fanny270.jpg (15419 bytes)

Fanny Holmin

 

Større enn største saknad og lengt

Draumejenta har ei blokk med blanke ark i som ligg framme på stovebordet og som ho ofte kikar i. Les seg sakte gjennom dei blanke sidene. Lukkar blokka att og sit med den mellom hendene som ho knip saman mellom knea.

Ein morgon har noko blitt skrive i denne blokka. Ho er halvskriven med underlege setningar. Dei står skrivne med små bokstavar midt på dei kvite arka. "Kviskrande orkanar og spende barnesjeler," står det på eitt av dei. "Sjeleleg sveltestreik," på eit anna. Ho les seg grublande gjennom dei, ute av stand til til å fange det hemmelege dei kviskrar til henne. "Det går store sorger gjennom rommet," les ho på det siste skrivne bladet, og i det same høyrer ho det kviskre i krokane, ulldottar av gamle minne, som ho enno ikkje har kome seg til å plukke opp og raske saman.

Det er fleire blanke ark bakerst i blokka, ho blar seg åndsfråverande gjennom dei kvite sidene. Brått stoppar ho opp, synest ho skimtar noko som er skrive der lenger bak. Men når ho blar om, er det like blankt på neste ark, og det utydelege gjennomslaget er forsvunne. Ho blar attende, då kan ho igjen tydeleg skimte det. Det er ikkje eit avtrykk. Det må vere noko som er skrive, bak dette arket og foran det neste.

Gripen av ein larmande lengt etter det umettelege, ståkar ho i tåke gjennom alle skap på leit etter noko som kan stagge den sviande svolten. Granskar kjøleskapet og frysaren med urolege auge. Lyftar opp eit eple, men legg det rådvill ned att. Skjer av ei brødskive og skal til å smørje den, men i staden opnar ho glaset og kastar den ut til fuglane. Til slutt pirkar ho ut ei lita flis av dørkarmen, tygg den langsamt i seg, og ventar. Stirar mot eit mørkt, lite punkt i veggen, trur det må vere arret etter ein skrue, eller ein spikar som har blitt drege ut.


Prosadiktet ovanfor er frå debutsamlinga til Fanny Holmin: Song for to stemmer og ein lukka munn (Aschehoug 1997).

Ein nyare tekst er Det er dagar som tygg henne i seg. Dette arbeidet er i ei form som kombinerer tekst og lyd på ein direkte måte med tekstlesar og lydprodusent saman på scenen. Under boknatta i Aasentunet torsdag 7.november 2002 var framføringa ved Fanny Holmin og DJ Barabass.

"For Holmin er nettopp framføringa av teksten viktig, ikkje berre gjennom skriving, men gjennom å møte publikum direkte."

Alden 9          Hugen