Haust

John Clare

 

Eg elskar kastevind som skjek
i døri dagen lang
og ned av almekruna tek
kvart lauv som visna hang,
og driv dei kringom vegg og nòv
med tusen andre i eitt gòv.

Kor godt å sjå når vind grip tak
og riv i kvist og grein
og so sjå sporven som i mak
pip ut til kvelden sein,
plent som om våren var her nyst
og kviler seg ved sumars bryst.

Kor godt å sjå når røyken snur
i krappe kverveldrag,
sjå skjorer vagla kring eit skur
ein slik novemberdag,
sjå hanen gala oppå tuva
og vindkvernsegl på heidi duva.

Ei fjør av ramnebringa svart
fell mjukt i åkerleir,
og eikenøtter dumpar hardt
frå tre med kråkereir,
so gris som gryntar, aldri mett,
fer opp og lyder når dei dett.


Frå "Mjølk av Paradis." Engelsk og skotsk lyrikk frå Thomas Gray til John Clare. Utval, gjendikting og etterord ved Johannes Gjerdåker.

Det Norske Samlaget, Oslo 2000.

Liste over dikt som er presenterte på Hugen på  Dikthylla                Heim til  Hugen