Eit utdrag frå romanen "Symfoni No. 3, Opus 41" av Jan Inge Sørbø


Larghetto

 

NATT PÅ FRØLICHS pensjonat, november 1936. Fartein har gått tidleg til ro, alltid går Fartein tidleg til ro. Men i natt får han ikkje sova. Det er november, mørke dagar, lange kveldar, seine morgonar. Fartein er uroleg; nyleg har han sagt nei takk til ei jordomsigling med båt, han skulle ha piano med og sigla til Kina, Australia, India, han skulle få sjå landet der Zwei Kinesische Gedichte blei skrivne for 1000 år sidan, men Fartein var uroleg, han slo opp i Bibelen og fekk eit råd: "Han fant døden, thi han lod sig ikke advare", og han ringde reiar Thorkildsen og takka høfleg nei. I Italia blei ropa frå Mussolini meir og meir hysteriske, og uro var det også i Tyskland, trakassering av jødar og forfylging av alvorlege kristne, teologen Olav, nevøen, kjem med stadig meir urovekkande rapportar frå sine kontaktar i Berlin. Fartein kastar seg fram og tilbake på senga, men det er verken Hitler eller Mussolini han høyrer for sitt indre øyra;  det er stemma til Arne. Vesle Arne frå Valevåg, ein ung slektning som Fartein tidleg blei kjend med. Arne, som opna øyro for at barnet ikkje er fanga inn i dur-og-moll-systemet enno, som sat på ei tuve med eit strå i handa og nynna i uventa sprang og forløp som Fartein hadde brukt femten år på å kjempa seg til innsikt i. Vesle Arne, som snudde seg mot Fartein, med litt sjenanse og fascinasjon, og som straks slutta å syngja då han blei observert, stemma hans var det Fartein høyrde denne novembernatta. Barnestemma, slik ho lydde for ti-femten år sidan, då Fartein lytta til atonal barnesong.

Jan Inge Sørbø: Symfoni No.3, Opus 41. - Roman. Samlaget 2006.

valenduett01.jpg (86800 bytes)

Komponisten Magnar Åm og forfattaren Jan Inge Sørbø kjem til Aasen-tunet sundag 2.april 2006. Dei presenterte programmet: To fotspor etter Valen.

*

Forfattar og komponist samtalte om tilhøvet til Fartein Valen.

Jan Inge Sørbø las frå romanen Symfoni nr.3, Opus 41 som kom ut på Samlaget i mars, og han spelte utdrag frå symfonien og Valens fiolinkonsert.

Magnar Åm fortalde om arbeidet med fiolinkonserten Stalagmittid, der Valen-sitat er blant byggesteinane. Han spelte også utdrag frå urframføringa i Grieghallen i Bergen.

*

Omtalen av programmet er skrive på grunnlag av programarket. Foto: Enok Kippersund


Om du har lyst å kommentere, her er adressa: enok@kippersund.no

Fedraheimen            Hugen