Den blonde guten smiler

Av Rune Hesjedal

Den blonde guten smiler
til ein tilfeldig turist, ei gul
gravemaskin lèt grabben kvile
mot gatesteinen, på fortauskafeen
ikkje langt frå Den Blå Stein ler
ei kvinne frå regjeringa og lèt
kvitvinsglaset fylle for tredje
gong: I denne formiddagstime
er Bergen unplugged utan
silikon, det umogelege eksisterer
i beste velgåande, vitskap er
blitt til vrøvl, ei ro strekker
seg like til botanisk hage


Frå debutsamlinga "Nesten hegredikt" av Rune Hesjedal (f. 1952). Det Norske Samlaget, Oslo 1998

Etterpå blir månadsdikta sette opp på Dikthylla             Hugen