Landskapsbilete (3)

Av Arne Ruset

Det er ein kald dag.
Elvane har rim i barten.
Bak neset
gjer fjorden seg eit ærend
inn i ei lita vik.
Der ligg han usett
og kan ta seg ein frostrøyk
i smug.


Diktet står i "Ut fjorden. Ein antologi frå Møre og Romsdal Forfattarlag." Samlaget.1986.

                Etterpå blir månadsdikta sette opp på Dikthylla                  Hugen