Alfred Fidjestøl: Eit halvt liv

Ein biografi om Per Sivle

 

Eit utdrag

"Sju år etter at han hadde forlate Kristiania, reiste Per Sivle åleine attende til byen. Då han drog frå byen, var han sjuk og vonlaus. No kom han attende som redaktør i ei av dei største hovudstadsavisene. Førebels fekk han bu i lag med venen og slektningen Andreas Fretheim. Etter kvart måtte han finne ein plass han kunne bu med Wenche. Enno hadde dei ikkje sett dato for bryllaupet. Så lenge dei ikkje var rette ektefolk, blei Wenche buande i Bergen.

Per Sivle kunne saktens hatt bruk for Wenche denne sommaren. Overgangen var overveldande. Per Sivle gjekk frå eit fredeleg skriveeksil mellom gode vener på den danske landsbygda til eit strevsamt avisliv i den norske hovudstaden. Han gjekk frå å vere omtykt og omsverma til å bli omstridd og hata.

Sivles redaktørtid i Kristianiaposten skulle falle saman med gjennombrotet for den profilerte og offentlege redaktørrolla. Frå 1860- og 1870-åra var var norske aviser blitt politiserte; tidlegare "upolitiske" aviser blei erklærte konservative, nye venstreliberale aviser kom til - Verdens Gang og Bergens Tidende i 1868, Dagbladet i 1869. Kven som då redigerte avisene, blei då politisk avgjerande, den offentlege, polemiske og politiske redaktøren oppstod gradvis som figur i 1870- og 80-åra. Noko paradoksalt oppstod altså den moderne uavhengige redaktørrolla, samstundes med at partipressa formelt fekk fotfeste.

Når ei stor hovudstadsavis som Kristianiaposten tilsette ny redaktør, attpåtil etter offentleg skittentøyvask og ei bråkete generalforsamling, var det difor knytt spenning og forventingar til den nye redaktøren. Stortingsmannen og sørlendingen Jørgen Løvland, som enno var såkalla nomade i partiet Venstre, altså korkje moderat eller radikal, var godt nøgd med valet av Sivle som ny redaktør. Løvland skreiv om Sivle at "[h]an er øvet og dygtig og en fuldt frisindet Mand, som vist vil give Bladet et noblere Præg". Radikalaren Garborg var like positiv. "[F]risindet, endog med socialistiske Tendenser," var Garborgs karakteristikk av Sivle ved redaktørtilsetjinga.

Det var altså forventingar til Sivle i alle leirar: Moderate venstremenn hadde tilsett han, nomaden Løvland og radikalaren Garborg var like positive. Nokon måtte bli skuffa. Alle blei det.

Det er uvisst kvifor det nye styret valde akkurat Sivle. Rett nok var det ikkje uvanleg at forfattarar dreiv vekselbruk mellom pressearbeid og skjønnlitterært arbeid. Både Wergeland, Vinje, Collett, Bjørnson, Garborg, Kielland, Lie og Skram hadde pressekarrierar. Og Sivle hadde skaffa seg eit visst namn i Presse-Noreg under redaktørtida i Buskeruds Amtstidende, han hadde synt at han meistra det praktiske handverket ved å drive og gje ut ei avis. Han kom no utanfrå, utan å ha delteke i dei opprivande debattane som hadde kløyvd partiet dei siste åra. Og han må ha vore villig til å akseptere dei ganske tvilsame tilsetjingsvilkåra, som at redaktøren skulle stå under direkte oppsyn av ein administrerande direktør. "Programmet passet mig. Ikke oftedølsk, [. . .], men heller ikke Nathue-Politik," skreiv Per til Wenche då han fekk tilbod om jobben. Han kjende seg altså heime i dette politiske mellomlandskapet.

Tilliten til nye Kristianiaposten var låg, mange var skeptiske og tvilande til den nye redaktøren. Dei andre avisene fordømde oppseiinga av Mjelde. På eit møte i Kristiania Arbeidersamfund rett etter Sivle var annonsert som ny redaktør, blei dei oppfordra til å seie opp abonnementet på Kristianiaposten og argumentert med at ein frå sikre kjelder hadde høyrd at den nye redaktøren av avisa ikkje fekk lov til å agitere for ålmenn røysterett. Styremedlem i Kristianiaposten Elias Sunde tilbakeviste ryktet, mens abonnementstala fall straks ved redaktørskiftet. Sivle trøysta seg førebels med at redaktørskiftet fall saman med eit kvartalsskifte og abonnementsfornying, og at tingartalet gjerne fall litt då."


Alfred Fidjestøl: Eit halvt liv - Ein biografi om Per Sivle

Det Norske Samlaget, Oslo, 2007 - ISBN 978-82-521-6651-4

 Ei bokmelding: http://www.aftenposten.no/kul_und/litteratur/article1927603.ece

 

29.05.2008

Hugen          Bokhylla