Ein liten kafé ved kvelden

Av Arild Stubhaug

 

Ein liten kafé ved kvelden.
Himmelen er enno raud og inn kjem eit menneske.
Utanfor får trafikken og dei andre gå som dei vil.
Vi seier:
Oppe ved uttrykket er alt ulikt.
Nede ved begynnelsen liknar alt meir.
Vegen har ulike teikn heilt fram.

Frå borda våre ser vi no
eit raudt trafikklys mot himmelen
skifta til grønt. Tid å gå.
Vi trur enno
det finst noko som kan føra oss i veg.



Diktet står i samlinga "ingen, igjen" av Arild Stubhaug (f.1948) - Det Norske Samlaget, 1974.

Etterpå blir månadsdikta sette opp på Dikthylla             Hugen