Julehelsing 2012

  

Har de vore på Grodås? Kvar det er? Vel, Grodås, i inste enden av Hornindalsvatnet, er no blitt ein ny nabo. Grodås har kome like nært som Fyrde i Austefjorden og nærare enn Volda. Det er den nye Kvivsvegen som opnar for nye grannar. Vi fer til dei og dei kjem til oss. Nokon ”gammal Kvivsveg” har det ikkje vore, så den nye vegen er altså heilt ny! Ingeniørane og anleggsfolka har skapt eit fantastisk kunstverk og ei trafikkåre i eliteklassa.  Bussruta frå Volda til Stryn er på mindre enn ein time. Kvivsvegen er ein del av stamvegen, om du vil, frå Stavanger til Trondheim, men for oss er dette ei lokal vegutløysing både mot nord og sør. Ein stamveg med lokale gevinstar. Vi har store forventningar til det nye sambandet. Enda er vi ganske overrumpla. Det gjeld om både å halda bakkekontakt og å vere kontaktopen!

Og så er det fritt fram for julemeditasjon og ettertanke på mangt eit veg- og tunelltema: ”ljos i tunellen” og ”vegen blir til mens du går”, ”vegen, sanninga og livet” og ”jag har bott vid en landsväg”, ”den smale veg og den breie veg” og ”la vegen gå hvorhen den vil!” - for berre i farten å kaste fram nokre traséalternativ!

 

Vi ønskjer dykk ei glederik julehelg og eit fredsamt nytt år.

 

Magnhild og Enok