Alden - ei dagbok, part 7

Eit brev til meg sjølv til deg

 

Torsdag 18.april 2002

Colonskopi vil seie ei undersøking inne i tjukktarmen med eit bittelite fjernsynskamera. I dag var det min tur. Mest for ordens skuld, men sidan eg har hatt ein periode med litt svake blodverdiar, og sidan både far og farfar døydde av tjukktarmkreft, så var det like greitt å ta ein titt.

I går sette eg i meg fire liter av ei spesiell skyllevæske som skulle klargjere utgåande tunnel frå meltingssystemet slik at ikkje for mykje låg i vegen for ei synfaring. Og det var eit verksamt fluidum, skal eg berre seie.

I dag møtte eg på sjukehuset, medisinsk poliklinikk. Greie og rolege og profesjonelle fagfolk tok nydeleg hand om meg. Eg var ikkje så lite forviten. Kameraet og diverse hjelpeutstyr er festa fremst på ein smidig slange som blir ført inn gjennom endetarmen. Legen styrer slangen fram og tilbake ved å trykkje inn eller drage ut, som ei mildare utgåve av ei stakestang. Kamera og diverse tilleggsutstyr manøvrerer han omtrent som du styrer ein radiostyrt leikebil. Det gjorde ikkje vondt, men uvant var det, og innimellom fekk eg litt mageknip og kvalme. Den hyggeleg sjukepleierska som assisterte, la ein kald og våt klut på panna mi, og dermed var alt greitt. Eg ville blitt mykje meir elendig av ein tur med ein berg-og-dal-bane. Dei kan visst romstere ganske mykje inne i ein tarm utan at det kjennest, men strekkjer dei tarmen, da merkar du det!

Oppe på veggen hang to TV-skjermar, ein på kvar side av benken eg låg på. Begge to viste det same knivskarpe bildet frå det indre av buken min. Legane manøvrerte etter TV-bildet, men når dei tok lett på magen min, kunne dei også kjenne kvar kameraet var i den bøyleforma løypa. Kunne dei også sjå skinet frå ljoskastaren der inne gjennom mageskinnet mitt? Dei kan sjølvsagt gjere videoopptak eller ta still-foto så mykje dei berre ønskjer.

Det var eit fascinerande syn, som å vandre inn gjennom ein grottelabyrint, opplyst og med alle detaljar heilt tydeleg. Tenk at dette var meg! Fekk meg til å tenkje på filmen om nyresteinane.

- Ser du at i dette partiet liknar det på Triglotrone, den trekanta flysjokoladen du veit, sa sjukepleierska.

Den finmaska veven av blodkar i tarmveggen. Det er vakkert! Kroppen er eit fantastisk univers. Vi stoppa og helste på arret etter blindtarmen som vart fjerna på Reknes sjukehus i Molde i april/mai 1952.

Samtidig var eg jo i spenning om undersøkinga ville bringe noko illevarslande for dagen.

Lykkelegvis fann dei ikkje noko gale. Mest for demonstrasjonen si skuld, trur eg, let dokteren den fjernstyrte tanga gripe tak i ein lite polypp, strekkje litt på han, - med foten sette han i gang ein brummande funksjon, og vips! var polyppen brent bort! Hundre prosent smertefritt. Elles forstod eg nok at dette utstyret må køyrast med hage hender. Dette er ikkje ei bane for autofil råkøyring eller kjappe kutt på måfå.

Ekspedisjonen varte ein halv times tid. Eg var takksam og lykkeleg for at det ikkje fanst grunn for nokon slags alarm. Og forundra og imponert var eg over teknologien - og den nye sjølvinnsikta eg hadde fått.

Om du vil sjå eit bilde frå ei liknande synfaring, har eg laga ei lenkje til eit bilde frå eit tjukktarm-galleri. Bildet viser sunn og frisk kroppsvev frå innsida, - ikkje noko farleg! Trykk her: colon


 

Onsdag 10.april 2002

Truls5.gif (12197 bytes)

 

Kom til å høyre eit intervju med cellisten Terje Mørk på NRK P2 i dag. Praten var hyggeleg med klåre vendingar, og ein hjarteleg latter trilla inn frå intervjuobjektet rett som det var. Mørk er ei verdsstjerne som nettopp har fått Grammy Award for 2002, som er ein "Oscar for musikarar". Han fører eit travelt reiseliv og må veksle mellom hardt øvingsarbeid på eiga hand og tungt prestasjonspress frå fullsette og krevjande konsertsalar.

Eit av spørsmåla frå Svein A. Kjos var om Mørk kunne tenkje seg å gi opp det krevjande turnélivet.

Etter ei pause kom svaret om lag slik: - Det skal kraft til å bryte.

Det er ikkje så enkelt å forlate det som ein er van med.

Dermed tok tankane mine ei retning langt bort frå cellospel og verdensry. Her har eg no gått eit drygt halvår og stadig fått spørsmålet: Koss er det å vere pensjonist?

Hyggeleg at så mange interesserer seg, men samtidig hektar det seg så mange klisjéar til pensjonistlivet at eg synest det er vanskeleg å finne mitt personlege svar. Eg brukar å seie: Eg har det bra, men det er uvant.

Etter kvart har eg vel funne ut at det verkeleg er uvant! Plutseleg er alle faste plikter og rutinar borte. Du står der i andre enden på ein drastisk overgang frå timeplan og alle detaljar i skulekvardagen. Når ein er vant til eit liv på skjener, så er det ikkje berre berre å plutseleg bli sett ned på fri og flat mark.

Pensjonistlivet skal vere den store fridomen og slapp-av-livet. "Pensjon" rimar liksom litt på "resignasjon".

Vel det var altså dette som slo meg i svaret frå Truls Mørk: Det skal kraft til å bryte. Det er ikkje berre å la hendene falle og la "humla suse". Det skal kraft til å bli pensjonist!

Det skal ikkje vere enkelt.

 

Fredag 8.mars 2002

 

tjeld.jpg (13464 bytes)

Tjelden er komen! lyder ropet frå Kjell Einar Fjørtoft på Fjørtofta. Lykkeleg han som får bringe bodskapen, og lykkeleg vi som veit at det vil nytte å gle seg, i år også.

Bildet ovanfor er teke av Frode Algrøy. Tjelden finst i fleire variantar på Internett, og det gir godt å utbyte også å søkje på det engelske namnet "oyster catcher".

 

 

Tysdag 5.mars 2002

aroy0.jpg (18723 bytes)

Det var som å vere sanndrøymt, - men det var ikkje draum. Det oppstod ei overrumplande samansmelting mellom å lese ei bok og å lytte til radio.

Boka er "Guden for små ting" av den indiske forfattaren Arundhati Roy (bildet). Så seint som i går kveld la eg inn på Hugen ei avskrift frå boka under overskrifta "Det er tross alt så lett å knuse en fiksjon."

I dag sat eg og smålas i boka mens eg øvde meg på å late den nye PCen laste ned ei ganske dryg "oppdatering". Samtidig let eg nyemaskinen få tene meg som radio. Her hos oss er det vanskeleg å få skikkeleg inn favoritten P2, men på PCen kan eg no ta inn alle NRK-kanalar med førsteklasses mottakarkvalitet. "Kabelradio" må vite!

I boka les eg om korleis Rahel finn båten som Estha sit på. "En bitte liten vallom-båt av tre." "Båten som Ammu skulle bruke til å krysse elva i. For å elske om natten den mannen som barna hennes elsket om dagen."

Da oppstod magien: I radioen, som no er stilt inn på Alltid nyheter, snakkar dei plutseleg om Arundhati Roy. Eg støkk til og lyttar konsentrert. Og så høyrest stemma hennar. Mens eg held boka hennar open framfor meg.

Det var underleg!

Kva ho snakka om? Eg trur det galdt noko om høgsterett i India. Noko om at viss ikkje høgsterett stod til truande og var til å stole på, så ville det indiske demokratiet morkne og gå i oppløysing.

Vel, eg stoppa det langdryge nedlastingsprogrammet og gjekk til heimesida til nrk - nrk.no. Vidare til oppslaget for kulturprogram, og der fann eg kva det hadde handla om i radioen:

Den indiske forfatteren Arundhati Roy risikerer seks måneders fengsel fordi hun i fjor kritiserte indisk høyesterett. Roy fikk i 1997 Bookerprisen for boka "Guden for små ting". Nå står hun tiltalt for kriminell forakt for retten.

Publisert 05.03.2002 09:12

Onsdag må Roy møte for Indias høyesterett, som for lukkede dører skal fatte en domsavgjørelse i saken de selv har reist mot henne.

Kritiserte høyesterett

I desember 2001 ble forfatteren og miljøforkjemperen Arundhati Roy anmeldt av fem indiske advokater. De hevdet at hun hadde ytret krenkende og skitne ord om høyesterett under en demonstrasjon mot et meget omstridt vannkraftprosjekt i Sentral-India.

Høyesterett konkluderte etter hvert med at påstandene var grunnløse, og forkastet selve anmeldelsen. Men fordi Roy i sitt tilsvar til retten, i sterke ordelag kritiserte retten for i det hele tatt å ha tatt opp saken, fant den at det likevel var grunnlag for å tiltale henne for kriminell forakt for retten.

Roy hadde advart mot det hun kalte rettsvesenets diktatorskap, og det tålte ikke høyesterettsdommerne.

- Et rettsapparat som ikke lar seg kontrollere og som ikke står til ansvar for det offentlige, er like skremmende som et militært eller et hvilket som helst annet totalitært regime, sier Roy i sitt tilsvar.

Bånd til Norge

Rettsvesenet er en av pilarene i det indiske demokratiet. Det ironiske er at Roy kan bli dømt for å ha brukt ytringsfriheten, en av de demokratiske rettigheten som landets høyesterett ifølge grunnloven skal beskytte.

Arundhati Roy har nære bånd til Norge, og den norske og internasjonale Pen-klubben sier de vil gjøre henne til en hovedsak hvis hun blir fengslet.


Av Philip Lote
Kulturnytt, NRK P2, tirsdag 5. mars 2002
Bearbeidet for nett av Torunn P. Westerfjell

 

Sundag 3.mars 2002

rbmerganser7.jpg (27441 bytes)

 

Det brukar å dukke opp ender i fjørekanten her allereie ved nyårstider. Dei er vel helst på gjennomreise. Siste dagane har tre silender vore å sjå. I dag, mens sjøen enda var still og blank, låg trioen og andøvde i ro og mak litt utfrå land her inst i Vikja. Dei held seg ofte tett opp i fjørekanten. Det er ei fryd å sjå kor mjå og kvikke dei er når dei dukkar, ofte heilt samtidig og i formasjon. Nakketusten, som visst er to-delt, understrekar den kvikke energien!

På Internett finst det ein bråte med flotte bilde. Det som har gitt beste tilslaget er å søkje på det engelske namnet "Red-breasted Merganser". Det var vanskeleg å velje, men det enda med bildet ovanfor.

Vi ser ein hannfugl som er på sym i Spring Lake i Utah, og fotografen er Margaret T. Sanchez.

Hugen   Alden