Jostein Krokvik: Klokkevisaren

Tre dikt frå samlinga

 

 Uvanleg vindstilla

Ved Stad ligg skodda

tett som so ofte

den einslege fiskaren i sundet

set garn

kanskje er makrelen

komen

 

juni

 

uvanleg vindstilla

på denne kanten

der blåsteren herjar

 

løynd av skodda er

himmelen

stjernone

soli skal vera i nordvest no

 

æva bankar bak

stilla

altet slær sine slag

*****

 Dauden og kjærleiken

Dauden og kjærleiken

er

einaste emni verde å skriva om,

 sa ein diktar

 

dauden skal ikkje

 vera meir

sa profeten

*****

 So snøgt

So snøgt sviv mangt

no

at

det stend stilt


 

Forfattaren Jostein Krokvik døydde 29.mars 2007, godt 80 år gammal.

I kunstnarregisteret:
http://www.kulturnett.no/personer/person.jsp?id=T3208354

Da Krokvik fekk Vanylven kommune sin kulturpris: http://www.synste.no/Ny2003/47-kultur.html

 

Dikthylla               Hugen

19.01.09