Eit utdrag frå boka "Den siste langrennaren" av Gudmund Skjeldal


 

skjeldal01.jpg (58366 bytes)

Den siste langrennaren

 

Ventinga var halve moroa med langrenn - for oss som såg på. Ein kan tenkja seg at ho enno varer ved, for dei styrande i FIS har ikkje heilt gjeve intervallstarten frå seg. Som medlem i langrennskomiteen har Vegard Ulvang fått gjeninnført den gamle femtenkilometeren med einskildstart. Men eitt og hitt vitnar om at éin variant av underhaldning har blii erstatta av ein annan - i sinnet. Ta Kjell Kristian Rike, som har kommentert sport i NRK heilt sidan 1980-talet, som eitt døme. I staden for å bygga opp ventinga og spenninga ved det stilleståande biletet med innleving og nedteljing av sekunda, og med forklaringar av løpsutviklinga mellom passeringane, ber han ein ekspertkommentator i målområdet om å ringa landslagstrenaren som står på sekunderingspost, så han kan få vita korleis Kristen eller Frode Estil ligg an mellom fjernsynspostane. Helst skulle han visst det heile tida, ser det ut til. Han toler ikkje venta lenger, høyrest det ut som, torer det kanskje ikkje, er visst redd for at uvissa og stilla og ventinga trøyttar sjåarane. Når så Kristen (eller Frode) kjem stakande forbi Frognerseteren, er det ikkje anna att for Rike enn å stadfesta den gode tendensen, finjustera han med eit par sekund, kanskje. Det er som fjernsynet sjølv er blitt sjalu på det indre auga vårt.

Der er som om tolmod er blitt ein truga dyreart. Det kulturelle mangfaldet er truga på linje med det biologiske mangfaldet. Livsformer blir trekte i tvil.

Det er kanskje slik at born og vaksne ikkje noterer passeringstider lenger. Kvifor gjer dei ikkje det? Me må spørja, me kan ikkje berre konstatera og resignera.

På 1970-talet hadde NRK sjakkprogram etter barne-tv. Ungar kunne læra å spela sjakk! Diktaren André Bjerke var drivkrafta bak sjølve programmet. Enn at sjølve undervisningstanken i statskanalen kunne romma slike idear og driv! Eit slikt program er fjernt nett i dag. Men det var mogeleg ein gong.

Noko av problemet er at TV2 ikkje ville funne på å produsera eller senda eit slikt program. Dermed torer ikkje lisenskanalen å gjera det heller. Situasjonen minner om ein fellesstart i langrenn. Alle lurer på kvarandre.

Dessutan er undervisningsideologien blitt diskreditert - og gjord til latter. Mykje av det som kan knytast til staten, er formynderi. Skulen er nesten den einaste institusjonen der opplysning er legitimt. Men også der er det eit kav med å få ungane til å sitja i ro, eller rettare sagt få dei til å konsentrera seg.

Tolmod er ein verneverdig art. Men ikkje berre verneverdig - det er høgst påkravd som grunnlag for gode i livet. Sjakk er eit gode i seg sjølv. Opplæring i spelet kunne også komma anna til gode. Stalin ville ha sjakk inn i skulen så ungane kunne utvikla taktiske og strategiske evner i fall krig. Det finst betre grunnar: oppøving i kunsten å venta. I kunsten å halda ut.


Gudmund Skjeldal: Den siste langrennaren. Ei historie om Kristen Skjeldal og snø.

Samlaget. Oslo 2005

Gudmund Skjeldal, f.1970, som har skrive denne boka om broren Kristen Skjeldal, var landslagsløpar i langrenn fram til 1994. Det året kom han med boka "På villspor. Takk og farvel til toppidretten." Sidan har han hatt kommentar- og frilansarbeid i ulike aviser. Han er cand.philol. med hovudfag i idéhistorie, og arbeider for tida som lektor i den vidaregåande skulen i Oslo.

Om du har lyst å gi tilbakemelding til Hugen, her er adressa: enok@kippersund.no

 

19.05.2006 - E.K.

Hugen