Johannes Heggland: Du er den fyrste. Noveller.

Eit utdrag frå novella "Kjelda"

 

Sola hadde kvelda over varm jord, lagt dimme kvelden etter seg liksom, og gjort nypløgde åkrar og gjødseltunge marker til eit anna rike å vandra i for ein trøytt mann etter ein sveitt dampande hest på veg mot ein stall og ei stova.

Han var ingen gamling, han med slakke taumar i dei harde hendene. Han var ustø i knea, trøyttleiken hadde bøygt han. Men det var ein trøyttleik som varde berre natta over, ikkje ein alderdomstrøyttleik som gjorde eit menneske tungt og bøygde det mot jord.

Og inni seg kjende Tormod det just slik. Han var ikkje nett huga gå stad og dansa, for skjorta hang kaldsveitt kring overkroppen og det maura og verkte i føtene frå okla og oppover av trakket etter ein snøgg hest ein våronndag etter lasset, etter plogen. Hendene og armane - dei kjende han ingen verk i, kunne stade natta til endes for den del. Dei var trena, dei var seige som rot.

Kva strevde eit menneske etter?

Attom han voks det svarte åkerlandet eimande opp mot ein dulram nattehimmel. Den svarte åkeren var eit varsel om noko stort som skulle henda. Den var lik eit ungt menneske med so mykje av den spanande makta i seg. Det og var som ein jordsvart, nypløgd åker, - der ingen hadde trøtt, anna den Den store Plogkaren.

Sidan kom andre og sådde. Sådde so mangt, tenkte Tormod. Det kunne vera ein gudsmann kanskje. Det kunne vera ei gjenta som kom framom det store førehenget og gjekk med ein skinande sålaup og øydde av sin rikdom på ein svart, ukjend åker, driven av den underlege makta som steig opp både frå jorda under ein og jorda i ein.

For Tormod hadde det ikkje vore gudsmannen som hadde kome, men ho. Ei namnlaus sterk ei som hadde kome mot han i den tida han trong mest om det. Sidan hadde ho rita namnet sitt inn i han med heile seg - so heilt og fullt eit menneske kunne gjera det, trudde Tormod.

Ho heitte Eldri og kom ingen stad ifrå, ei ukjend for kvarmann. På fyrsten hadde nett det vore det dragande og lokkande ved ho, - at ho var som vinden: Kvar ho kom frå og kvar ho for av var ei gåta, hos henne meir enn hos nokon annan Tormod hadde møtt.

Men ho for ingen stad av. Ho vart verande hos han. Det var den våren far hans gjorde uferda si. Dei fann han i kjelda nedom stovehusa, og folk sa han hadde vilja tynt seg. Tormod gjekk aldri framom den kjelda utan å kome far sin i hug. Det var etter den tid han hadde kome til å tenkt meir på kva det var som batt menneska til livet. Stundom var det redsla, hadde han kome etter. Andre tider kjærleiken. Eller andre sterke band. Tilværet, som for far hans hadde vorte ei meiningsløysa, det kunne for andre vera himmelriket på jord.

Og den tida som hadde kome etter ulukka med faren, då hadde Tormod stundom gått og undra seg på om det nokon gong skulle gå han sjølv slik fram i livsvegen. Ikkje at dei kom til å finna han i ei kjelda, men at tanken hos han skulle verta mektigare enn livet kring han og vitet og hjarta i han.

Han tykte han hadde fått eit stempel på seg etter det med faren.

So hadde Eldri kome og stroke det bort. Men fyrst lenge etter skjøna han for ein stor ting som i grunnen hadde hendt.

[.....]

 


Johannes Heggland: Du er den fyrste. Noveller. - Gyldendal, Oslo 1952.

Omslaget teikna av Edith Mohn

Om Johannes Heggland: http://www.bergen.folkebibl.no/vestlandsforfattere/forfat/heggland.html

 

 

20.03.2007

Hugen          Bokhylla