Tiriltunga

Arnfinn Bruflot

 

Tiriltunga talde
dagane i september
- den siste varme tida
då lauvet
rauk og brann i alle lundar

Tiriltunga talde
dagane i september
fullt vetande om det
som skulle hende.

Døden, eit tagalt drag
i seige fibrar

Framfor det stor ukjende


Frå samlinga Arnfinn Bruflot:"Juni-båten" (Det Norske Samlaget, 1969)

Etterpå blir månadsdikta sette opp på Dikthylla             Hugen