Jens Tvedt: Godmenne

Eit utdrag

 

 

Når live det ligg i ein solskins-flaum,
det leikar so fagert med von og draum
og blinkar i kvar den blaane
med blanke stjernor og maane.

Lufti er mosi av godvêrs-ysma. Di lenger burt di tettare synest ho, og fjelli fær ein graa-blaa dysje-lét. Men dei næraste aasryggene hev klaare kantar og ein daam av sol-gull.

Bøane er prydde med blom: Sékane gule av hóv og soleia, men burtetter flatane er det marihand og sokkablom. Paa skraggi mark held bjølleblomen og tiritunga seg. Og langsetter med veger og i turre reiner gjemar rølliken med fin krydde-ange.

Midt paa brisnaste bøen stend Hòle-husi. Stova og budi er raudmaala med kvite glaskarmar og torvtak, men løda tjørebreidd og helletekt. Og i halle att-um husi er aldehagen, lagd der i livd fyr nordanvinden.

Eit par byrseskot lenger nede er vatne. - Det ligg stillt og blankt og dormar i varmen. Her og der hev eitkvart fykande duppa ned-i, vætt seg på vengene og vinn ikkje upp-att, kavlar og gjer smaa ringar som kjem og gjeng, vidkast og jamnast ut. Ender og daa er er det ein ring som vert fleire famnar vid fyrr han kverv. Det er vel ei kjøa som glefser etter ei fluga elder eitkvart anna etande. -

Hallvard Hóla ligg i bakken sørum husi og ser nedyver bøane og yver vatne til andre sida. - Det er sundags stunder og slikt aa gjera.

Mangt leikar i hugen, men tanka kjem alltid attende til det same: Tru kvar Helga held til - denne dagen?

Han hev 'kje set henne si' ho gjekk med Lid-borni heim vegen, og det var straks etter dauren. -

Det vart einslegt slike dagar, naar ikkje Helga var heime.

Men ein kunne ikkje venta ho heldt seg med tune naar ho einkvan hadde aa gaa til og moroa seg med, for ho var aa kalla berre barne endaa, maa vita. - Ho gjekk fyr presten i aar og skulde staa til hausten, var tanken.

Han laut faa ein gutunge-trave til aa hegna smalen, for gjetsle-gjenta skulde ho ikkje lenger vera. Ho hadde sprunge nok upp-i lidene alle desse aari. Og ho vilde ha godt av aa sjaa eitkvart til rettes innandørs og læra seg til. - Elles kunde ho mi sann sine ting likso fjerre som Herborg. Han sytte korkje med aa sleppa henne paa stabbure elder aat høystaale fyr den dêl.

Det einaste maatte vera at det var for stridt aa leggja ansvare paa henne, so ung som ho endaa var. Um ho fekk eit aar til paa seg, vart det gjerne for stridt korso. Ein skuilde ikkje krevja for mykje, elles tok ein mergen or dei.

Men gildt hadde det vore um han vart kvitt Herborg. Ho tedde seg snart som det var hennar eige alt i hop. - Dette aare hadde han ikkje eingong fest henne, men vart ho ikkje verande kanskje! Og ho kravde helder ikkje tillag paa løni.

- Du tarv ikkje sleikja deg fyrr du er smurd!

Han lo stilt, la hendene under nakken og saag ende upp i vêre.

Tydeleg munde det vera eitkvart tytta stilte paa. - det var vel ikkje fyr inkje at han plent skulde skulde gøyma bankboki hennar. - Men neimenn kunde ikkje han hjelpa at ho gjorde seg tankar. Aldri so mykje som eit helvdrege ord fraa hans sida, - det visst han seg fri fyr. Og skulde ikkje verta det helder.

Herborg var eit dugande kvinnfolk, ingen skulde anna segja, - han hadde røynt henne so fjerre. Men ha meir med henne en at ho var taus i tune, det hadde han ikkje bryst fyr. -

Han letta seg upp paa olbogen og saag nordetter vegen.

- Nei du, der er ingen aa sjaa! sa han halvhøgt, reiste seg og dreiv nedimot vatne. - Eitkvart laut ha slaa tidi i hel med - ein dag det ikkje var anna aa ta seg til!

Det kunde vel henda at Helga ikkje hadde vore so lenge heimafraa som han totte. Men ho kunde rett gjerne kome no - likevel.

[...]


Jens Tvedt: Godmenne - Ny utgaava - Kvinnherad mållag 1997

Faksimile av 1927-utgåva. Olaf Norlis Forlag, Oslo

Utgjevar: Kvinnherad mållag, 5470 Rosendal

ISBN 82-7128-258-1

Umslag og grafisk tilrettelegging: Jo Gjerstad

Umslagsillustrasjon: Jens Tvedt. - Målarstykke av Lars Osa

A.s. Centraltrykkeriet, Bergen


Hva var det med Jens Tvedt? Ole J. Askeland i Stavanger Aftenblad: http://web3.aftenbladet.no/kultur/article219661.ece

Jens Tvedt-Huset. - Museum: http://www.kulturnett.no/organisasjoner/hovedorganisasjon.jsp?id=T11649889

Markering i barndomsheimen. Lokal informasjon frå Kvinnherad. Ein del foto: http://www.innsida.no/nyhende.asp?art=9599&sek=1&usek=1

Artikkel frå 1895 av Rasmus Steinsvik i den 17de Mai. Norskt Folkeblad: http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=1194&id=3154

 

14.07.2007

Hugen          Bokhylla