Krukkene

Paal-Helge Haugen

 

Det ligg i store glaskrukker, det er der
alt saman, på hyllene i den gamle svale

kjellaren. Eg er der sjeldan. Det er nesten
ingenting, eit gjennomsiktig destillat
som tida får til å stivne. Alt saman
godt lukka, utan merkelappar, svakt krydra
av mikroskopiske partiklar frå ei innsamla
soltørka lykke som voks vilt i kanten
av store skogar.


Frå samlinga "Sone 0. Dikt." av Paal-Helge Haugen.

J.W.Cappelens Forlag A.S. - Oslo 1992.

Etterpå blir månadsdikta sette opp på Dikthylla             Hugen