fosse02.jpg (5821 bytes)

Jon Fosse: "Fy å fy"

 

Laurdag 28. sepetember 2002:

Sit nett her og handterer nokre lånebøker frå bokbåten Epos, då eg dett ned i boka til Jon Fosse: "Fy å fy. Hundemanuskripta 3." (Samlaget 97) Har vanskeleg for å rive meg laus att, og må nok fortast sjå til å få lese heile, men her ein smakebit, på laurdagskvelden:

"Dei neste døgra var dei verste i livet til skipshunden Haktor, for same kva han sa til Lolietta svarte ho ikkje, og ikkje før hadde ho komme om bord, så begynte ho å kalle seg for skipshunden Lolietta, om igjen og om igjen sa ho det og sjølv om skipshunden Haktor protesterte og sa at det var ho neimen ikkje, så nytta det ikkje, ho heldt berre enda iherdigare fram med å seie at no var ho skipshunden Lolietta, no var ho skipshunden Lolietta, gjekk ho rundt og sa og til slutt orka ikkje skipshunden Haktor protestere fleire gonger, ville ho så gjerne seie at ho var skipshunden Lolietta, fekk ho berre seie det, ho var det ikkje same kva, men han kunne jo ikkje forhindre at ho gjekk rundt og sa ho var det, tenkte skipshunden Haktor, han måtte berre finne seg i det."

 

Alden 9          Hugen