Urnes stavkyrkje i Sogn

 

Sjølve kyrkjerommet i Urnes stavkyrkje har ikkje plass til så mykje folk, men før i tida kunne mange møte fram. For dei fleste vart det å stå utanfor og prøve å danne seg eit inntrykk av korleis messa arta seg. Somme kunne følgje litt betre med ved å lytte gjennom spesielle hol i veggen. Det gjorde det ikkje enklare at messa var på latin.

Korleis opplever ein moderne norsk kyrkjelyd ei vanleg gudsteneste i dag? Går det greitt, eller kan det likne på å stå utanfor og prøve å oppfatte noko gjennom eit hol i veggen?

Tilbake til framsida