ruba'iyat.jpg (88452 bytes)

 

Vers av Omar Khayyam

 

IV

Kvar minste stund dei kallar 'no og her'
er god så sant du nyt ho før ho fer!
Hugs, alt du kallar ditt i denne verd
er borte, straks du ikkje lenger er.

 

IX

Me granskar best me kan og grundar mest,
men gåta utydd er til minste rest;
dei seier sløret hindrar oss å sjå,
men me skal bresta òg, når sløret brest.

 

XIV

Sat du og eg saman, hand i hand,
ein stad der åker møter ørkensand
med vin, ein brødleiv og ei bok, var eg
meir sæl enn nokon sultan i sitt land.

 

XV

Du stirer gjerne opp der stjerner stimlar
i krins i endelause eterhimlar,
men ver på vakt, for det har hendt at dei
som står på høgste steg, er dei som svimlar.

 

XXX

Då hjarta mitt av kjærleik måtte slå,
eg kunne nesten alle ting forstå,
men straks eg såg med augo av forstand,
var aldri meire noko kjent å sjå.

 

XXXII

Gjev fjellet vin, og fjellet dansar fritt!
Om einkvan vantar vin, då lån han litt!
Du bed meg lata staupet stå, men hugs,
at berre dét gjev ljos til livet mitt!

 

XXXIII

Han som er nøgd med dagleg brød og salt,
som eig ein kove når det vert for kaldt,
han tener ingen, ingen tener han,
og ingen har ein betre livnad valt.

 

XXXIV

Hus, mat og klede får du ikkje fritt,
for dette er det rett å streva stridt,
men aldri strev for meir enn det du treng,
for det vil kosta dyre livet ditt.

 

LXII

Dei som sat trutt der kunnskapsljoset skein,
der som dei sa at læra lyste rein,
fann sjølve ingen veg i myrkret, men
vart borne ut i inkje, ein for ein.

 

XCI

Vind kom med angen din til hjarta mitt,
straks drog det ut og leita breidt og vidt.
No har det gløymt og hugsar ikkje meg:
Det flaug i elden og vart eitt med ditt.


Frå "Ruba'iyat" av Omar Khayyam. Utval, gjendikting og føreord ved Johannes Gjerdåker.

Omar Khayyam (1048-1131), matematikar, astronom og poet, ein av klassikarane i persisk litteratur. Han var fødd i byen Nishapur i Khorasan i det nordaustlege Iran. Bortsett frå nokre få arabiske dikt, heldt Khayyam seg berre til éi diktform, fireliners-verset, roba'i.

Illustrasjonen på toppen er skanna frå baksatsen i den norske utgåva og gjengir side 140 frå ei persisk utgåve av Khayyams ruba'iyat.

Det Norske Samlaget, Oslo 1997.

http://www.samlaget.no/forfattar.cfm?id=1700

 

Liste over dikt som er presenterte på Hugen på  Dikthylla                Heim til  Hugen

23.02.06