Enok Kippersund:

"Eit vindauge inn til barnet"

Om å løfte fram elevtekstar - og om å bli løfta, av dei, inn i didaktisk ettertanke og grunngjeving for eigen praksis.

(Ein freistnad på å skrive deltekstar saman i eit lappeteppe.)


Tidlegare har eg sett opp ei tilvising til ein artikkel av Synnøve Matre: Elevteksten som vegvisar til tilpassa opplæring (sjå elevteksten som vegvisar). Matre skriv m.a.:

 

"Ærendet med artikkelen er å løfta fram elevteksten som eit vindauge inn til barnet. Samtidig ønskjer eg at nærlesing av nokre slike barnetekstar kan bidra til å utvida tekstkompetansen hos lesarane, slik at dei betre kan tolka tekstane til elevane og byggja opp undervisninga ut frå dei. Velutvikla evne til å lesa tekstar formidla gjennom gjennom ulike medier, munnlege, skriftlege, teikna, elektroniske og så vidare, er det beste grunnlaget for å leggja til rette for tilpassa undervisning i norskfaget. Eit viktig siktemål for meg er å få lærarar i større grad til å sjå tekstane til elevane - heile tekstane."

I praksis gjennom fleire år har eg prøvd å "nærlese" elevtekstar for betre å kunne tilpasse undervisninga i norskfaget. Eg vil i det følgjande prøve å gjere greie for nokre av erfaringane og tankane som dette har gitt meg. Frå Synnøve Matre låner eg ord for kva eg vil tenkje om elevteksten:

Eit vindauge inn til barnet

 Deltekstar:

2.februar 2002

1. Om å "skrivelese" ein elevtekst
19.februar 2002 2. To strekar i skogen - ein fellesstart for fri skriving
4.mars 2002 3. "Det er tross alt så lett å knuse en fiksjon."
17.mars 2002 4. "Da banka det på døra."
27.april 2002 5. Teikning med snakkebobler
29.april 2002 6. " - det er forunderlig hvor mye barn oppdager for en."
2.mai 2002 7. «Barnas deltagelse bidro til at voksne ofte måtte tenke på nytt og snakke på andre måter enn ellers."
   
   

Fotografia på toppen av kvart av dei fire fyrste deltekstane er frå eit uteprosjekt ved Steiner-skolen i Lørenskog.

Kjelde: Frode Svane/Barnas Landskap http://home.c2i.net/swan/

 

Hugen start           Metodikk-dugnad