Enok Kippersund, f. 1936. Foreldra var Berta f. Hope og Magne Kippersund. Han vaks opp på Espeland i Arna ved Bergen der faren dreiv ein skofabrikk midt i det viktige og kreative etableringsmylderet i dei fyrste åra etter krigen. Det var ein livleg livsens skule, ei spennande leike- og læretid i eit fargerikt miljø av lokale filosofar og oppfinnarar!

I 1956 vart det artium på reallinja ved Hordaland fylkeskommunale gymnas i Bergen. Etterpå tok han eit heilt år av verneplikta som FN-soldat i Midt-Austen i UNEF-styrken (Egypt og Gaza). Så var han nokre månader på Fanaråken som meteorologisk observatør. Sidan begynte han på lærarskulen i Volda. I denne bygdebyen fann han seg inderleg godt til rettes og knytte seg til Volda-staden m/omland som sitt nye og andre heimstadmiljø! (Vart som ein sunnmøring, må vite.) Eksamen frå studentlina i 1960.

Han var lærar i fire år ved Møre folkehøgskule i Ørsta, og har sidan vore lærar og rektor i grunnskulen, fyrst på Fister i Ryfylke og lengste tida på Bjørke på Sunnmøre. Det vart ein sving og to innom journalistikk og forlagsarbeid, langvarig engasjement i lokalt kulturarbeid, lesegrupper, barne- og ungdomsteater, - systematisk draumarbeid og ulike tilsprang i skrivekunsten. Sjølvstudium og tilleggsutdanning opp gjennom åra har han valt ut frå interessene for m.a. biologi, psykologi, kristendomsfaget, sosiologi og pedagogikk.

Enok har vore aktiv i bygdemobilisering og lokalt utviklingsarbeid i skulen og blir nytta som kursforelesar og foredragshaldar, - og som kåsør og 17.-mai talar. Han har allsidig og lang røynsle frå å leie arbeidsgrupper i erfaringslæring og kommunikasjon. Han var med heile tida i fylkesteamet mot mobbing i skulen og fekk medansvar for å arrangere regionale elevkonferansar for trivsel og mot mobbing. I 16 år var han i Storfjorden sokneråd (Bjørke kyrkje). Enok er medlem i Ørsta Venstrelag.

Etter at Enok gjekk av som rektor, oppretta han einmannsføretaket Hugen rådgiving. Her arbeider han vidare med kommunikasjon, rådgiving og pedagogikk.

Han eig og driv nettstaden Hugen på www.hugen.no. På heimesida deler han refleksjonar om kvardag og land og folk. Yndlingstema har alltid vore å gjere den "usynlege kvardagen" synleg, og "å oppdage eigne erfaringar", å sjå det store i det små, og enten ein vil eller ikkje: å lære om att og om att koss alt heng i hop! Koss kan ein bli ferdig med å undre seg og ha finneglede?

Det pedagogiske hovudtemaet er prosessorientert læring gjennom dialog og samhandling med særleg ans for barnet som ressurs og nøkkelperson. Eleven som ressurs er ikkje oppdaga og teke på alvor!

Heimesida hugen.no har eit stort utval av variert og populært stoff om samfunn og kultur, mykje på norsk og ein god del på engelsk. Nettstaden har eit internasjonalt kontaktnett og er rikt utstyrt med bilete. - Enok er gift med Magnhild f. Tunheim. Dei har seks barn.

Bjørke, 12.februar 2004

Dine eigne erfaringar og dine eigne draumar er dine støttespelarar.

Kva plass gir du dei på laget?

 

Helsing

Enok Kippersund

 

opp att til toppen av sida             Til heimesida           Til Hugen rådgiving

 

 

Enok Kippersund Hugen rådgiving. Enkeltmannsføretak. Org.nr.: 982 439 868