Wilfrid Stinissen: Jesusbønner

Til norsk ved Liv Nordhaug

Denne vesle vakre boka, 14,5 cm x 14,5 cm og på godt og vel 50 sider, er spesiell. "Bønner" står det utanpå og ein ventar skrivne bønnetekstar som det gjerne er i ei bønnebok. Det som står i boka, og som ikkje tek mykje plass, er korte sitat frå Det nye testamente, eitt på kvar side. (Sjå eksemplet nedanfor.) Her er ingen kommentar, lesaren blir aleine med ein tekst så kort at han er meir eit tema enn ein "tekst". Dermed blir ikkje bøna "styrt"av ein "støttetekst", men dei få kjerneorda kan hjelpe ein til ei fredens stille stund, til å gi tankane høve til å lytte og kvile og sakte leite, til ein meditasjon.


Wilfrid Stinissen: Jesusbønner - Til norsk ved Liv Nordhaug

Verbum forlag 2008 - www.verbumforlag.no

ISBN 978-82-543-1109-7

 

16.04.2008

Hugen          Bokhylla