Jostein Krokvik: Galgiholm

Eit utdrag

 

Fødeåret til Ane Olsdotter er ikkje etterviseleg, men med bakgrunn i andre upplysningar set me det til kring 1675. Tidsetjingi byggjer på grovt augnemål og på noko slarkande vitneutsegner, som burde vera tilnærma pålitande, serleg av di vitni ingen tenkjeleg grunn hadde til å tala usanning. Grovrekningi vår hindrar likevel ikkje at det røynlege fødeåret kunde vera litt tidlegare, men knappast serleg seinare.

Me held oss til dette årstalet, 1675, som i vår samanheng tel lite, men som nok talde meir for kong Kristian V og den mektuge kanslaren Peder Griffenfeld, dei vilde leika landevinnarar nett dette året. Skånskekrigen tok til og vara ved til 1679. Året 1675 vart minneleg for Griffenfeld på ein annan måte, for han fall i unåde, og vinteren etterpå, i mars, vart han fastsett, og han kom seinare, som me veit, til Munkholmen, der han med fingeren skal ha sett seg merke i stein i sin endelause gang rundt steinbordet.

På denne tidi var Ulf Fredrik Gyldenløwe stathaldar i Noreg, noko som vert nemnt, same um det for oss er heller uviktugt. Gyldenløwe var halvbror til Kristian V, son til Fredrik III og Margrete Papen, eit av dei mange borni utanfor ekteskap som danskekongane hadde slikt storfløde av; ein kongeleg sedvane som - um meir måtehaldande utøvd - kunde kosta jamne menneske i kongeriki mykje. Kor som er, etter sogesegjarars meining var ikkje Gyldenløwe nokon ring mann for Noreg. Han skulde vera liketil og folkeleg, prøvde tøyma verste griskskapen til embetsmenn og godsherrar, og hadde vilje til å gjera kåri betre for bøndene.

 

Homborstad

I stova på Homborstad var ingen stor rikdom, venteleg. Far til Ane heitte Ola. Det er alt me veit om han. Namnet på mor hennar er ukjent, og upplysningar om ætt og skyldfolk let seg ikkje framspora. Men om me møter grå tagnad, talar nett fråværet av upplysningar ein ordlaus tale um folk som sleit hardt for levemåten i kår som ikkje var av dei mest romhendte.

Peder Hansson Schreuder, sokneprest til Eid og Davik, døypte gjenta må me tru, i den nye kyrkja som var reist på på den gamle kyrkjestaden i Davik i 1655, ei timbra langkyrkja med tårn, våpenhus og kor. Den bordklædde kyrkja var tjærebredd og tekt med sutak. Kor lenge Davik hadde vore kyrkjestad då dei reiste nykyrkja i 1655, veit ingen, men minst 400 år var det nok.

Hit til Davik rodde dei fjorden i båt med gjentebarnet ein sundag då slagi frå bronseklokka i tårnet klang tungt um sjø og grender. Presten steig fram i den eldgamle messehakelen av blå taft, som futen Jakob Andersson førde frå Nedstryn-kyrkja til Davik i 1615. Ljos brann i dei tvo tinnstakane då prestehandi fukta panna på dåpsbarnet i vatn frå det gamle massingdøypefatet med innritingar so vande at ingen veit å tyda dei lenger.

Ane Olsdotter Homborstad. Skreiv presten i den kyrkjeboka som ikkje meir finst.

På Homborstad voks ho upp, i det fine solhallet ovanfor fjøre og fjord. Nordfjord. Lenger inne låg Eid, frå gamalt stundom kalla Øye. Lenger ute, på hi sida av fjorden, utanfor dei kvite greinene frå vidder med snø og is som aldri tina, Ålfotbreden, der visste ho at Rugsundet opna seg søretter mot Frøysjøen. Endå lenger ute låg fjordmynnet og Vågsfjorden, umtala og velkjent for Ane, men unsynleg frå heimebakkane. Der bukta Ulvesundet seg, sogekjent, med den opne leidi nordetter og framum Selja og Stad.

Med åri kom ho til å ferdast i hamrar og høgder, Ane Olsdotter, på gjæting, bærleiting og vedsanking - eller av lyst, serhendes når tidi og stundene var henne milde. Ho fekk sjå Hornelen ruva i sørvest, på ein måte skræmande, men ikkje utan lokkande tildrag, med glans frå segner og eventyr, det gamle Smalsarhorn. Rivja i fjellet voks jamleg, sa dei, og ein dag skulle Smalsarhorn falla.

[.....]


Galgiholm av Jostein Krokvik er ein historisk roman frå Nordvestlandet på 1700-talet. Men boki er ikkje berre ein rekonstruksjon av ein tragisk kvinnelagnad frå ei tid med sosial urettferd og manglande rettsvern for småkårsfolk. Ho er like mykje ein refleksjon kring sjølve skriveprosessen, kring det å skapa eit fiksjonsverk med utgangspunkt i dokumentarisk tilfang. (frå omslaget)

Ved tittelbladet: Galgiholm er ein roman. Alle personnamn er autentiske, og stadnamn, årstal, dagtal og etterviselege hendingar er heimla i bygdetingbok, lagtingbok og andre arkivfaste kjeldor. - Skildringa sjølv syner vonleg kvar fantasi avløyser dokument.


Jostein Krokvik: Galgiholm. -  Norsk bokreidingslag 1990 - ISBN: 82-90186-78-9

Umslag: Leif Raa


Forfattaren Jostein Krokvik døydde 29.mars 2007, godt 80 år gammal.

I kunstnarregisteret: http://www.kulturnett.no/personer/person.jsp?id=T3208354

Da Krokvik fekk Vanylven kommune sin kulturpris: http://www.synste.no/Ny2003/47-kultur.html

 

21.04..2007

Hugen          Bokhylla