Reiser mellom språk

Nedfallstekst 6

 

Det Norske Samlaget 2007

ISBN 978-82-521-6997-7

Frå boka:

No skal me reise til eit land som ikkje finst. Den sovjetiske psykologen Lev Semjonovič Vygotskij (1896 - 1934) fortel i boka "Tenking og tale" om vesleguten som lærde ordet "kva". Sidan dette kva ikkje har nokon ting å gjere med det norske spyrjeordet kva, skal med i staden nytte det norske motsvaret gakk-gakk. Og guten treng eit namn, så me kallar han Nikita.

Det er forvitneleg å sjå korleis Nikita nytta ordet gakk-gakk. Då han fyrst lære ordet, nytta han det om ei and som sumde i ein  dam.. Då han skulle snakke om mjølka i mjølkeflaska si, kalla han også dén for gakk-gakk. Men det stogga ikkje der, for då han fekk sjå ein mynt med bilete av ei ørn på eine sida, kalla han dette òg for gakk-gakk. Og som om det ikkje var nok, tok Nikita i bruk ordet gakk-gakk om augo på teddybjørnen sin.

Vygotskij kallar dette eit typisk døme på kjedekompleks. Kvar ny ting som Nikita kallar gakk-gakk, deler ein eigenskap med noko han før har kalla gakk-gakk, men eigenskapane gjennomgår endelause endringar:

Han såg likskap mellom vatnet i andedammen og mjølka på mjølkeflaska. Begge delar er flytande væsker.

Han såg likskap mellom anda i dammen og ørna på mynten. Begge delar er fuglar.

Han såg likskap mellom mynten og teddybjørnaugo .Begge delar er små runde ting.

Sjå no på mjølka i flaska og augo til teddybjørnen. Mellom dei er det ingen slåande likskap, men dei blir likevel båe kalla gakk-gakk, for teddybjørn-augo liknar mynten, ørna på mynten liknar anda i dammen, og vatnet i dammen liknar mjølka i flaska. Me treng ingen direkte likskap  mellom augo og mjølka, så lenge det er ei likskapskjede mellom dei.

Den austerrikske filosofen Ludwig Wittgenstein (1889-1951) kalla slike kjeder for familielikskapskjeder. Han viste korleis tydinga til det tyske substantivet Spiel blir nytta om så mange typar spel og leikar at det er uråd å finne noko som er sams for alle. Men alle spela og leikane utgjer ei lang familielikskapskjede. Då me som små born dansa i ring og song Eple og pærer dei vekser på tre, når dei blir mogne så detter dei ned, utførde me ein leik som ikkje har påfallande likskap med eit sjakkspel, men mellom dei to finst det ei lang kjede som viser at det ikkje er meiningslaust at tysktalande mellomeuropearar kallar både delar og mykje anna for Spiel.

---------------------------------------------------------------------------------------------------

Ei lenkje til Ludwig Wittgenstein:

http://hugen.no/wittgenhugen%2001.htm

---------------------------------------------------------------------------------------------------

 

Lev Semjonovitsj Vygotskij (17. november (jul. 5. november) 189611. juni 1934) var ein jødisk-kviterussisk pedagog og filosof. Verka hans vart kjende i Vesten1960-talet.

Vygotskij var fødd i Vorsja i Kviterussland og døydde i Moskva i Russland av tuberkulose.

Lev Vygotskij var ein pedagogisk teoretikar som lanserte ideen om at barn si utvikling i større grad skjer i samspel med omgjevnadene enn som ein utelukkande individuell prosess. Spesielt interesserte han seg for skilnaden mellom kva barn kan lære seg på eiga hand og kva dei treng hjelp frå vaksne til. Avhengig av kva assistanse dei får kan barn anten vera på sitt faktiske utviklingsnivå dersom dei lærer på eiga hand, eller på sitt potensielle nivå dersom dei blir stimulerte av foreldre eller lærarar.

Vygotskijs innfallsvinkel kallast sosiokulturalisme fordi han ser samfunn og kultur som avgjerande faktorar for individet si utvikling og prestasjonsevne. Med utvikling meiner han evne til tenking, språk samt mental og personleg utvikling. Ifølgje Vygotskij skjer utviklinga gjennom relasjonar, spesielt til foreldra, og aukar den kulturelle forståinga (omgrepsapparatet). Den kulturelle forståinga og den kognitive utviklinga kallar Vygotskij for internalisering. For at eit barn skal bli internalisert må det bli undervist og ha eit godt tilhøve til dei som er eldre (foreldre, lærarar, idol, mv.). Ifølgje Vygotskij påverkast altså intelligensen av dei sosiale faktorane.

Vygotskij var lenge upåakta og Jean Piaget var den førande teoretikaren på emnet barn si utvikling. På 1980-talet vart han likevel oppdaga på ny i samband med glasnost og har i dag stor påverknad på forskinga om barn si modning og språklege utvikling.

 

Lev Semjonovič Vygotskij

Kjelde: Wikipedia

Index: Nedfallstekstar