158260.jpg (16598 bytes)

Alden - ei dagbok, part 8

Eit brev til meg sjølv til deg

 

Sundag 5.mai 2002

I veka som gjekk var det "mellomalderveke" på P2 i NRK. Biletet ovanfor har eg da også lånt frå NRK si heimeside.

Har høyrt noko av nokre av programma, og det slo meg: Dette høyrest da meir ut som eit program om renessansen!

Og dermed hadde eg nok "gjort leksa mi", for radioredaksjonen hadde sett seg å vise at mellomalderen slett ikkje var ei slik "formørka periode" som vi visst tenkjer oss. Eg har da sjølv dosert i den retning at i mellomalderen var alt ei reprise gjennom hundreår etter hundreår, tradisjonen vart halden oppe frå generasjon til generasjon utan brigde, alt vart halde ved like på same måte som det hadde vore. Faste vanar, faste tankar. Lite og  inkje nytt skjedde. Mellomalderen var ein svevn, har eg tenkt.

For å vekkje meg frå denne forenkla og feilaktige oppfatninga fekk NRK hjelp av ei bok som eg vågde meg til å smålese i ute i solveggen i dag: "Vestens store tenkere. Fra Platon til våre dager." Redigert av Trond Berg Eriksen. (Den norske bokklubben).

Som eg sit og les innleiinga til del 1 (frå Platon til Galilei), kjem det mot meg:

"Renessansen på 1500-tallet var grundig forberedt gjennom middelalderens kunst og lærdom. På det ene feltet etter det andre kan man faktisk peke på forløpere både for renessansens reformatorer, billedkunstnere, litterater og jurister så langt tilbake som på 1100-tallet. Den såkalte "renessansen" var vel så mye ideologisk selvforståelse som historisk realitet."

Vel, no kveldar det i fjorden, og eg sluttar der. Men eg har lyst til å gjere avskrifta lengre, og aktar å kome tilbake om ikkje så altfor lenge.

 

Sundag 12.mai 2002 Meir om mellomalder og renessanse: "Hvem fikk rett til slutt  - Shakespeare eller Bacon?"
Måndag 27.mai 2002 "Mens eg var på Oppsal den gongen, skreiv eg eit brev til ein person som hadde sagt ja til å vere med på skulekvelden i Aasentunet 31.oktober."
Sundag 9.juni 2002 Frå "Idioten" av Fjodor Dostojevskij
Laurdag 15.juni 2002 "Desse havrallarane frå Volda og Sunnmøre var med og reiste meir enn 70 fyrstasjonar frå Oslofjorden til Finnmark." Frå "Holmgang med havet".
Tysdag 9.juli 2002 Bratteli på Nøtterø (1)
Fredag 19.juli 2002 Harumi og Hallvord Reiar gifter seg
Onsdag 24.juli 2002 Bratteli på Nøtterø (2)
Fredag 23.august 2002 Bratteli på Nøtterø (3)

Alden        Hugen