Utdrag

 

4. Denne tida budde Illuge Svarte, son til Hallkjell Rosskjellsson, på Gilsbakke oppå Kvitåsida. Mor til Illuge var Turid Dylla, dotter til Gunnlaug Ormstunge. Illuge var den største hovdingen i Borgarfjorden nest etter Torstein Egilsson. Han hadde store eigedomar og var mykje hardlyndt, men heldt venene sine vel. Han var gift med Ingebjørg, dotter til Åsbjørn Hordsson frå Ørnulvsdal. Mor til Ingebjørg var Torgjerd, dotter til Midfjords-Skjegge; ho og Illuge hadde mange born, men få kjem denne soga ved. Hermund heitte eine sonen deira, og ein annan Gunnlaug. Begge var emnelege menn og då nett vaksne.

Så er sagt om Gunnlaug at han var tidleg vaksen og stor og sterk, og hadde ljosbrunt hår som fall vent. Han var svartøygd, med litt stygg nase, men hadde eit tiltalande andlet, var midjesmal og herdebrei, uvanleg velvaksen, storlåten i heile sitt huglynde, tidleg framfus, strid og hard i alt, ein stor skald, men laga gjerne nidviser og vart kalla Gunnlaug Ormstunge. Hermund var den mest vensæle av dei to brørne og tedde seg som ein hovding. Då Gunnlaug var 12 vintrar gammal, bad han faren utstyra seg til ferd, og sa han ville fara frå landet og sjå andre folks seder.

Illuge var heller uviljug til dette, og sa at Gunnlaug ikkje ville tykkjast god i utlandet, når Illuge snautt tyktest kunne styra han heime som han ville.

Ein morgon litt seinare vart det at Illuge gjekk tidleg ut og såg at buret hans var ope og at seks sekker med ullty var lagde ut på tunet saman med nokre kløvputer. Han undrast mykje over dette. Då kom det ein mann leiande med fire hestar, og det var Gunnlaug, son hans. Han sa: ”Eg har lagt ut sekkene.”

Illuge spurde kvifor han gjorde det.

Han sa at det skulle vera ferdagodset hans.

Illuge sa: ”Ikkje noko rådvelde skal du ta frå meg, og ingen stad fara før eg vil,” og hivde ulltysekkene inn att.

Gunnlaug reid då bort derifrå og kom om kvelden ned til Borg. Torstein bonde baud han vera der, og det tok han imot. Gunnlaug fortalde korleis det hadde bore til mellom han og far hans. Torstein bad han vera der så lenge han ville, og der vart han verande det halvåret og lærte lovkunne av Torstein, og alle lika han godt. Ofte spela han og Helga tavl saman. Dei fekk snart godhug for einannan, som det sidan synte seg. Dei var om lag jamgamle. Helga var så fager at kunnige folk seier ho har vore den fagraste kvinna på Island. Håret hennar var så stort at det kunne gøyma heile henne, og så fagert som uthamra gull, og ikkje noko gifte tyktest då jamgodt med Helga den fagre i heile Borgarfjorden og endå vidare.

Ein dag folket sat i stova på Borg, sa Gunnlaug til Torstein: ”Ein ting er det i lovene som du ikkje har lært meg: å festa meg kone.”

Torstein seier: ”Det er ikkje vanskeleg,” og lærte han korleis ein bar seg åt.

Då sa Gunnlaug: ”No skal du prøva om eg har skjøna det, og no vil eg ta deg i handa og lata som eg fester Helga, dotter di.”

Torstein seier: ”Det tenkjer eg ikkje trengst.”

Gunnlaug treiv han då i handa og sa: ”Gjer meg no til viljes i dette.”

”Gjer som du vil,” seier Torstein, ”men det skal dei vita som er til stades her, at dette skal vera som usagt, og her skal ikkje liggja noko under.”

Så nemnde Gunnlaug seg vitne og feste Helga, og spurde så om det no var gjort godt nok. Torstein sa at så var det, og dei som var til stades, hadde mykje moro av dette.

 -----


Utdraget er skriv av etter Skoleutgåve frå Det Norske Samlaget, Oslo 1979

ISBN 82-521-1466-0

Omsett av Ivar Eskeland. Tilrettelegging og merknader ved Hallvard Magerøy

18.08.2007

Hugen          Bokhylla