Måndag 27.mai 2002

 

Frå nyheitene i dag, etter nettutgåva til Aftenposten:

oppsalpost.jpg (4970 bytes)

Raner i postuniform fikk åpnet hvelvet

Tidlig i morges åpnet to ansatte ved Oppsal postkontor døren for en mann i postuniform. Så fikk de en pistol i ansiktet.

Ranet av Oppsal postkontor ble oppdaget klokken 08.30 i morges, da en tredje ansatt kom på jobb. Inn i lokalet fant han to av sine kolleger på gulvet. Ranerne hadde festet strips på armer og ben, så de ikke kunne røre seg og slå alarm.

Tydelig preget av den brutale opplevelsen ble de to fraktet bort fra postkontoret ved 09.30-tiden.

Siste haust, i slutten av august var eg på Oppsal og skreiv litt om det under 2.september 2001 i Alden 4:

"Veka som var gjekk for det meste med til ein tur til barn og barnebarn på Ottestad i Stange og på Oppsal i Oslo. Inntrykka av land og   natur og folkeliv og by og land er overveldande! Det kjennest som Historia går etter meg og vil meg noko. Eg som aldri har vore sterk i historie, får lyst å lære ikkje berre historie, men også sosiologi, biologi, filosofi m.m.m.! Er det alderen?
     Skogbruksmuseet på Elverum er imponerande - og gripande. Akvarium og fotomontasjar, miljømodellar og livet i skogen kyndig utstoppa og flott arrangert.
     På Oppsal, ikkje så langt frå Treskeveien og Plogveien på Manglerud, dreiv dei haustvinna midt i utkantbyen i eit ope landskap med stor himmel over. Eg kjende eit knip av den gamle soga da eg vandra etter den freda ferdselsvegen over åkersletta på Østensjø gård og ned til det fuglerike vatnet. Eit  etnisk mangfald av småbarnmødre var ute på trilletur, og ender og gjæs vart tilgodesedde med skorper og brødbitar. På veg tilbake til folket mitt oppi terrassen møtte eg gamle Ahasverus, livs levande, med posebukse og skjortefrakk. Han stoppa ørlite da vi møttest på turvegen, og han såg fort på meg. Var han ein bestefarkollega frå Afghanistan?"

Mens eg var på Oppsal den gongen, skreiv eg eit brev til ein person som hadde sagt ja til å vere med på skulekvelden i Aasentunet 31.oktober. Brevet meiner eg at eg skreiv på eit kort som eg hadde kjøpt på Skogbruksmuseet på Elverum.

Så gjekk eg opp til Oppsal postkontor, 6-7 minutt opp i vegen. Da turen var komen til min kølapp, denne einaste gongen eg har vore på Oppsal postkontor, slo mannen bak skranken luka til sides. "Du vil vel ha eit rosemerke," sa han, og eg forstod at det var dialekten min som sette han på eit spor. "Ja, Molde er ein bra by," sa eg, "men du har ikkje noko med Ivar Aasen eller Anders Hovden?" Jau, han var småkjent i traktene, men vi fann at rosemerket var det næraste, denne gongen.

Alden 8 - innhaldsliste