Sigmund Skard: A. O. Vinjes karakter

(udrag av artikkel)

Vinjes sjels-lag synest ved første augnekast å spotta alle vanlege skjema. Det gjeld ikkje først og fremst hans skiftande intellektuelle standpunkt, men sjølve reaksjonsmåten overfor livet. Samtida kalla han ein kameleon, med den viktige skilnaden at han hadde endå mykje større evne til å syna mange fargar samstundes utan å bresta av det. Men går ein ned på det fysiologiske og sjelelege grunnlaget, er dette kameleontiske ein nøkkel til personlegdomen.

Eit av dei sjelelege grunndraga hos Vinje er ein uvanleg reseptivitet. Han var open for inntrykk og spela saman med omverda på ein måte som høyrer til det sjeldsynte. Ein kan lett nemna diktarar som er meir næme på einskilde trongare område. Det som skil Vinje ut, er at dette draget gjeld alle evner jamfengt og er med og formar heile sjelslivet. Han har ikkje sjølv nagla det fast i noko einskilt ord, men han har laga ord for motsetninga: han talar om "tronglyndte" folk. Ein kunne kalla han sjølv vidlynt, eller kanskje heller op-lyndt.

Det gjeld fyrst, som hos kameleonen, sjølve den fysiologiske sansing, portane ut mot kringværet. Vinje har ikkje nokon overnormalt utvikla einskildsans. Men alle sansane er uvanleg váre, og har merkeleg lett for å arbeida saman. Han tar opp i seg den ytre verda som ein totalitet, ein "Gestalt", som ein uvanleg stor sum av sanseinntrykk. Ein finn far etter dette alt i dei litterære freistnadene hans, og anekdoter heilt frå barndomen tyder på at evna ikkje er bråkomen ved overgangsalderen, men høyrer konstitusjonen til.

I den mest primitive forma møter ein dette i ei frygd over fysiske nytingar som følgjer han gjennom heile livet. Alt frå barneåra blir det fortalt kor uvanleg matkjær han var, endå han då visseleg aldri trong svelta. Det er likeins med andre opphavlege instinkt, og det vart aldri annleis. Den litt snerpute J. E. Sars legg for dagen ei løgleg blanding av forundring og mothug kvar gong Vinje slepper seg til med denne primitive sansingsgleda, frå reint priapiske utbrot av naturlege drifter og til den uskyldige, men uforståelege svir å sova naken i skinnfellen for å kjenna han med heile kroppen. Venene fortel korleis Vinje ein gong tok til å gråta då dei på Nystova fekk sett fram for seg ein veldig aure til middags.    " 'Det er til at missa si Forstand ', sagde eg ein gong til Laatt og Løgje for mine Felagar, daa eg sat med ei Rjomekolle."

Dette draget går att opp gjennom heile skalaen og toppast i dei mest raffinerte estetiske sansingar. Nokre prosastykke frå siste tiåret hans syner fenomenet frå ulike sider. Han skriv i 1862 om ein tøymontre på den internasjonale utstillinga i London: "Denne Silken .... er so mjuk for Synet, at Du liksom kjenner det i Smaken og jamvel liksom høyrer det; for det, som er fullkomet for ein Sans, verdt kjent med alle Sansar, so det visar, at det i Grunnen berre er ein Sans berre med mindre Underavdeilingar eller Departementer. Eg seer soleides og altid dei beste Tonar til Ole Bull, og her vardt eg liksom mettad av Silken og høyrde liksom Musik og kjende Mjukleiken med Fingergomen, um Glasveggen var imillom . . . Og naar Silken var voven og i alle Fargar, so var det Fargeleik som paa Fuglehalsar sosom paa Stokk-Ænder." Han skriv i 1860: "Violinisten Laubs fine Tone var liksom af Glas, og Bulls er som Doggropen, og liksom feit, so han kan kjennast på Tunga. Det er so rart med det; det, som er fullgodt, kann liksom kjennast med kver Sans, for vaare sokallade fem Sansar er no berre ein einaste ein, naar der skal talast, som det er til."

Slike skildringar syner fin sansereaksjon på sjølve inntrykket, karakteristiske drag av synestesi, og prov for kor snøgt minnet byd fram tilsvarande inntrykk til samanlikning. Særleg interessant er likninga med fuglehalsane, som visshøvt held fast så raffinert og samansett eit sanseinntrykk som spelet mellom farge og glans i silkety. Kor gjennom-musikalsk Vinje var, gir skriftene hans elles òg mengder av prov for.

I eit stykke frå 1870 kjem mindre utvikla sansar, særleg hudsansen, i bruk. Eit såpass flytande inntrykk som det våtlege klimaet i Bergen er oppteke og halde fast som ein totalitet med same merkelege vidd i opplevinga: "Det kunde vera so mjukt og varmt der i Regnet, og dette jamvel so seinhøystes, at eg gjekk der som innsmurd med Olje, og likad meg aldri so godt i Bergen som i det fælaste Regnet. Det var so lett at anda og so livlegt, at eg mest kunde dansa der under Rgenskjermen min. Og naar det so reiv i at klaarna, so var denne vatsfulle Luft so djup og so blaa, at ho var som den unge blaaøygde Kona etter ei Barselseng." [......]


Utdraget ovanfor er frå boka "Villmann, vismann og veiviser"

En essaysamling om A. O. Vinje

Redigert av Lars Roar Langslet og Jon H. Rydne

Illustrert av Terje Grøstad

Utgitt i samarbeid med Bergens riksmålsforening

J. W. Cappelens forlag A.S. - Oslo 1994. 2.opplag

ISBN 82-02-14070-6

 

01.11.2007

Hugen          Bokhylla