kivirahk187.jpg (38124 bytes)

Andrus Kivirähk

Trollskap i november


Om boka:

Dette er ein roman full av trolldom og trollskap, og ei oppkome av viltre påfunn, humor og ironi. Den utspeler seg på landsbygda i Estland i ei uspesifisert tid, kanskje for om lag 150 år sidan. Ikkje tilfeldig begynner handlinga ein torsdag, den vekedagen som har mest magi og trolldom i seg, og alt skjer i løpet av november månad.

Storgodset og den tyske baronen er det sosiale og geografiske sentrum i romanen, som landsbyfolket grupperer seg rundt. Andre med viktige roller er under- og overjordiske vesen av mange slag. Jamvel den farlege pesten tek skapnaden til menneske eller dyr og greier å lure seg inn på ofra sine når dei minst ventar det. Menneske og vette lever alle i ein stor symbiose - om dagen menneske, om natta vette. Og all kraft går med til å lure naboen opp i stry.

Ein kan og lese boka som ein harselas over det nye sjølvstendige Estland der livets mål og meining er å bli rik, og der alle middel kan nyttast. (Frå omslaget)


Utdrag frå boka:

"Folk gjekk ikkje til heksa berre for å knabbe kattar, dei fekk også anna nyttig der. Ho var ei gammal og bittelita kone. Det vart sagt om henne at ho hadde ein liten grisehale under stakken. Ho budde borti skogbrynet, litt i utkanten av landsbyen. Der alte ho opp utrulege mengder med kattar og gav innimellom folk hekseråd i slike ting som dei ikkje forstod seg så godt på sjølve - leita opp bortkomne ting, blanda gift og forgjorde dyr og menneske.

Oppsynsmannen var no komen til heksa for å få vite kven som hadde endevendt huset hans dagen før.

"Berre sei namnet!" kravde han mørkt. "Du treng ikkje kaste trolldom på nokon, eg skal hemne meg sjølv, og det til gagns!"

"De karane frå godset spring her som tiast no om dagen," mumla heksa. "Nyleg var futen her og stal ein katt. I går var forvaltaren her i same ærend. Kva gjer de med alle kattane bortpå godset? Har de tømt spiskammeret så grundig for den gamle herren at stakkaren må steikje seg ein katt til middag?"

"Eg kom ikkje hit for dei kattane!" svara oppsynsmannen sint. "Eg veit ikkje kva futen og forvaltaren har for seg, og i spiskammeret til godsherren har eg sett deg også stappe i deg kveitebrød så etarholet nesten rivna."

"Bli ikkje tykkjen! Eg spurde berre," prøvde ho å roe han. "Eg undrast jo kva dei kjekke karane treng kattane til. Eg nektar dei ikkje, eg har fullt opp av kattar, og beista ynglar ustanseleg. Vil ikkje du ha ein? Gode musefangarar alle saman!"

Oppsynsmanne skulle til å seie at han hadde katt, men så hugsa han at ein ukjend lømmel hadde hengt musefangaren hans i eit tre, og sinnet steig på nytt til hovudet.

"Trengst ikkje!" murra han. "Når du seier namnet på skitskallen, så set eg den kjeltringen til å mjaue ute på tunet i staden for katten. Ver litt svint no og fortel meg det du veit!"

Heksa drog fram under senga ein uhorveleg bunt med allslags planter og slengde dei i gryta som hang over elden. Rommet vart fullt av damp, og ho sat ved gryta og rørte i det kokande innhaldet med ei veldig sleiv mens ho mumla for seg sjølv til det sveid i auga og det begynte å renne av dei. Oppsynsmannen   skalv i knea av berre spenning.

"Ta det med ro!" formante heksa. "No ser eg det nesten. Det er ein mann. Sit stille, så greier eg kanskje å skilje andletsdraga."

Oppsynsmannen stivna som ein staur og heldt jamvel pusten.

"Så-så!" mumla heksa. "Ja, det er Rein Röyte."

"Ååh!" ropte oppsynsmannen og spratt lykkeleg opp av stolen. "Det kunne eg tenkt meg! Den skrullingen! Han kan ikkje fordra oss som er i teneste på godset, og no har han vorte så illsint at han kjem heim til oss og lagar spetakkel. Dette var då ei unødvendig prette. Han skal få angre det bittert!"

Han gav heksa ein mynt før han styrta ut i mørkret og sprang heimover gjennom surklande sørpe og søle.

Eit par ulvar fekk ferten av han og lunta etter eit stykke bak, men han nådde heim og slengde igjen døra etter seg utan å ane at han hadde sloppe unna ein stor fare.

Ulvane snuste svoltne. Den unge og dumme hunden kom ut av hundehuset og sette i å gøy, så ulvane tok og åt han opp."


Fakta om boka:

Originaltittel: Rehepapp ehk november. - Norsk utgåve på Pax Forlag 2004. - Omsett frå estisk av Turid Farbregd. - Omslag: Egil Haraldsen/Exil Design. - Utgitt med støtte frå Europakommisjonen, Kultur 2000.


Bokmelding ved Nøste Kendzior i Dag og Tid: Eventyret som tar kaka. http://www.dagogtid.no/arkiv/2004/17/bokm/

Omtale ved Christian Kjelstrup: "Med en tilsynelatende virkelighetsfjern blanding av eventyr, fabler og ekstrem humor, klarer estlenderen Andrus Kivirähk å si mye om livsbetingelsene i en ulvetid." Heile omtalen ligg på: http://oslopuls.no/cityguides/nav/review.jhtml?context=culture&id=747911

Om Andrus Kivirähk m/portrettfoto: http://www.estlit.ee/index.php?id=631

Om Turid Farbregd: http://www.skrift.no/no/medlemmer/index.asp?vis=60

Fedraheimen       Hugen