Fem dikt av Arnljot Eggen


Han gav

Han gav av sitt jordsmonn
så andre kunne vekse
dei voks over han
og stengde han inne
han sat der som fange
i sin avviste varme

hans framtid var over
men ei fortid var nær
han snudde sin lagnad
og sløkte si hildring
han voks i ei armod
der varmen rakk lenger


Råk

ein elvestraum vaknar
svart i det kvite
pludrar som undrande barn
mot det stigande lyset
mumlar innettervendt
og prustar i kulde
der iskanten kvitnar
som gamlingens frostbart


Teietid

I byrjinga berre
var Ordet
så kom den fint
modulerte
og ordrike
teiinga


Vanskane

har sitt innfløkte
styrkande rotnett
kuttar du det
for å rømme
visnar du meir

Blakk i Marrakech

Han hadde ein kniv
på botnen av smilet
eg hadde ein usikker
bakveg i mitt
han fekk det eg hadde
slik gjorde vi opp
og var kvitt


Dikta er henta frå samlinga "Dikt mot det stumme" av Arnljot Eggen. - Det Norske Samlaget 1993

Omslag: T.S./Atle Aas

Liste over dikt som er presenterte på Hugen er sette opp på  Dikthylla                Heim til  Hugen

22.01.07