Bratteli på Nøtterø (3)

Dette er tredje og siste Bratteli-epistel som knyter seg til sommarturen til Nøtterø (og Tjøme). Dei to fyrste epistlane ligg her: Brev 1 Brev 2

Kunne vi spore opp barndomsheimen til Trygve Bratteli? På Tjøme tok vi ein telefon til det kommunale på naboøya Nøtterø og vart møtt med lutter velvilje, men, altså, hmmmm .... nei, dessverre. Eit spor å gå etter fekk vi no likevel.

Her er mitt foto av fotografiet i boka:

huset01.jpg (69953 bytes)

Roy Jacobsen skriv denne biletteksten: "Barndommen i restaurert stand. Bildet er tatt på tampen av sekstitallet. Den historiske omveltning har tilført stedet nye vinduer, fjernsynsantenne og sementblander."

Vi køyrde sakte etter vegen vi hadde blitt tipsa om og kika det vi var gode for. Men, nei, til slutt måtte vi snu, stoppe og spørje i eit hus. Vi såg kanskje litt skumle ut, to alvorlege karar som kom fastrådde på døra. Om vi representerte den og den sekta? I så fall: Takk for seg! Nei, vi ville vite om barndomsheimen til Trygve Bratteli! Da kom smilen, døra opna seg og gav greitt svar (vi hadde faktisk banka på hos slekta!).

Så svinga vi av på ein sideveg, og gleid ned ein bakke, og eg såg det med ein gong: Der er huset! Rune kommenterte: Det er rart med hus, det har eit vesen, eit ansikt, - har du sett det på eit bilde, kjenner du det att når du er der. Unge folk i eit nytt nabohus (slekt) kom vennleg til stades og gav oss løyve til å fotografere:

trygve02.jpg (73628 bytes)

Dette er altså atter "barndommen i restaurert stand", men no to år inne i det nye tusenåret. Fotografen hos Roy Jacobsen har stått på andre sida av huset slik at sementblandaren hos han stod der den grå bilen er parkert her.

"Trygve Bratteli. En fortelling." av Roy Jacobsen er på 615 sider, men dette vart side 616 for meg. For å vere sikker på at denne ekstrasida verkeleg hadde opna seg, for å prove det, gjorde eg meg til kameralusa med grått skjegg og grøn jakke.

Viss slekt og familie til Trygve Bratteli skulle slumpe til å kome innom dette oppslaget på Hugen, seier eg takk for vennleg rettleiing om vegen og det greie løyvet til å fotografere. Eg seier opp att: Boka til Roy Jacobsen er ei gripande og fargerik lærebok i historie. Boka har likevel mest av alt gitt meg eit heilt nytt syn på Trygve Bratteli og ein stor respekt for han som menneske.

Bjørke, 23.august 2002.

Enok Kippersund

Hugen             Alden