Laurdag 15.juni 2002

marsteinen2.jpg (115198 bytes)

 

I desse dagar blir det ikkje lenger mannskap på Marsteinen fyr (biletet). Automasjon og fjernstyring tek over.

I desse dagar kom eg også til å lese i boka "Holmgang med havet 1838 - 1914" av Jostein Nerbøvik:

holmgang.jpg (17232 bytes)

Denne boka er det andre bandet av fleire andre i verket "Volda-soga 1800-1945". Det er ikkje utan grunn at ei heil bok i Volda-soga handlar om fyr- og merkevesenet, for "Kring 1900 utgjorde dermed fyr- og merkevesenet den viktigaste næringsinntekta i fjordbygda Volda." "Desse havrallarane frå Volda og Sunnmøre var med og reiste meir enn 70 fyrstasjonar frå Oslofjorden til Finnmark. I tillegg sette dei opp hundretals lampar og merke."

I si tid var det sement og betong som førte med seg forandringar og nye utfordringar for dei som bygde fyra. Den fyrste betongbygningen var eit prøveprosjekt som stod ferdig i 1874, ein bygning ved det vesle fiskefyret på Pirholmen i Bergensleia. (s.177) Eg tek med eit utdrag frå boka:

" (...) bruken av betong i kombinasjon med stein og jarn var ein føresetnad for i det heile å kunne få fast fot på nakne skjer og holmar som Torbjørnskjær i Østfold, Marsteinen i Bergensleia, Gjæslingen på Folla, Hestskjær på Hustadvika, Åsvær og Træna i Nordland. Byggjetomtene på desse og fleire andre stader låg berre nokre få meter over havflata, og svære stormar gjekk over dei alle. Somme var utan spor av noko som kunne likne ein landingsstad, ei hamn eller ein ankerplass. På Gjæslingan skyller sjøen over jamvel i godver. Berre å kome seg i land og få fotfeste var ein prestasjon. Men fyrdirektør Diriks var ikkje sjøoffiser for ingenting. Han kalla sjølve ilandsetjinga for embarkeringen. Ilandsetjinga var rett nok berre den første etappen. Deretter galdt det å rykkje stegvis fram. Først handla det om noko som kunne likne ein bustad eller ei arbeidsbarakke på det området som nett var erobra. Dernest galdt det å skaffe seg ein base i nærleiken. Fartøy og båtlastar skulle liggje på lur i baksen eller hamna inntil tidspunktet var inne for å rykkje fram mot landingsplassen på brei front med både mannskap, material og utstyr.

Attåt sement og betong kom nye tekniske konstruksjonar. Lysblinkapparata vart forbetra på ulike måtar; dei vart mykje raskare (flash), og det vart mogeleg å konsentrere fleire strålar i kvar lysbunt, slik at signala vart sterkare. Fleire blink kunne følgje på einannan. Dette heitte å klippe lyset. I 1873 førte dette til at dei tre faste fyrlysa på Lista vart skifta ut med eitt blinkfyr. I 1892 skjedde det same på Utsira, og i 1912-14 på Torungane.

Eit anna trekk er det høge aktivitetsnivået og dei store entreprisane. Anlegg og prosjekt vart sett i samband med einannan, og både mannskapsstyrkar, utstyr og fartøy vart flytta hit og dit etter fastsette planar og rutinar. Det trongst stadig fleire arbeidarar, og dei laut rekrutterast frå eit vidare område. Ørsta kom sterkare med, det same galdt Hareid og forresten heile Sunnmøre. Delar av Nordfjord vart dregne inn, særleg galdt dette handverkarar, tømmermenn og smedar. Ole Jetmundsen Liaseth frå Hareid rykte opp som arbeidsformann. Tidleg i 1876 fekk han ordre om å skaffe fram "de dueligste Arbeidere fra Søndmør eller Nordfjord". Rekrutteringa i Nordfjord knyter seg i særleg grad til bygdene Eid, Starheim og Bryggja." (s.178)

 

Alden 8 - innhaldsliste