aasenskropph300.jpg (36998 bytes)

Stephen J. Walton: Ivar Aasens kropp

 

Innleiing

Denne boka er ein biografi. Tittelen røper ein skepsis til biografigenren, og oppbygnaden i boka avspeglar lojalt denne skepsisen.

For bortimot ti år sidan opplevde eg det som eit sakn at det ikkje fanst noka nyare eller utførlegare framstilling av verksemda til Ivar Aasen enn den Arne Garborg, Anders Hovden og Halvdan Koht stod for i jubileumsåret 1913. Eg tok til å reflektera over korleis ein med godt samvit kunne skriva ein Aasen-biografi, og las jamvel ein del biografiar, noko eg så godt som aldri hadde gjort før. Dette var så vidt før dei brått kom på moten i Noreg. Innvendingane reiste seg i hopetal.

Mellom anna var biografien mest fullstendig teorilaus som genre. Det var få som skreiv biografiteori. Og ingenting tydde på at biografane opplevde dette som noko tap. Tekstane deira var nokså samrøystes blotta for refleksjon over sin eigen skapingsprosess. Det var ein naiv genre, og er det i all hovudsak den dag i dag.

Men det verre enn så. Mangelen på refleksjon skapte eit konformitetspress i genren i retning av eit bestemt individualiserande historiesyn, og ein bestemt forteljestruktur. Biografien handla per definisjon om særmerkte, handlekraftige individ som marsjerte som agentar gjennom sitt eige tilvære, som hovudpersonar i sine eigne forteljingar. "Individ" tyder noko som ikkje kan delast opp, det minste morfemet i den sosiale grammatikken. Forteljestrukturen, syntaksen i systemet, kravde klåre kausale slutningsrekkjer, der hendingar og handlingar i ein kronologisk sekvens forklåra kvarandre. Alt dette skulle biografen taust setja i scene. Forteljinga tenderte mot illusjonen om å leva opp att livet til biografigjenstanden, slik vedkomande måtte - måtte - ha opplevt det.

Modellen var lånt beinveges frå bildungsromanen, men dette måtte medføra eit problem. I bildungsromanen sit forfattaren med alle kort på handa. Personane eig ikkje noko anna liv enn det han gir dei. I biografien sit biografen med fortvilande få kort på handa, i beste fall stutte glimt og upålitelege meldingar. Alt biografisk materiale er kompromittert, og ingenting kan takast for god fisk. Den tradisjonelle biografien krev at den kritiske refleksjonen vert døyvt for at den narrative framdrifta skal bli redda.

Så du skjønar at dette vart eit problem.

Når det udelelege individet utgjorde noko av problemet med bigrafigenren, var det opplagt at Aasen måtte parterast. Det vil seia at han, spesielt han, måtte få lov å ha ein kropp. I den vestlege spaltinga mellom ånd og materie, representerer kroppen materien, og det filosofiske utgangspunktet mitt var materialistisk. Derfor byggjer denne boka heilt konkret på Aasens kropp. Ulike emne knyter seg uvilkårleg til dei ulike kroppsdelane. Faktisk gav emna seg sjølve.

Kroppsleggjeringa av Aasen sprengjer kronologien, ialfall når det gjeld boka som heilskap. Likevel vil du finna at kronologien gjer seg sterkt gjeldande innanfor kvar bolk. Slik sett er Ivar Aasens kropp blitt meir tradisjonell enn eg hadde tenkt. Dersom du les Wolfgang Hildesheimers Mozart-biografi, vil du nok forstå kvifor konologien har fått den plassen han har fått. Hildesheimers bok er eit kaos. Likevel vonar eg at det at du sit med ei bok i handa som handlar om Aasens kropp, og berre sekundært om Aasens liv, vil fungera som ei påminning om at historia som her vert fortald, er ein konstruksjon. Ho er ikkje noka beinveges avspegling av eit levt liv, og kan heller ikkje vera det.

Det er altså meininga at bruken av kroppen i denne boka skal fungera som ein type verfremdungseffekt. Samtidig står han i ein annan historisk samanheng. Verfremdungseffekten høyrer til den klasiske européiske modernismen frå mellomkrigstida. Dei siste tjue åra har mykje av den opposisjonelle modernismen samla seg kring Bakhtin, og late seg inspirera av tankane hans om karnevalisering som motstandsveg. Karnevalet skapte ein friplass i det offisielle alvoret der hierarkia vart endevende, det folkelege vart sett i høgsetet, og det kroppslege og sanselege fortrengde makta og det åndelege.

Karnevalet slik Bakhtin skildra det i Rabelais-boka si var eit produkt av renessansen, ein epoke som berre svakt prega det norske kulturområdet. Renessansen var mellom anna tida då dei sentrale vesteuropéiske morsmålslitteraturane - i England, Frankrike, Italia, Spania - voks fram. Dei gjorde dette i eit uhyre sterkt spenningsfelt mellom den lærde latindanninga og folkemåla, som bruste fram og trengde seg inn i skriftlivet. På denne tida kappast høgt og lågt, sakralt og profant, åndelege og sanselege uttrykksformer om plassen i dei nye framveksande nasjonalkulturane.

Ivar Aasen var den seinka norske avleggjaren av renessansens språklege og allmennkulturelle omkalfatring. Han var ein revolusjonerande figur som endevende norsk språk- og skriftkultur så grundig at livsverket hans fekk djuptloddande, varige følgjer. Aasen er karnevalet i norsk kulturhistorie. Den einsformige grå framtoninga ettertida, og særleg den borgarlege hovudstadskulturen har gitt han, har klåre kompensatoriske drag. Ho er hemna over at det låge har drista seg opp.

Slik sett har mi kroppsleggjering av Aasen ein klårt symbolsk funksjon. Det er òg derfor vi begynner nedst, med føtene, og bevegar oss nedanfrå oppover.

Biografien er ein interessant genre i alt sitt elende. Dei som gjerne vil lesa meir om han, er hjarteleg velkomne til å sjå i innleiinga til Ivar Aasens nedre halvdel, som eg gav ut i 1991 (9-53). Der utdjupar eg dei teoretiske refleksjonane eg så vidt har skissert her. Når eg no i denne omgang avstår frå å plaga allmenta meir med slik refleksjon, kjem det av at dette ikkje er noka teoribok. Oppbygnaden i boka er ein reiskap, korkje meir eller mindre. Denne boka er heller ikkje noka Noregshistorie eller faghistorie, og for all del ikkje noko innlegg i norsk målstrid. Ho framstiller verksemda til Aasen ut frå kjeldene, og det vil i all hovudsak seia kjeldene hans. Perspektivet er ikkje Aasens, men det går ut frå Aasen. Vona mi er at lesarane med dette vil kunna danna seg eit bilete av kva Aasen gjorde, og korfor han gjorde det.


Teksten er henta frå Stephen J. Walton: Ivar Aasens kropp.

Omslagsfotoet viser Louise Bourgeois' installasjon Cell (Hands and Mirror) 1995.

Det Norske Samlaget. Oslo 1996.

Alden 9        Hugen