Reisa ~ The expedition - 1

Vi er klar ~ We are ready

skipet03a.jpg (30721 bytes)

27.juni 2006: Nordgåande hurtigrute "Trollfjord" slakkar ned for å leggje til kai i Ålesund. Vil skipet halde seg flytande når vi straks går om bord med kjempestore forventningar, så store at dei kanskje sprengjer lastereglane for overvekt? -

27th June 2006: Northbound Coastal Express Liner "Trollfjord" is slowing down to come alongside quay in Aalesund. Will the ship keep on floating when we in a few minutes enter it with our very great lots of expectations, so great that they may break the overweight limits?

skipet01.jpg (87933 bytes)

 

skipet02.jpg (19215 bytes)

Matrosen er klar til å kaste fanglinene inn til hjelparen på kaia og få gjort skipet fast. Snart blir gangbrua lagt i land, og mannskapet vil ønskje oss velkomne om bord.

The sailor is ready to throw the mooring hawsers over to his helper on land that he can make fast the ship - and pretty soon the gangway will be lowered and the crew will welcome the passengers on board.


I fem døgn skal vi vere om bord med kurs for Kirkenes. Dei neste fem dagane skal vi ta oss heim att med buss og leigebil, fly og båtskyss - og ha nokre opphald under vegs. I mange år har eg sett fram mot denne reisa. Eg vil prøve å skrive eit slags referat, som vil kome hulter til bulter i småklumpar. Før eg reiste, kjøpte eg nytt bildekort til det digitale kameraet som no skulle kunne ta bortimot 600 bilde. Det rann fullt og peip om nåde før vi hadde kome rundt. Eit par tre år vil eg nok trenge for å kome gjennom dette skriveprosjektet. No legg eg i veg.   - (Framhald følgjer.)

The next five days we will be heading for Kirkenes, the last harbour before touching the Russian border. After that we for another five days will return back home by bus and hired car, planes and smaller ships - and a couple of stays. For many years I have looked forward to this travel, which I might call a voyage, - finally I found it became an expedition. Before I left, I purchased a new picture card to my digital camera. It should now take about 600 shots. However, it was brought to overflow before we broke the finish line. I will try to bring a report from the ten days, which will be in a design of a text pieces landslide, in a pell-mell order. I will need a couple of years to write this. Here I go. - (To be continued.)

>>> Nordkapp~North Cape


         wittgenstein03.jpg (12927 bytes)

         Den niande reisefellen - The ninth travelmate


        enok@kippersund.no

 

Index