Eit utdrag frå boka, frå kapitlet "Litterær kultur blant sunnmørske hauginarar":

Kjernen i Hauge-rørsla var bruken av ordet. I den meining var ho ei litterær rørsle. Særskilt på Søre Sunnmøre vart haugianarrørsla nærast litterære arnestader. Både Berte Kanutte Arflot, Sjur Velsvik, Sjur Koppen, Anders Velle, Lars Knutsson Melle, alle frå Ørsta og Volda, var ikkje berre omreisande forkynnarar, dei var også skrivande folk som spreidde bodskapen gjennom trykte skrifter. Dei var eksponentar for ein litterær kultur som batt trusbrør og -systrer saman i eit tett og åndeleg nettverk. 

Utanom husmøta med skriftlesing, song og bøn brukte haugianarane særleg samtalen som påverknadsmiddel. Eit nærbilete av denne forkynningsforma gir Berte Canutte Aarflot i skildringa av si eiga omvending i 1822.

Han [d.e. Gud] føiede det da saaledes, at en Mand, nemlig Amund Knudsen Brekke, som var kommen til Sandheds Erkjendelse og havde av Guds  uforskyldte Naade annammet den Tro, som virker kraftig i Kjærlighed, kom til os en Aften for at Være hos os Natten over og da traf det sig saaledes, at ogsaa tvende andre Personer paa samme Tid kom til os, hvilke Begge vare i deres naturlige Tilstand og ganske sikre. Han vilde derfor ikke lade Leiligheden gaa forbi, men gav sig i Samtale med dem om det ene Fornødne og af Guds Ord forelagde dem Guds Raad til vor Frelse og Salighed, og skjønt jeg gikk i Huset og syslet med det, som mig tilkom, lyttede jeg dog opmærksomt til, saa meget som jeg kunde; thi Herren vakte ligesom en Begjærlighed i mig efter at agte paa, hvad han sagde (Aarflot 1860:13).

 Jostein Fet:

Lesande bønder. Litterær kultur i norske allmugesamfunn før 1840

 Universitetsforlaget. Oslo. ISBN 82-00-22702-2

index