget er det eit bilete av Misjonshotellet som var hovudkvarter for Gestapo i Trondhjem.)

 

^toppen


Alden                 Hugen