Dikt av Oskar Stein Bjørlykke


endeleg har eg

råd til å vere
meg sjølv

i vatnet
ein sommarkveld

straumane er
så milde

kven sym der
spør du

svaret er:
eg


eg kryssar

ikkje lenger
meg sjølv
her på fjorden

eg berre vender
seglet i sola

sjølve ferda
heiter eg


den venstre

handa mi
veit godt
kva mi høgre
gjer

og tanken min
skal bu
i hjartet

eg stryk
i kveld
dei to

hendene mine
over panna
over brystet

 


her under

piletreet
er det beste
treet, det

bøyer seg djupt
i alle vindar

vender sine
blad og skimrar

slik
kan eg stå


eg kom

til meg sjølv
i støvet

uthuset
mørkt og stille

lysbjelken
gjennom rommet

eg
la meg ned

i ein slik
fred


eg går

inn i skåpet
til meg sjølv
kjenner blusen
mot ansiktet
lèt att auga

du òg her?

då byter vi klede
i mørket
du får skjorta mi
i natt


Dikta ovanfor er avsnittet "og eg" i samlinga "Bakken" av Oskar Stein Bjørlykke. - Samlaget 2006

http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=135830

http://www.dagbladet.no/kultur/2007/02/12/491694.html

http://www.studvest.no/kultur.php?seksjon=anmeldelser&art_id=5544

http://skrift.no/katalog/index.asp?medlem=bjorlykke.oskar.stein

 

Liste over dikt som er presenterte på Hugen er sette opp på  Dikthylla                Heim til  Hugen

31.03.07