Seks dikt frå samlinga "Sjøfarar"

av Sophia de Mello Breyner Andresen

 

Dagen

Ver ein heil dag i eige selskap

la ikkje andre få forstyrre

Eit dikt stig fram så nytt så gammalt

- du veit ikkje kor lenge du har bore på det

 

Lisboa

Eg seier:

"Lisboa"

når eg kjem sønnafrå, over elva

og byen opnar seg der eg kjem, som fødd av dette namnet

opnar seg og reiser seg i si fulle nattelengd

i si langstrekte skimring av blått og elv

i kroppen av høgder og ryggar i haug

Eg ser den betre fordi eg seier namnet

Alt visest betre fordi eg seier namnet

Alt viser betre fram kva det er og kva det manglar

fordi eg seier namnet

Lisboa med dette namnet av vere og ikkje vere

med krokvegane av undring, av søvnløyse og bølgjeblekk

og det løyndomsfulle skinet av teater

med dårespel av maskespel og renker

Mens storhavet strekkjer seg mot vest, langt mot vest

ligg Lisboa og gyngar som ei skute

ligg Lisboa der, hjartelaust bygt opp langsetter sitt eige fråvær

Eg seier namnet på byen

- seier det for å sjå den

 

Bølgjer

Bølgjer - finst det vakrare hestar

enn dykk, bølgjer de er

Finst det finare bøyg i nakken

Finst det finare kast med mana

eller villare prusting på heile havet

Finst på vidaste stranda ein kjærleik meir drukken

 

Hus

Hus - håse hus

vegger som vaker - dørstokkar rette og høgtidssame

rom etter rom tørstande halvmørke

taka langsame

som i spegelen skimt av magi og vatn: under flata

ein veg til det mulege

 

Lidenskapen bur i løyndespela

og i deira tragiske presise

perfeksjon

 

Skriving II

Han skriv i eit stort rom, nesten

tomt

Han treng ikkje bøker og notatar

for kunsten hans er minnets barn

Han fortel det han fekk sjå

og sola i det han såg skal alltid lyse på han

 

Ut her

Opn døra og kom

ut her

ut i verkelegheitas salte presisjon

 


Sophia de Mello Breyner Andresen, fødd i 1919, vaks opp i Porto, i ein rik og dana familie med nordiske anar.

Sjølv om ho heile livet har vore opptatt av litteratur, historie, sosial rettferd, er likevel naturen fremste inspirasjonskjelda for henne, og da særleg havet. Få diktarar har eit større vokabular og fleire bilete for alt som har med sjø og vtn å gjere. Ho kan prise naturen og protestere mot menneskeleg tyranni på eit og same tid: "Er du i stand til å sjå kor sjokkerande flott verda er, er det logisk atdu også ser det sjokkerande elendet."

Sophia "Sjøfararen" er ein av Portugals mest respekterte og verdsette forfattarar.

(Frå omslaget)


Sophia de Mello Breyner Andresen: Sjøfarar

Utval og gjendikting ved Tove Bakke

Omslagsdesign: Ingeborg Ousland

Cappelen 2000

ISBN 82-02-20169-1

Tove Bekke har skrive eit etterord i boka

Sjå elles: www.editorial-caminho.pt

 

18.01.08

Dikthylla               Hugen