
Odveig Klyve: Det andre blikket. Dikt.
Eit utdrag v/Hugen:
Du sit her no
og tralla ramlar gjennom korridoren
med tran og tablettar
Du bur i dei hemmelege dagane
der alt kan henda
og du har ein usynleg son i fanget
ditt femte barn etter fire døtre
Endeleg lever han
seier du og stråler
Eg må ha bleier og mat
er han ikkje vakker
Eg må finna mat
til barnet mitt
det nyfødde barnet mitt
seier du
Og eg veit ikkje om eg skal le eller gråta
Men du er jo
her
seier eg
på aldersheimen
Du ser på meg roleg
og lyfter hendene med bylten
Er han ikkje vakker
eller ser du det ikkje
at han er komen no
han som vart bort på vegen
Du må bruka det andre blikket
det som ser
at alt er mogeleg
Dette er tida for
det vidunderlege
Eg er mor på nytt
i mitt seksogåttiande år
Alt er så lett
berre å ynskja
så blir det til
det nyfødde barnet
med mjuk hud
og blikket til den som eg elskar
Skjønar du ikkje
Kanskje er du for ung
eller for gammal
Skjønar du ikkje
at dette er tida for alt
som ikkje fekk plass i
det fyrste
i det forstandige
at dette er tida
som ikkje flyktar
Foto: Tove Elin Berg

Odveig Klyve: Det Andre blikket - Dikt
Cappelen 2006 - ISBN-13: 978-82-02-26143-6
ISBN-10: 82-02-26143-0
Omslag ved Ingeborg Ousland
E. Anfinsen melder "Det andre blikket" i
Tidsskrift for Den norske legeforening:
http://www.tidsskriftet.no/index.php?seks_id=1514287
Oddmund Hagen i "Dag og Tid":
http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=729
Melding av Truls Horvei:
http://www.h-avis.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20060607/KULTURBOK/106070004/1008/KULTURBOK
Helge Torvund - "Vakkert om endetid":
http://www.dagbladet.no/kultur/2006/10/02/478423.html
Helge Rykkja "Alder og draum":
http://www.helgerykkja.com/Nytt/126
Stiftelsen Psykiatrisk opplysning:
http://www.psykopp.no/product_info.php?manufacturers_id=5&products_id=196&osCsid=997d2beef3ac30e955b7ef4f1d568b64
Svar på faste spørsmål på Litt.klikk:
http://www.abcnyheter.no/node/33553
Heimeside:
http://www.odveigklyve.no
Bibliografi:
http://www.cappelendamm.no/main/Katalog.aspx?f=7046
Dikthylla
Hugen
05.10.08