Hilde Myklebust: Berre dagar seinare


Det er eit gult lys

i fjøsen om kvelden

Over glaskuplane

ligg eit tynt lag

av pust og ullfeitt

 

Tippoldefar bygde fjøsen

Han legg mørtel mellom steinane

og smir trenaglar med tollekniven

Oldefar sit på hoggestabben

Han skriv med kløyvde blyantstumpar

Farfar kardar hesten i lange tak

Far står i fjøsdøra

Lutar seg mot greipa

og lyder mot fjella

 

Dei ser meg kome

og legg frå seg arbeidet


Hilde Myklebust: Berre dagar seinare. Dikt.

Det Norske samlaget. Oslo 2005 - ISBN 82-521-6582-6

Omslag: Jesper Egemar

Intervju med Hilde Myklebust: http://www.synste.no/Ny2005/10-hilde.html

Dikthylla      Hugen

08.09.07