Van Gogh tvilar ikkje

Av Hanne Aga

 

Ja visst er portane små
og vegen bortanfor
ikkje til å få auga på

Mørkret finst

------

I sanning

Van Gogh tvilar ikkje

Åkeren tvilar heller ikkje

------

Alt startar i rommet
det tomme

Alt startar i håpet
om å bli fylt

Eg kjenner uroa

Krafta som går

gjennom vatn
gjennom fingrar
synleg nok
alltid vibrerande

kornet mognar
handa kvitnar

treet eit vitne i sol

------

Krigen er alltid nær
Eg høyrer lyden av gamle grep

------

Skriket ut til sidene
Botnen i svart

------

Kvar kjem krafta ifrå

Den knuste båten?

Munnen min er full av gammal kviskring

 

Eg spyttar ut eit svart kor

------

Om natta oppe mot taket
opnar eg vindauget
Mørkret møter meg
Stjernene møter meg
Lufta kjem inn
Og noko som liknar på håp

------

Eg trur

På jorda sitt indre

På skjelving og portar

Eg har ei natt
og ei glo på tunga

------

Det brenn
Nokon brenn
Den vidsynte forstår elden
Den vidsynte legg boka open
Den som har mot er med

------

Han går med sine kvite steg over åkeren

Dei svarte fuglane over han er ikkje til å ta feil av

Villskapen i himmelen syner seg

Eg veit om dette

Eg tvilar slett ikkje på det eg ser

Kornet når meg med sitt strie gule auga

------

Det nådelause mennesket
Ei grav i natta

Det drøymande vidspente mennesket
Skinande port
Eg gret ler og strålar i mange rom

------

Van Gogh tvilar ikkje
Kvar dag står han i åkeren
Og gjev oss si strie sjel

------

Han ser på meg
Eg ser han
Marknaden sitt endelause nederlag
Skjelvinga sin store siger

------

Han var oppløyst i det tomme
Det som ikkje har namn Han var eitt
med det som ikkje var men som er til
Skjelvinga tok han gjennom alle portane
Inn til ein kvit eld

------

Historia som fyller seg ut

Døden den daglege øvinga

------

Eg er døden
Eg har visst det lenge
Eg har alltid sverdet klart
Utan å vite det har eg alltid hatt sverdet klart
Eg hadde ei aning
Det var noko raudt og triumferande i skuldrane mine
Når eg galopperte over viddene
Ja ikkje berre raudt
Det lange håret stod etter meg som eit svart segl
Eg bryr meg ikkje om andlet lenger
Dei andre sine uforståande andlet
Eg er i fart
Vinden er sterk
Og i mi retning
Eg er stolt
Stolt som døden
Eg skammar meg ikkje
Over sverdet
Som bur i meg
Eit levande sverd er verdt ein død
Det er farten og rørslene
Og det opne brystet
Som avgjer
Å forstå er for gudar
Døden er det som gjeld
I livet spring eg med stormande syn
Inga ro finst
Alt er i fart
Alt er til
Døden som er til er alt
Eg er den ridande røyndomen

Slik såg eg sola sprenge natta

Slik det er
Biletet som låser opp
Til eit nytt bilete
Slik det er
Hundre soler
Og eit rasande mørker

Eg eit bilete
Fylt med blod

Eg kryp over kvite brear

finn armar finn fingrar

finn kulde søvn og vaken

Eg grip eit ord

Det renn som sol

------

Alle desse nettene som
fyller forstanden

Kunsten å stå opp
i eit nytt landskap

------

Alt er i skaping

Jublande

 

Hav flør og fell

Songane flyt som elvar

------

I aust og vest lyser gullet
Som ei ny sol

------

Ei hardare verd ja
Men augo er mjuke
i jorda sitt andlet

Eg strandar der eg strandar
og havet er framleis det same
ein salt veg gjennom årane dine

------

Alle våre rørsler
Skrifta som varer og varer

Her lever vi med hendene våre
Her er skulder mot skulder
Og natta er ei krukke vi skal tømme

-------------------------------------------------------------------------
 


"Van Gogh tvilar ikkje" er frå samlinga "Eit rom å falle inn i"  

Hanne Aga: Eit rom å falle inn i - Solum forlag. Oslo 2005

ISBN 82-560-1471-7
 

Heimesida til Hanne Aga med bibliografi, smaksprøver og om forfattarskapet:

http://home.nvg.org/~aga/hanne/

 

 

Dikthylla      Hugen

25.10..07