Den19.salmen

 Til korleiaren. Ein Davids-salme.
   
 
2 Himmelen forkynner Guds herlegdom,
        kvelven fortel kva hans hender har gjort.
   
 
3 Den eine dagen ber bod til den andre,
        ei natt gjev sin kunnskap til den neste.
   
 
4 Det er ikkje tale, det er ikkje ord,
        og inga røyst som kan høyrast.
   
 
5 Men bodskapen går over heile jorda
        og vitnemålet til heimsens ende.
        Der har han reist eit telt for sola.
   
 
6 Ho går som ein brudgom ut or sitt rom,
        glad som ein helt legg ho ut på si ferd.
   
 
7 Frå den eine himmelranda går ho ut
        og gjer sin rundgang til den andre;
        ingen ting er løynd for hennar hete.
        *
   
 
8 Herrens lov er fullkomen,
        ho gjev sjela nye krefter.
        Herrens lovbod er å lita på,
        det gjer den urøynde vis.
   
 
9 Herrens føresegner er rette,
        dei gjev glede i hjarta.
        Herrens bodord er reint,
        det får augo til å stråla.
   
10 Agen for Herren er rein,
        han varer til evig tid.
        Herrens domar er sanne,
        rettferdige er dei alle.
   
11 Dei er kostelegare enn gull,
        enn fint gull i mengd,
        og søtare enn honning
        som dryp frå vokskakene.
   
12 Ja, din tenar tek imot
        den rettleiing boda gjev;
        å halda dei gjev stor løn.
   
13 Men kven merkar kor tidt han fer vilt?
        Tilgjev meg dei synder eg ikkje veit om!
   
14 Ja, hald din tenar frå skamlege synder;
        lat dei ikkje få makt over meg!
        Då kan eg vera heil i mi ferd,
        frikjend for store misgjerningar.
   
15 Ta vel imot dei ord eg talar,
        lat mitt hjartans tankar koma fram for deg,
        Herre, mitt berg og min utløysar!



Bibelen på internett: www.bibelen.no

05.06.08

Hugen          Bokhylla