frøkendreyer.jpg (11721 bytes)                     edvardhoem.jpg (14627 bytes)

Eit utdrag frå romanen

"Frøken Dreyers musikkskole"

av Edvard Hoem

"Så kom den dagen han skulle møte til første orkesterprøve i Harmonien, eitt år etter at dei hadde stige av toget på Bergen jernbanestasjon. I god tid var han på plass i Konsertpaléet på Engen, som i realiteten var ein kino, men den einaste staden som stod til disposisjon for symfoniorkesteret i Bergen by. Han såg lokalitetane og var fortenkt.

Det var ein måndag, sommaren var på hall. Han gjekk inn i Konsertpaléet. Nede i kjellaren var garderoben, der dei hengde frå seg frakkane og la frå seg fiolinkasser og fløyteetui, dei som hadde med seg eigne instrument. Deretter gjekk dei opp i salen.

Dei sju og femti orkestermedlemmene i Bergen, blant dei tre kvinner, kom, ein etter ein, og Ungermann stod i døra for å helse på dei. Det kunne sjå ut som om han ønskte velkomen. Ingen var uvennlege, men han kunne ikkje seia at hjartevarmen slo imot han. Nesten halvparten av musikarane var utlendingar, som han sjølv, men ingen andre kom frå Tyskland. Han bestemte seg for aldri å gå i den fella at han tok til å unnskylde kvar han kom ifrå, for eksempel ved å opplyse om kva slags underlege folkeslag han hadde opphavet sitt i, når han rekna nokre slektsledd tilbake.

Derfor sa Theodor Ungermann berre at han var ein tyskar som hadde opplevd Hitlers epoke og kome seg velberga til det hanseatiske Bergen.

Jo, han sette seg blant dei, ved sida av konsertmeisteren, herr Valle, som bar kallenamnet Baronen, fordi han hadde ein temmeleg pompøs veremåte og ein selskapsmage som kunne tyde på velstand og gode dagar.

Ungermann skjønte ikkje at dei begynte i det små. Dirigenten kom ikkje før ved ellevetida, og den nye assisterande konsertmeisteren syntest kostbar tid var kasta bort. Han gav uttrykk for at han var vant med ein annan orkesterdisiplin, enda erfaringane hans i så måte var små. Dette sa han berre til Valle, men han burde ha forstått at det ville gå vidare. Han høyrde ikkje kva dei mumla, men ordet gjekk. Da herr von Garaguly endeleg kom frå hotellet der han oppheldt seg i dei tolv åra han var dirigent for Harmonien, stod han framfor dei som ein mann som kunne smile til verda, sjølv om han gav musikarane det glatte lag. Dirigenten gjorde seg kjend med den nye assisterande konsertmeisteren, stilte dei same spørsmåla som han hadde stilt under prøvespelet, og verka som han i enda mindre grad enn den gong høyrde kva svaret var.

På programmet stod Saint Saëns første symfoni.

Orkestermedlemmene sat tett, kanskje var det ikkje varmt i lokalet, men Theodor syntest det var klamt, fingrane vart våte på gripebrettet. Om det var meininga at han skulle vera assisterande konsertmeister, kom det ikkje fram på denne orkesterprøva, der også timelista for dei første vekene på teatret vart utdelt.

I pausen sat dei i kjellaren og åt matpakkene sine, dei som ikkje hadde rikeleg med kroner og kunne oppsøke ei nærliggande servering. Ein av dei andre musikarane baud han ein sigarett. Dei gjekk utanfor for å røyke. Det var ei vennleg handling, og vedkomande viste seg å vera ein nykomar sjølv, han dreiv ein liten gard i utkanten av Bergen. Dei andre kalla han for Bonden. Aldri før hadde Ungermann møtt ein fiolinist som også var bonde. Korleis tok han var på fingrane sine?

- Eg brukar hanskar, og det ler folk av, sa Bonden."


Edvard Hoem: Frøken Dreyers musikkskole. - Roman|Forlaget Oktober.

Alden 9             Hugen