13 år

(utdrag frå ei novelle av Oddmund Hagen)

Det året du er 13. Noko har hendt med deg, nokon bryr seg om deg, du kan ikkje forklare det, veit berre at det er slik, har visst det ei stund, veit ikkje heilt kva du skal bruke det til. Det er nyttig og unyttig på same tid, eitt eller anna som trekker deg, noko som skremmer deg bort, heilt annleis enn alt du veit, og du tør ikkje snakke med henne, tør ikkje sjå på henne, trekker deg unna, inn i deg sjølv, vil ikkje. Og likevel veit du at ein eller annan gong vil de oppsøke kvarandre, ein eller annan gong vil du følgje henne heim, og de vil vere ganske tause, ganske bortkomne og sjenerte, og når det heile er over, skal de begge vite at det var eigentleg ingen ting, berre ein draum de prøvde innhaldet av.

Alt hender så fort. Før du har tenkt det, er det der, ein mørk kveld de er ute heile gjengen og ingen vil heim, berre vere ute og saman om eitt eller anna, og det er ikkje du som finn på det, ikkje ho heller, men de blir med, de har vore med på det før, det er ganske uskyldig, spennande så lenge det varer, og det er haust, ein heilt vanleg kveld, og de blir med inn i hagen til læraren for å naske stikkelsbær, plukke i lommene, ha eit lager som vil vare og vare, eit varelager, seier ein, og det er litt morosamt og de ler, dultar borti kvarandre og ler. Du held deg ganske nær henne, du merkar ho ser etter deg, og om avstanden blir for stor, finn ho igjen plassen sin. Noko er i ferd med å hende, du veit det, men akkurat no plukkar du stikkelsbær, har nok med det, spør om ho vil smake, stikk eit bær i munnen hennes, kjenner leppene som eit kyss mot fingrane, og ho lener seg mot deg, ganske fort, stryk deg over kinnet. Du grip etter henne, men ho smyg seg unna, det er enda lenge att av kvelden.

Og de plukkar stikkelsbær og det er mørkt og berre ei naken pære i utelampa lyser nedover i hagen og gjer alle blasse og utydelege, og mens de plukkar og et, går ytterdøra opp og læraren kjem ut og står litt på trappa, ser opp mot himmelen, ser ut i lufta, strekker seg og gjespar. Han er ein gammal mann, pensjonist. Du har hatt han eit par år på skolen, du har lært noko av han, litt rekning, han har lært deg å skrive, han har ført handa di bortover arket og forma bokstavane, du minnest det enda, ei slags innviing, ein kode de knekte saman. Han er streng, du er litt redd han, veit ikkje heilt kor du har han, kan skifte fort, ja, du veit vel det.

Alle legg seg flate bak buskane straks de ser han. Det er ikkje godt å vite. Kanskje har han site bak gardina og følgt med, tenkt ut ein plan, han har vel ikkje stort anna å gjere etter at kona døde, de veit han kan vere ganske lur, utspekulert. Og han blir ståande på trappa, stirre ut i lufta, sukke på det bortkomne viset som berre dei heilt einsame kan det, og det hender ikkje meir før han tar til å gå nedover i hagen mot bærbuskane der de ligg og har lommene fulle av fersk gjerning. Han stansar før han trakkar ned dei næraste, han veit ingen ting om at de ligg der, han er like naken som lyspæra over trappa når han fell på kne og de hører at han ber, ja, han ber og kviskrar namnet til ho han har mista, og de ligg der og hører dette og veit ikkje kva det betyr, fattar det ikkje, berre lyttar og lyttar mot ei bønn i haustmørkret, inderleg, nesten som ein gråt mot frosten og vinteren og den knugande einsemda i eit stort hus med mange rom der det ikkje finst andre lydar enn dei ein sjølv lagar.  [.....]


Utdraget er frå novella "13 år" av Oddmund Hagen frå samlinga "Denne brannen, alltid" - Samlaget 1995

Omslagsillustrasjon: Arnold Rottem - Omslagsdesign: Radek Doupovec

Om forfattaren Oddmund Hagen: http://www.samlaget.no/forfattar.cfm?id=1991

- Utrettelig jubilant:  http://www.aftenposten.no/kul_und/litteratur/article1627412.ece

Om "Vinterbarn": http://www.nrk.no/nyheter/kultur/1.1680033

Kommentar knytt til "Vinterbarn": http://www.dagbladet.no/kultur/2007/02/19/492437.html

01.03.2007

Hugen             Bokhylla