Vedkløyving

Knut Rage

 

Straumen var gått den kvelden,
så eg laut kløyva ved i ljosken

frå ei gammal fjøslykt eg
hadde funne einkvan staden.
Skuggane djupna rundt stabben,
eller dei var ikkje så djupe,
alt etter kor eg stod,
eller korleis eg gjorde.

Då eg hadde kløyvd
ei heil røys fekk eg hug til frisk luft,
sjølv om det kjendest betre enn

mykje anna å puste inn dei ørande
små partiklane frå nykløyvd ved.
Eg gjekk utanfor.
Over skytjetaket såg eg
dei blinkande raude lysa frå eit fly.
Det flaug så høgt at eg ikkje
kunne høyra duren. Det fanst
menneske langt der oppe.


Frå samlinga "Ei kvit stille" av Knut Rage. Samlaget 1997.

Knut Rage si heimeside: http://home.online.no/~krage/knuindex.htm

Månadsdikta er sette opp på Dikthylla             Hugen