
Jørgen Norheim
Eit utdrag frå romanen
Ingen er så trygg i fare
Etter kvart som varmen frå Jøtul-omnen nådde ut i krokane, byrja
rimet på veggane å smelte og renne ned på golvet. Parafinlampa lyste opp så det vart
reint heimekoseleg. På veggen eit bilete av kong Haakon 7. - eit teikn på at det var ei
stund sidan koia hadde vore i bruk. Veggpynten elles var nøktern, ei lettkledd dame frå
Alle Menn frå 1970 og ein Nei til EF-plakat frå 1972. Etter enkle arkeologiske prinsipp
kunne ein såleis slutte at koia ikkje hadde vore i bruk sidan først i 1970-åra - om ein
då ser bort frå Kapos korte sommarbesøk utover 90-åra. På bordet ein skinkeboks frå
Stabburet, ein boks med cola og ein lettøl. Midt på bordet eit roterande juletre. I
vindauget ein mørklagd sjuarma lysestake - det var ikkje straum i koia. Ute uendeleg
stjernehimmel over kaldt, stille vinterlandskap.
Stjerner! Guten med alle sine
barneår under lyskastarar og reklamelys i storbyen oppdaga stjernehimmelen. Lyset som dei
velorganiserte storbyane i Norden gir frå seg nattestid, gjer at den som vandrar der,
ikkje ser det himmelske lyset der ute. Det himmelske lyset ser ein først når ein vandrar
i mørkret. Det er som om ein ikkje kan tru det er same himmelen over by og land. Trass i
gatelys i kvar ei grend i det rike oljelandet Noreg ser ein framleis stjernehimmelen over
den nordiske vinternatta. Og der ikkje noko gatelys finst, i dei uendelege villmarkene på
den skandinaviske halvøya, er stjerne- og måneskinet det einaste lyset ein har
nattestid. Den nesten foreldrelause guten frå storbyens tunnelverd oppdaga
stjernehimmelen og vart fjetra.
Kapo putta guten ned i
polarsoveposen og bar han på armen ut.
"Kva er det som lyser
slik på himmelen, onkel Kapo?"
"Det er Guds auge, guten
min."
"Men kvifor har Gud så
mange auge?"
"Det er for at han skal
kunne sjå kvart eit barn på jord."
"Men når det er
overskya, ser han oss då?"
"Då nyttar han tida til
å tenkje over alt han har sett, og finne ut korleis han skal hjelpe alle barna der
nede."
"Men når det er snøver
så ein ikkje ser T-banen før han plutseleg er der, ser Gud noko då?"
"Då sender Gud snøen
til å dekkje over alt det vonde og vanskelege, slik at vi kan byrje på nytt."
Barnet spurde, og evangelisten Kapo svara.
Inn i varmen. Tett i tett med kvar sin øyrepropp. Dei vogga i takt
til Pat Boones "Blue Christmas", dei trampa takta til Louis Armstrongs
"Christmas Night in Harlem", og dei tørka tårer til Burl Ives' "What
Child Is This?" Under Pat Boones fløyelsmjuke sentimentale versjon av "Silent
Night" vart guten døsig. Den vaksne la han varsamt ned i soveposen.
Frifanten Kapo, som for
første gong i sitt liv hadde fått eit barn i si varetekt, tok ansvaret innover seg. Kva
gjer ein når eit barn skal sova? Jau, ein ber kveldsbøn. Det hadde hans eiga mor gjort,
som alle mødrer før henne, sjølv om ho i dagslys trudde meir på Lenin enn på
tømmermannen frå Nasaret. Evangelisten Kapo greip til det han hugsa frå barndommen:
"Du som haver barnen kär, se til mig som liten är."
Seinare i livet skulle guten,
då han var vaksen, sjå tilbake på denne julekvelden som det vakraste av alle
barndomsminne.
Jørgen Norheim: Ingen er så trygg i fare. Roman. Det Norske Samlaget.
Oslo 2002
Debutromanen til Jørgen Norheim heitte "Liten svein i
bærskog ut". Det Norske Samlaget 1997. Eit utdrag kan lesast her.
Alden 9
Hugen |